onsdag 25. september 2013

Salme 36,11-13

  11 Lat di miskunn vara for dei som kjenner deg,
          di rettferd for dei ærlege av hjartet.
         
   
12 Lat ikkje foten til den stolte trø meg ned!
          Handa til den lovlause skal ikkje jaga meg bort.
         
   
13 Der ligg dei, dei som gjer urett.
          Dei er støytte ned og kan ikkje reisa seg.


Vers 11: Å kjenna Gud er det evige livet (Joh 17,3). Det er kjerna i det å vera eit kristent menneske. Ingen kan kjenna Gud utan at Gud gjer seg kjent for vedkommande. Dersom ikkje Gud stadig tek seg av oss og viser seg for oss, misser me kontakten med han Dette er ei bøn om at Gud skal bevara oss i trua slik at me kvar dag kan nyta hans nåde. Vilkåret for at han handlar slik me oss er at me er ærlege menneske. Dersom me skjuler oss for han, blir uærlege, vil han skjula seg for oss. 

Vers 12 er ei naturleg bøn for alle som vert forfølgde for trua si. Mange vert trødde ned og jaga bort frå hus og heim fordi dei trur på Jesus og samlar folk om Ordet, bøna og nattverden. "Den lovlause" er den som ikkje godkjenner Guds lov slik ho er gjeven oss gjennom Bibelen, som gyldig for livet sitt, og som slost mot at Guds lov skal lyda og ha innflyting på folks liv.

Vers 13: Dei "stolte" er dei som går mot Gud. Det er dårskap. Han dømmer dei og støyter dei ned. Den evige fortapinga ventar alle som ikkje vil audmjuka seg og bøya seg for Gud og hans ord. Då kan dei ikkje meir reisa seg meir.

mandag 23. september 2013

Salme 36,6-10

6 Herre, til himmelen når di miskunn,
til skyene rekk din truskap.

7 Di rettferd er som mektige fjell,
som det store havdjup er dine dommar.
Herre, du bergar både menneske og dyr.

8 Kor verdfull din kjærleik er, Gud!
I skuggen av dine venger søkjer menneskeborna ly.

9 Dei får nyta overfloda i ditt hus,
du lèt dei drikka av gledebekken din.

10 For hos deg er livsens kjelde,
i ditt lys ser vi lys.


Dette avsnittet er ein mektig proklamasjon av kven og korleis Gud er, ein lovsong som ligg klar til bruk for oss alle. Eg tilrår deg å læra desse versa utanåt og brukar dei i bønelivet ditt.

Vers 6 slår fast at Herrens miskunn nåt til himmelen og at hans truskap når til skyene. Det betyr at du heile tida er totalt dekka av Guds miskunn og truskap. Det er elementet du lever i.

Vers 7: Guds rettferd er eit uttrykk for Guds gode og lover, og hans vilje til å tilgje dei som har brote dei og som innrømmer skulda si. Lovene er, som dei mektige fjella, uforanderlege og hans frelsesvilje uslitelege. Eit norsk uttrykk for dette er: Guds rettferd står til Dovre fell, og Dovrefjell kan ikkje falla.
Guds domar er eit uttrykk for hans gjerningar, hans styresett i verda. Dei er djupe som det djupaste havet, uforståelege for oss menneske. Men det me skal forstå, det deler han med oss, og det handlar om hans store frelsesvilje. Han bergar menneske og dyr. Dyra er heilt nødvendige for liva våre, og Guds omsorg for dei, er eit uttrykk for hans omsorg for oss.

Vers 8: Guds kjærleik er den største av alle verdiar i menneskelivet. Den som har Guds kjærleik er eit rikt menneske. Den som står utanfor Guds personlege kjærleik, er uendeleg fattig. 
Siste delen av verset handlar om retten til å leva i Guds umiddelbare nærleik, i skuggen av vengjene hans. Du snakkar om privelegium. Jesus snakkar om å samla oss slik som høna samlar kyllingane sine under vengjene sine.  Men det må me vilja. Står me Gud nært, er me trygge. Lever me langt borte frå han, er me sårbare for synd og sorg.

Vers 9: Den som lukkar Guds kjærleik inn i livet, blir sjølv lukka inn i Guds heim og får nyta overfloda der. Når eit menneske erfarer å få bada i Guds kjærleik kjem den store gleda. Denne gleda er i Gud og hos Gud og kjem over oss så lenge me held oss til Gud og hans godleik. Gleda er grunnstemninga i truslivet. Engelen på Betlehemsmarkene sa til gjetarane: "Sjå, eg forkynner dykk ei stor glede..." Jesus Kristus, den oppstadne frelsaren, er vår store glede.

Vers 10: I Gud er livsens kjelde. Det er i samfunnet med Han me får evig liv, men det er også han som gjer liva våre verd å leva. Slik opplevest det for alle som har oppdaga Gud, uansett om liva deira har vore kjempegode før dei kom til tru også. Det lyset menneska ser hos Gud er så annleis og så mykje vakrare enn alt anna lys dei har sett, at dei må sanna med David: Det er i ditt lys eg ser lys. Dvs. det er i lyset frå Guds kjærleik eg oppdagar sanninga om livet, verda, meg sjølv, min neste osv. Det er som eit sceneteppe som går opp, og bak dette teppet opnar det seg ei verd som var totalt ukjent for eit menneske før. Det opnar heile tilværet. Gud kallar det for openberring, som rett og slett betyr avdekking.



lørdag 7. september 2013

Salme 36,1-5

Til korleiaren. Av Herrens tenar. Av David.
         
   
 2 Synda talar til den lovlause
          djupt i hans hjarte.
          Redsle for Gud har han ikkje for auge.
         
   
 3 Han ser det som smiger
          at ein oppdagar hans skuld
          og legg han for hat.
         
   
 4 Kvart ord frå hans munn er urett og svik.
          Han er ikkje forstandig meir og gjer ikkje det gode.
         
   
 5 Han legg vonde planar på leiet.
          Han vel ein veg som ikkje er god.
          Han viser ikkje frå seg det vonde.


v.2: "Den lovlause" er den som ikkje anerkjenner Guds overherredøme i livet sitt,  og dermed heller ikkje autoriteten i Guds ord. Han er sin eigen gud, og difor blir han utan vern mot det vonde og eit lett offer for djevelen når denne gjev han syndige idear. 

v.3: Synd og vondskap har ein tendens til å veksa ut over sine proporsjonar i eit menneskeliv, og ein endar opp med å vera stolt over det i livet som er heilt galt etter Guds ord. Ein vert utan skam. 

v.4 og 5: Til slutt endar denne personen opp med å leggja vonde planar. Då er opprøret mot Gud blitt gjennomtenkt og det vonde ein gjer er resultat av eit aktivt val, og ikkje av freisting og fall. Det som Gud kallar vondt, kallar denne godt og vise versa. Det er dette som er  den "lovløysa" som Jesus snakkar om i Matteus 24,12, som gjer at kjærleiken mellom folk kolnar. Ulydnad mot Guds ord er vatn på Guds eld.