lørdag 27. januar 2018

Salme 60,1-4

Denne salma er skriven medan Israel var i krig, eller like etterpå. Landet måtte slost på to frontar, i nord og i aust, høvevis mot aramearane (syrarane) og edomittane, og hadde vore sterkt pressa.

v.3. David ser på krigen som eit uttrykk for Guds harme.  Det er GUD som har støytt Israel bort og knust dei. Bakgrunnen for denne harmen er ikkje nemnd. Men Guds harme vekkest alltid som ein følgje av våre synder. Dette perspektivet er omtrent heilt fråverande i all kristen forkynning i vår tid, der alt som gjer vondt kjem frå djevelen, og ikkje frå Gud, som berre er god og difor ikkje kan påføra smerte.
Men Bibelen ser annleis på dette. Gud er sitt folks Far. Han er ein oppsedar. Sjølv om me lever i hans tilgjeving og nåde, blir han sint når me skadar andre menneske eller på nokon måte blir så høge på oss sjølve at heva oss over hans gode ord. Då må han ta grep og setja oss grundig på plass. Hans harme blir eit uttrykk for hans djupaste omsorg. Det som gjer vondt, er godt. Difor gjev det meining for David og be Gud om oppreising. Den Gud som har lagt dei i bakken, er den Gud som kan reisa dei opp att.

v.4. Gud hadde påført landet og folket eit nasjonalt jordskjelv som kunne føra til undergang. Landet vakla, og David ber her inderleg til Gud om lækjedom for land og folk. Mange land i dag står i fare for å kollapsa og kunne trenga leiarar som bad slik som David. Eg tenkjer på Venezuela, Syria, Irak, Ukraina, Afghanistan, Somalia og Sør-Sudan, og det hadde vore spennande å sjå kva som kunne skje dersom verdas leiarar gjekk ned på kne for Gud, vende om frå syndene sine  og bad til Gud, ikkje berre for seg sjølv, men spesielt for alle dei nasjonane som er i ferd med å rakna.  Då ville nok mangt blitt lækt.
Men også mange kyrkjelydar i verda kan be slik. "Herre, vår Gud! Reis oss opp og læk oss!"  Ja, Guds kyrkje generelt treng å bli oppreist både åndeleg, teologisk og moralsk, ikkje minst kyrkja i Noreg. Me vaklar, ja me har ramla og ligg nede med djupe sår. Og me ber: "Gud, DU må reisa oss opp og lækja oss. Me har synda mot DEG. Me har vike av frå DIN veg og frå ordet ditt, og du har støytt oss bort og knust oss. Herre, omvend oss, reis oss opp att og læk oss, i Jesu namn og for hans skuld. Amen!"




Ingen kommentarer: