onsdag 27. juli 2022

Salme 108,8-14

     8 Gud har tala i sin heilagdom:

          Med jubel vil eg dela ut Sikem,
          Sukkot-dalen vil eg måla opp.
          
   
  9 Mitt er Gilead, mitt er Manasse,
          Efraim er hjelmen på mitt hovud,
          Juda er min styrarstav.
          
   
 10 Men Moab er mitt vaskefat,
          på Edom kastar eg sandalen.
          Eg triumferer over Filistarland.
          
   
 11 Kven fører meg til festningsbyen,
          kven leier meg til Edom?
          
   
 12 Du har jo støytt oss bort, Gud,
          du drog ikkje ut med våre hærar.
          
   
 13 Støtt oss mot fienden!
          Hjelp frå menneske er ingenting verd.
          
   
 14 I Gud skal vi gjera storverk.
          Han skal trakka ned våre fiendar.

Vers 8 er Guds respons på bøna i vers 6-7. Alle bønesvar startar med at Herren talar i sin heilagdom. Han tek ein beslutning, og denne gjer han kjent for sitt råd og for alle makter og herredømer. Ingen kan hindra at det som er bestemt av Gud skjer  

Vers 8-11 listar Gud opp geografiske områder som han vil handla med, anten til frelse eller til dom. Det er ikkje alt her som eg forstår så godt, men inn i vår samanheng som kristne i dag, vil eg tolka det slik: 
 
Nokre områder i verda blir på særleg vis gjesta av Gud. Han proklamerer dei som sine. I desse områda vil mange koma til tru. Så er det plassar som Gud har brukt tid på, men sidan folk der har stått han imot, tek han sin gunst frå dei og overgjev dei til slaveri under mørke krefter. Han flyttar "lysestaken", dvs den levande kyrkja frå desse områda, og dei blir overgjeven til ringare bruk. Det er ein dom. 

v.12 er eit djupt og smertefullt sukk frå ein Herrens tenar: "Du har stått oss imot, og ikkje drege ut med hærane våre." Å gå ut i striden utan å ha eit rett høve til Gud, er eit nederlagsprosjekt. Det gjer vondt. Skal me driva evangelisering og misjon må me alltid sørga for å leva i eit rett, oppgjort høve til Gud. Då vil han gå med oss.

v.13. Då støttar han oss mot fiendane våre, dvs han nedkjempar dei vonde åndene som vil hindra oss i å vinna menneske for Jesus. I denne saka kan ingen menneske hjelpa oss. 

v.14 Men når Gud går med oss, gjer me storverk. Då blir det resultat av det me held på med. Åndsmaktene blir trakka ned i støvet, og folk som lyttar til oss blir råka av ordets piler og mange kjem til tru. 


tirsdag 26. juli 2022

Salme 108,6-7

Vis deg høg over himmelen, Gud,
          vis din herlegdom over all jorda!
          
   
  7 Hjelp oss med di høgre hand,
          svar meg så dine kjære kan bli berga.



Vers 6 er ei misjonsbøn. David ber om at Gud skal openberra sin stordom, makt, autoritet og velde for alle folk, nasjonar, tungemål og enkeltpersonar. Gud er over himlane. Hans miskunn når til himlane, men Gud er større enn det også. Han er plassert himmelhøgt over alle andre autoritetar, alle andre makter, gudar og herredømme, både i denne verda og den som kjem. Her ber David om at alle menneske skal forstå dette med hjarta. Då vil dei gje opp all sin motstand, kapitulera overfor Gud, overgje seg til han og bli berga frå den komande vreiden. 

I vers 7 ber David om hjelp for seg og sine i ein fortvila og låst situasjon. Ingen menneske kan hjelpa, berre Gud, og David ber om at han skal rekka ut si høgre hand, den handa som kan lækja alle sjukdomar og løysa alle flokar. Den handa som kan låsa opp alle stengde dørar og verna mot alle farar, og den handa som løftar opp dei falne. 

Men i våre dagar treng me også be om at Gud rekker ut si høgre hand for å attreisa oss som ei sann Kristuskyrkje, be om at han fyller oss med Ånd og varme slik at me med glede syner truskap mot hans ord, og går på hans vegar, slik at hans kjære, dei som han elskar, menneska, kan bli berga. 

torsdag 21. juli 2022

Salme 108,1-5

 Ein song. Ein salme av David.

          
   
  2 Mitt hjarte er roleg, Gud,
          eg vil syngja og spela av heile mi sjel.
          
   
  3 Vakna, harpe og lyre!
          Eg vil vekkja morgonròden.
          
   
  4 Herre, eg vil prisa deg mellom folka,
          lovsyngja deg mellom folkeslag.
          
   
  5 For høgare enn himmelen er di miskunn,
          din truskap når til skyene.

v.2. David er roleg. Guds fred hadde innteke hjarta hans. Det var ikkje alltid slik i Davids liv, men her er det slik. Han har lagt sutene sine på Herren, og Guds fred, som går over all forstand, hadde seinka seg over han, og han syngja og spela for Gud av heila si sjel, slik som Gud sjølv fordrar av oss menneske, at me elskar han med alt me er og har. I Guds rike er det berre det som blir gjort heilhjarta som har varig verdi. 

Sangen og musikken var den måten David uttrykte seg best på, og salmane hans er blitt eit mønster for truande menneske gjennom alle tider korleis me skal prisa Gud, og ei uuttømeleg kjelde for alle kristne forkynnarar og teologar. Ja, det er Gud sjølv som uttrykkjer seg gjennom Davids salmer. Davids ord er Guds ord.  

v.3. Davids salmer ber kristen vekking i seg. David vil vekka harpa og lyra, dvs han vil komponera guddommeleg musikk til tekstane han har fått. For når Guds barn syng og spelar for Herren med ord og tonar som kjem frå Han, står Guds sol opp i hjarto til folk som høyrer oss, og dei blir frelst.

v. 4-5 Her bestemmer David seg for å lovprisa Gud offentleg, mellom folkeslaga, dvs mellom dei som ikkje kjenner Gud. Kvifor skal me prisa Herren offentleg? Jo,  for slik blir Gud enormt stor og uimotståeleg for våre medmenneske. Me gjer det for at dei skal bli overvelda og overmanna av Guds eksistens, stordom og miskunn, den som er høgare enn himmelen, og for at dei skal begynna å stola på han, for han er ein trufast Gud, og truskapen hans rekk til skyene, som er meir enn høgt nok for dei fleste av oss jordbuarar. 

Skal me seia noko viktig om Gud, så er det at han er miskunnsam og trufast. Han tilgjev av hjarta alle som ber om frelse frå synd og skuld og straff, og som vil tru på Jesus Kristus. Gud lurer ingen i slik ei stor sak, og ikkje i andre mindre saker heller. Han er trufast, og held alt han har lova oss så lenge me lever innafor dei ramene han har sett for oss. Går me utanfor ramene, dvs Herrens bod og gylne sanningar, er det den strenge lova som gjeld for oss. Det er nok slik at me må anerkjenna og innretta oss etter Guds lover for å kunna nyta hans miskunn og truskap. Det er mange kristne i vår tid som ikkje vil regulera liva sine etter Guds gode lover, og som likevel seier at dei reknar med Guds miskunn. Dei lurer seg sjølv. Skal dei få det rett med Gud, må dei venda om, sanna syndene sine, tru på Jesu nåde og innretta liva sine etter Guds bod. Heile Bibelen stadfester dette. 





søndag 17. juli 2022

Salme 107,39-43

 Sidan vart dei få,

          dei vart tyngde ned
          av undertrykking, ulukke og sorg.
          
   
 40 Han auste forakt over stormenn
          og førte dei vill i veglause øyda,
          
   
 41 men lyfte dei fattige opp av nauda
          og gjorde deira slekter talrike som ein saueflokk.
          
   
 42 Dei rettvise ser det og gleder seg,
          all urett må lata att sin munn.
          
   
 43 Den som er vis, skal ta vare på dette
          og merka seg Herrens miskunn.

Vers 39: Dei vart få, underforstått som ei følgje av deira synd, dei tapte Guds velsigning på vegen. Guds velsigning fører til vekst. "Gud velsigna dei og sa: Bli mange!" 1.Mosebok 1,28.
Fordi dei var få, vart dei også svake, og var lette å undertrykka av utanforståande makter. Det gav folket store sorger. 

v.40-41 Uansvarlege stormenn som utnyttar stillinga si til å berika seg sjølv og sine, er ikkje noko nytt. Dei har alltid vore aktørar på historias arena. Men Herren foraktar dei. Han gav dei makt for at dei skulle tena vanlege folk og sørga for fattige, enkjer, farlause, flyktningar og innvandrarar.  Men dei enda opp som sjølvsentrerte despotar. Bibelen lærer oss at Gud straffar slike leiarar ved å føra dei på villspor. Dei taper leiarskapen sin, og hamnar i eit "veglaust og aude" landskap, der dei ikkje finn attende til makta att. Då reiser Herren opp nye leiarar som vil lytta til han og ta hans ord om sosial rettferd på alvor. Dei opplever at Herren velsignar dei og gjer dei fruktbare og talrike, jmf 1.Mos 1,28. 

v.42. Det fører til glede i den rettferdige leiren når alle urettferdige må lata att munnen, dei som vanlegvis er så frekke i sin tale. Dei urettferdige er ikkje farlege så lenge dei veit at det dei står for er feil, men når dei trur dei har rett, då er dei farlege. Avsnittet minnar meg om Romarbrevet 3,19 der me les at Gud gav oss lova for at kvar munn skal tagna og heile verda stå skuldig innfor Gud. 

v.43. Den som merkar seg at Gud handlar med leiarar på denne måten, og innrettar livet sitt etter det, er eit klokt menneske. For det ER klokt å alltid stilla seg slik at ein har Gud med på laget.