א Bli ikkje sint på valdsmenn,
misunn ikkje dei som gjer urett!
2 Som graset visnar dei fort,
som grøne groen tørkar dei ut.
3 ב Set di lit til Herren og gjer det gode.
Bu i landet og ta vare på truskap!
4 Ha di lyst og glede i Herren,
så gjev han deg alt ditt hjarte bed om!
5 ג Legg din veg i Herrens hand!
Set di lit til han, så grip han inn.
6 Han lèt di rettferd stiga opp som lyset,
din rett som høglys dag.
Salme 37 er ei visdomssalme. Ho er atrostisk.
v.1-2 Det er lett å bli sint på valdsmenn og misunna folk som vert rike på urett. Men det er ingen grunn til det. Dei har kutta av sambandet til Gud, han som er livskjelda, og difor vil dei visna og forkoma.
Vers 3 er omsett noko ulikt. Første linje er grei. Det summerer opp kva det vil seia å vera "kristen": Det er å stola på Herren og gjera godt mot andre.
Linje nr 2 er ulik. King James seier: Bu i landet og nær deg sjølv på Guds truskap. Lutherbibelen (tysk) seier: Bu i landet og nær deg sjølv på ærleg vis.
Den siste versjonen står som ei motsetning til det å næra seg på urett vis (vers 1), og difor landar eg på den forståinga her.
Vers 4 er ein juvel. Når me gleder oss i Gud, får me det som hjarta vårt ønskjer. Dette er godt nytt for alle som ber. Når me finn fram til Guds glede, opnar det for Guds gåver inn i liva våre. Gud elskar å velsigna dei glade. Dette verset blir slik sett ein sterk medisin mot det religiøse gravalvoret.
Vers 5 er blitt kalla "den kristnes normaltemperatur". Det handlar om tillitsfullt å overgje seg med hud og hår til Gud, stola på hans makt og omsorg. Då vil me erfara at han grip inn, "gjer vel" (Luther) mot oss og "fører ting gjennom" (king James).
Vers 6: Rettferd betyr både hjelp og redning. Bodskapen er: Når Gud grip inn, får me den hjelp me treng. Like sikkert som dagslyset kjem etter natta, kjem Guds hjelp til den som gleder seg i Gud og stolar på han.
Ser me verset i lys av NT, kan me sjå på verset som a) ei skildring av Jesu oppstode. Då Jesus sto opp, steig vår rettferd (vår frelse) opp som ljoset, og evangeliet om han er sola i våre liv, ho skin kontinuerleg som veg høgljos dag.
Verset kan også anvendast om ein kristnes personlege erfaring. Mange strevar lenge med å få til kristenlivet sitt utan å lukkast. Men når ein "ser" betydninga av Jesus, hans død og oppstode, blir det soloppgang i hjarta. Ein kjenner seg så utruleg elska, og ein får ein heilt ny innsikt i kva det vil seia å vera rettferdiggjort av nåde utan å ha fortent det eller gjort seg verdig til det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar