onsdag 23. oktober 2013

Salme 38,2-9

2 Herre, refs meg ikkje i din vreide,
          straff meg ikkje i din harme!
         
   
 3 For dine piler har råka meg,
          di hand kviler tungt på meg.
         
   
 4 I kroppen er ingenting uskadd,
          for du er harm,
          ikkje eit bein er heilt,
          for eg har synda.
         
   
 5 Skulda veks meg over hovudet
          lik ei bør som er altfor tung.
         
   
 6 Eg har sår som luktar og renn av verk
          på grunn av min dårskap.
         
   
 7 Eg er kroket og nedbøygd,
          eg går og sørgjer dagen lang.
         
   
 8 Hoftene brenn av smerte,
          ingenting er friskt i mitt kjøt.
         
   
 9 Eg er kraftlaus og knust;
          eg skrik ut mitt hjartes klage.


 Dette er ei individuell klage og botssalme. David kjenner Guds vreide i sjela fordi han har synda. Dette er eit tema som er ukjent for mange kristne i dag. Men i dei gamle vekkingane snakka dei mykje om dette. Guds overlys var så sterkt at dei kunne merka Guds sterke dom og mishag over dei syndene dei hadde gjort, det svei skikkeleg i samvitet, og redsla for den evige fortapinga rysta dei, og ikkje sjeldan lurte dei fælt på om det var noko håp for dei, om dei i det heile kunne bli frelst. 

I tillegg til den sjelelege kampen, er David slått av sjukdom. Her er det snakk om sår som luktar og som det renn av, skadar han har pådrege seg pga sin dårskap, utan at han utdjupar det noko meir. Det er som tornen i Paulus`kjøt. Den fysiske lidinga forsterkar den sjelelege. Han er kraftlaus og knust, og kjenner seg perforert av Guds piler (v.3), og dei er truleg mange.

Kva gjer han med alt dette? Han skrik ut klaga si til Gud, og ber om å sleppa straff og refs. I desse versa er denne bøna i vers 2 det einaste lyset.

Eg meiner meg å sjå Kristus i hans liding her. Han bad også Far om å få sleppa unna domen då han låg og sveitta blod i Getsemane. Men vart ikkje bønhøyrd på det. I staden måtte han bera ei skuld som gjekk over hovudet på han. Ingenting var heilt på kroppen hans, det rann av såra hans og han vart perforert av 4 spikrar og eitt spyd. Kraftlaus og knust ropte han på krossen ut klagemålet sitt, og sjølv om han ikkje leid for synd han sjølv hadde gjort, hadde han gjort våre til sine, og den vreiden og domen som skulle råka oss, råka han. 

Salmenes bok er ei profetisk bok. Her finn me mange spor av Jesus Kristus.




Ingen kommentarer: