onsdag 25. september 2013

Salme 36,11-13

  11 Lat di miskunn vara for dei som kjenner deg,
          di rettferd for dei ærlege av hjartet.
         
   
12 Lat ikkje foten til den stolte trø meg ned!
          Handa til den lovlause skal ikkje jaga meg bort.
         
   
13 Der ligg dei, dei som gjer urett.
          Dei er støytte ned og kan ikkje reisa seg.


Vers 11: Å kjenna Gud er det evige livet (Joh 17,3). Det er kjerna i det å vera eit kristent menneske. Ingen kan kjenna Gud utan at Gud gjer seg kjent for vedkommande. Dersom ikkje Gud stadig tek seg av oss og viser seg for oss, misser me kontakten med han Dette er ei bøn om at Gud skal bevara oss i trua slik at me kvar dag kan nyta hans nåde. Vilkåret for at han handlar slik me oss er at me er ærlege menneske. Dersom me skjuler oss for han, blir uærlege, vil han skjula seg for oss. 

Vers 12 er ei naturleg bøn for alle som vert forfølgde for trua si. Mange vert trødde ned og jaga bort frå hus og heim fordi dei trur på Jesus og samlar folk om Ordet, bøna og nattverden. "Den lovlause" er den som ikkje godkjenner Guds lov slik ho er gjeven oss gjennom Bibelen, som gyldig for livet sitt, og som slost mot at Guds lov skal lyda og ha innflyting på folks liv.

Vers 13: Dei "stolte" er dei som går mot Gud. Det er dårskap. Han dømmer dei og støyter dei ned. Den evige fortapinga ventar alle som ikkje vil audmjuka seg og bøya seg for Gud og hans ord. Då kan dei ikkje meir reisa seg meir.

Ingen kommentarer: