mandag 7. juni 2010

Salme 11,5-7

v.5: Herren prøver dei rettferdige med den hensikt å avdekka veikskapar, ikkje for å bedrøva eller fordømma, men for å reparera og styrka. I Jakob 1,3 les me t.d. at prøving av trua verkar tolmod.

Gud hatar den vonde og den som elskar vald. "Hat" betyr her" aktiv motstand." Verda er full av brutal og unemneleg vald. Men den som utøver dette, har Gud som sin motstandar.

v.6 skildrar den smertefulle domen Gud vil fella over desse gudlause menneska, og tankane går til Sodoma og Gomorra i 1.Mosebok 19, byane som gjekk til grunne i eld og svovel pga valdsprega seksuell perversitet.

v.7 fortel oss så at Herren er rettferdig, og at han elskar rettferd. Rettferd er alt som samsvarar med hans kjærlege vesen.

"Ærlegdom" motsvarar her "rettferd". Den ærlege er eit menneske som er blitt innteken av Gud og som lever i ope samfunn med Han, ein som sannar syndene sine og lever i Guds nådige tilgjeving. Slike folk har fritt utsyn til Gud, dei ser hans åsyn.

Uærlege menneske kan ikkje sjå Gud. Løgn fjernar folk så langt frå Gud at dei til sist ikkje trur at han finst. Dei som søkjer sanninga, vil alltid finna Gud.