Vis deg høg over himmelen, Gud,
vis din herlegdom over all jorda!
7 Hjelp oss med di høgre hand,
svar meg så dine kjære kan bli berga.
Vers 6 er ei misjonsbøn. David ber om at Gud skal openberra sin stordom, makt, autoritet og velde for alle folk, nasjonar, tungemål og enkeltpersonar. Gud er over himlane. Hans miskunn når til himlane, men Gud er større enn det også. Han er plassert himmelhøgt over alle andre autoritetar, alle andre makter, gudar og herredømme, både i denne verda og den som kjem. Her ber David om at alle menneske skal forstå dette med hjarta. Då vil dei gje opp all sin motstand, kapitulera overfor Gud, overgje seg til han og bli berga frå den komande vreiden.
I vers 7 ber David om hjelp for seg og sine i ein fortvila og låst situasjon. Ingen menneske kan hjelpa, berre Gud, og David ber om at han skal rekka ut si høgre hand, den handa som kan lækja alle sjukdomar og løysa alle flokar. Den handa som kan låsa opp alle stengde dørar og verna mot alle farar, og den handa som løftar opp dei falne.
Men i våre dagar treng me også be om at Gud rekker ut si høgre hand for å attreisa oss som ei sann Kristuskyrkje, be om at han fyller oss med Ånd og varme slik at me med glede syner truskap mot hans ord, og går på hans vegar, slik at hans kjære, dei som han elskar, menneska, kan bli berga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar