lørdag 27. januar 2018

Salme 60,1-4

Denne salma er skriven medan Israel var i krig, eller like etterpå. Landet måtte slost på to frontar, i nord og i aust, høvevis mot aramearane (syrarane) og edomittane, og hadde vore sterkt pressa.

v.3. David ser på krigen som eit uttrykk for Guds harme.  Det er GUD som har støytt Israel bort og knust dei. Bakgrunnen for denne harmen er ikkje nemnd. Men Guds harme vekkest alltid som ein følgje av våre synder. Dette perspektivet er omtrent heilt fråverande i all kristen forkynning i vår tid, der alt som gjer vondt kjem frå djevelen, og ikkje frå Gud, som berre er god og difor ikkje kan påføra smerte.
Men Bibelen ser annleis på dette. Gud er sitt folks Far. Han er ein oppsedar. Sjølv om me lever i hans tilgjeving og nåde, blir han sint når me skadar andre menneske eller på nokon måte blir så høge på oss sjølve at heva oss over hans gode ord. Då må han ta grep og setja oss grundig på plass. Hans harme blir eit uttrykk for hans djupaste omsorg. Det som gjer vondt, er godt. Difor gjev det meining for David og be Gud om oppreising. Den Gud som har lagt dei i bakken, er den Gud som kan reisa dei opp att.

v.4. Gud hadde påført landet og folket eit nasjonalt jordskjelv som kunne føra til undergang. Landet vakla, og David ber her inderleg til Gud om lækjedom for land og folk. Mange land i dag står i fare for å kollapsa og kunne trenga leiarar som bad slik som David. Eg tenkjer på Venezuela, Syria, Irak, Ukraina, Afghanistan, Somalia og Sør-Sudan, og det hadde vore spennande å sjå kva som kunne skje dersom verdas leiarar gjekk ned på kne for Gud, vende om frå syndene sine  og bad til Gud, ikkje berre for seg sjølv, men spesielt for alle dei nasjonane som er i ferd med å rakna.  Då ville nok mangt blitt lækt.
Men også mange kyrkjelydar i verda kan be slik. "Herre, vår Gud! Reis oss opp og læk oss!"  Ja, Guds kyrkje generelt treng å bli oppreist både åndeleg, teologisk og moralsk, ikkje minst kyrkja i Noreg. Me vaklar, ja me har ramla og ligg nede med djupe sår. Og me ber: "Gud, DU må reisa oss opp og lækja oss. Me har synda mot DEG. Me har vike av frå DIN veg og frå ordet ditt, og du har støytt oss bort og knust oss. Herre, omvend oss, reis oss opp att og læk oss, i Jesu namn og for hans skuld. Amen!"




fredag 26. januar 2018

Salme 59

Denne salma er skriven medan David var i livsfare. Det er ei fiendesalme.

v.2-3. David ber om frelse frå fiendane sine.

v.4-5. Han bedyrar at han er utan skuld, at han er utsett for skuldlaus liding og at kong Saul, som jo hadde i oppgåve å verna innbyggjarane i landet, er blitt hans fiende, ein sm som utøver grov urett mot han. Davids vern (Saul), er blitt hans forfølgjar, og Gud hans einaste tilflukt. Men David er livredd, og han ropar til Gud om at han må vakna.
Det er ei god bøn og be for oss som står i Guds rikes strid i det daglege, og særleg for alle som er utsette for forfølging og urett liding: "Vakna, kom til oss og sjå." Dette er tre kraftfulle bøner i èin kort setning. Blir denne positivt besvart, fører det til vekking. Me, og heile samfunnet kjem i endring.

I vers 6 proklamerer David at Herren Sebaot (Herren allhærs Gud) er Israels Gud, og han ber Gud om å vakna og føra rekneskap med alle folk, og særleg med dei som fer med urett og svik. Det er ingen grunn for oss som lever i dag å ikkje be slik. Verda er full av urett og svik som fører det til stor øydelegging.

vers 7-8 skildrar fiendane som predatorar som stadig kjem attende for å jakta på byttet sitt. Ja, slik er menneska når dei har bestemt seg for å få has på nokon. Dei er nådelause.

I vers 9 minnar David seg sjølv om at Gud har full kontroll, at dei som trugar Davids liv berre er ein vits for Gud. Han ler av dei. Dette motivet kjenner me også att frå Salme 2.

v.10-11. David sannar at Gud er hans styrke og vern som vil møta han med miskunn, og løfta han opp slik at han kan sjå ned på fiendane sine, langt utanfor deira rekkevidde.

I vers 12 ber han om at fiendane ikkje må bli drepne, det er ein for lett dom. Han vil at dei skal bli plaga over tid. Her finn me eit tydeleg hemnmotiv hos David. Han synest fiendane fortener tyngre dom enn døden. Me kan naturlegvis tenkja vårt om det, men me skal ikkje gløyma at Jesus lærer oss at den domen som til slutt råkar ubotferdige syndarar er evig. Den tek aldri slutt.

v.13: Hovmotet er det me kan kalla menneske si grunnsynd. Det er å hevda meiningar og tankar som er i strid med Bibelens ord. Dei hovmodige hevar seg over Gud og Bibelen, og tek på seg å døma han som ein dag skal døma dei. Hovmotet kjem alltid ut gjennom munnen. Ein talar ord mot Gud.

Så ber han i vers 14 om at Gud skal gjera ende på dei hovmodige, og gjera det klårt for alle at det er HAN som rår i Israel og over alle folk i heile verda. Gud er den eigentlege kongen. Den finst ingen annan, og kvar konge, regjering og parlament i verda  styrer på hans vegne, og står ansvarleg innfor han for alle sine val og prioriteringar.

v.15-16 gjentek rovdyrmotivet.

Salma vert avslutta med to vers der David uttrykkjer djup tiltru til til Gud, og at han midt i problema sine vil lovsyngja han. Kvar morgon vil han jubla over Guds miskunn, for han veit at hos Gud er han trygg uansett kva vilkår han elles lever under.