Ein song. Ein salme av David.
2 Mitt hjarte er roleg, Gud,
eg vil syngja og spela av heile mi sjel.
3 Vakna, harpe og lyre!
Eg vil vekkja morgonròden.
4 Herre, eg vil prisa deg mellom folka,
lovsyngja deg mellom folkeslag.
5 For høgare enn himmelen er di miskunn,
din truskap når til skyene.
v.2. David er roleg. Guds fred hadde innteke hjarta hans. Det var ikkje alltid slik i Davids liv, men her er det slik. Han har lagt sutene sine på Herren, og Guds fred, som går over all forstand, hadde seinka seg over han, og han syngja og spela for Gud av heila si sjel, slik som Gud sjølv fordrar av oss menneske, at me elskar han med alt me er og har. I Guds rike er det berre det som blir gjort heilhjarta som har varig verdi.
Sangen og musikken var den måten David uttrykte seg best på, og salmane hans er blitt eit mønster for truande menneske gjennom alle tider korleis me skal prisa Gud, og ei uuttømeleg kjelde for alle kristne forkynnarar og teologar. Ja, det er Gud sjølv som uttrykkjer seg gjennom Davids salmer. Davids ord er Guds ord.
v.3. Davids salmer ber kristen vekking i seg. David vil vekka harpa og lyra, dvs han vil komponera guddommeleg musikk til tekstane han har fått. For når Guds barn syng og spelar for Herren med ord og tonar som kjem frå Han, står Guds sol opp i hjarto til folk som høyrer oss, og dei blir frelst.
v. 4-5 Her bestemmer David seg for å lovprisa Gud offentleg, mellom folkeslaga, dvs mellom dei som ikkje kjenner Gud. Kvifor skal me prisa Herren offentleg? Jo, for slik blir Gud enormt stor og uimotståeleg for våre medmenneske. Me gjer det for at dei skal bli overvelda og overmanna av Guds eksistens, stordom og miskunn, den som er høgare enn himmelen, og for at dei skal begynna å stola på han, for han er ein trufast Gud, og truskapen hans rekk til skyene, som er meir enn høgt nok for dei fleste av oss jordbuarar.
Skal me seia noko viktig om Gud, så er det at han er miskunnsam og trufast. Han tilgjev av hjarta alle som ber om frelse frå synd og skuld og straff, og som vil tru på Jesus Kristus. Gud lurer ingen i slik ei stor sak, og ikkje i andre mindre saker heller. Han er trufast, og held alt han har lova oss så lenge me lever innafor dei ramene han har sett for oss. Går me utanfor ramene, dvs Herrens bod og gylne sanningar, er det den strenge lova som gjeld for oss. Det er nok slik at me må anerkjenna og innretta oss etter Guds lover for å kunna nyta hans miskunn og truskap. Det er mange kristne i vår tid som ikkje vil regulera liva sine etter Guds gode lover, og som likevel seier at dei reknar med Guds miskunn. Dei lurer seg sjølv. Skal dei få det rett med Gud, må dei venda om, sanna syndene sine, tru på Jesu nåde og innretta liva sine etter Guds bod. Heile Bibelen stadfester dette.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar