mandag 27. mars 2023

Salme 119,72

 72 Lova frå din munn er betre for meg

          enn mengder av gull og sølv.

Ingenting i vår verd er så nedvurdert som Guds lover. For sanninga er at desse lovene er det mest verdfulle me har. For dersom alle respekterer Guds lover og lever etter dei, vil det aldri mangla gull eller sølv. Tenk berre på dette: Det mest økonomisk utarmande for ein nasjon er korrupsjon, og tenk på at dette er å finna meir eller mindre i nesten alle verdas land. Då forstår du kva eg meiner. Korrupsjon handlar jo om steling og lyging, som er brot på Guds lover,  og frukta av omfattande korrupsjon er at ingen lenger stolar på kvarandre, og kva skjer då? Jo, når innbyggjarane  tenkjer seg at det dei betalar inn til det offentlege hamnar på feil plass, i feil lommer,  resulterer det at dei prøver å lura seg unna så godt dei kan. Den eine synda avlar den andre, folk blir fiendtleg innstilte til kvarandre, og det er både kontraproduktivt og livstrugande. Kor mange mord er ikkje blitt gjennomført pga hat mot folk som har berika seg på andre sin bekostning? Kor mange revolusjonar har ikkje dette skapt? Kor mykje blod har ikkje flote i gatene i verdas hovudstadar? Det blir lite sølv og gull av at alle prøver å grava til seg det sølvet og gullet som allereide er der. Hadde folk forstått at den heilage evige Gud ein dag skal halda dei ansvarlege for uærlegdom, grådighet, utruskap og svik, så ville dei nok tenkte seg grundig om før dei begav seg ut på dette her. Gudsfrykt med nøgdsemd er ein veg til vinning, skriv Paulus. 

Judas Iskariot var korrupt. Han sveik Jesus for 30 sølvpengar. Men det starta ikkje der. Han var Jesu kasserar, og hadde i lenger tid forsynt seg av felleskassen. Det enda med fråfall i hjarta og ein forferdeleg pertsonleg tragedie. "Trongen etter pengar er ei rot til alt vondt," skriv Paulus til Timoteus. Denne trongen har ført mange bort frå trua. Trongen etter materiell rikdom er kristne menneskes farlegaste fiende. Det må eg få sagt. 

Guds lover er gode og byggjande både for den enkelte og samfunnet. At me ikkje klarar å oppfylla dei av eit heilt hjarta, har me inndekning for hos Jesus, så det brukar me ikkje mykje energi på. Men skal me bli ståande i Gud, må me anerkjenna lovene hans som gyldige og oppfylla dei på det ytre planet i kvardagen. Slik konserverer me trua og gudsforholdet, og me blir gagnlege menneske i heim og samfunn, som i gamle dagar var målet for undervisninga i grunnskulen. For då skulle elevane ha ei kristen og moralsk oppseding. Det var gode tider for norske ungdommar. 

fredag 17. mars 2023

Salme 119,69-71

 69 Dei frekke svertar meg med løgn,

          eg tek vare på dine påbod av heile mitt hjarte.
          
   
 70 Deira hjarte er sløvt av feitt,
          men eg frydar meg over di lov.
          
   
 71 Det var godt for meg å bli audmjuka
          så eg kunne læra dine forskrifter.

Dei frekke spreidde løgner om salmisten fordi han tok vare på Herrens påbod av heile sitt hjarta. Dei likte ikkje at han hevda at Guds lover er universelle, ei heller at han levde så heilhjarta etter dei. Det var om å gjera for motstandarane å sveikka hans innflyting på andre menneske ved å sverta og diskreditera han, om enn med løgn. Det var eit triks då. Det er eit triks i dag. 
v.70. Dei som gjorde dette mot salmisten var velfødde, mette og trygge menneske som  var blitt åndeleg og moralsk dopa av medgang, velstand og massiv sosial støtte. Dei hadde fleirtalet med seg. Dei følgde straumen. Det er eit enkelt liv. Men dei kunne ikkje gleda seg over noko anna enn det denne verda hadde å by på. Men salmisten fryda seg over Herrens lov. Han hadde sett at Guds lover er livsens lover, og dessutan må han ha levd med evigheten som perspektiv. Han visste at Guds lover er lover, og at det ein dag skal fellast ein dom. Dei som er åndeleg og moralsk vakne veit det. 
v.71. Salmisten var blitt audmjuka. Han hadde hatt store tankar om seg sjølv, men hadde innsett at dei var løgnaktige. Det ser ut til å vera ein regel at før Gud kan gje eit menneske nåde, må han audmjuka vedkomande for å gjera han mottakeleg for denne nåden. Han syner oss at me slett ikkje er autonome, kloke, sjølvstendige, sterke, gode og frie menneske, som me likar å tru om oss sjølve,  men at me er bundne til vår eigen egoisme, til eit hav av uærlegdom, og til ting og personar, alt saman faktorar som i stor grad styrer oss, og fører oss bort frå Gud og det gode, sanne og rette. Kven skal me lytta til i denne straumen av tankar, meiningar og inntrykk som møter oss kvar einaste dag i ei verd prega  av ein straum av sterke inntrykk, tankar og meiningar som kjem mot oss gjennom TV, aviser og sosiale medier? Kva og kven skal me låna øyra til? Me må lytta til Bibelen, for der talar Gud, og det finn me sanninga, der blir me bli rett orientert, der møter me Gud i all hans majestet og godleik, der får me sunn sjølvinnsikt, og me opplever å bli benåda og elska av nettopp Gud, han som er den rett Far for oss alle. 

mandag 13. mars 2023

Salme 119,66-68

  66 Gjev meg kunnskap og godt vit,

          eg stolar på dine bod!
          
   
 67 Før eg vart audmjuka, var eg på villspor,
          no held eg det du har sagt.
          
   
 68 Du er god, og det du gjer, er godt.
          Lær meg dine forskrifter!

Gode Gud og Far! Takk for ditt ord som har kraft i seg til å frelsa, fornya, rettleida, utrusta og lækja. Gjer det også i dag. Amen!

Me lever i eit kunnskapssamfunn. Ingen tvil om det.  Men me har kunnskap på vidt ulike områder, nokre veit mykje, andre mindre, og slett ikkje alle veit det same, og ingen veit alt. Strengt tatt er det veldig lite me veit når me tenkjer på kor mykje det er å vita om alt mogeleg. Den som innser det, har godt vit. Godt vit handlar mykje om å kjenna sine eigne grenser. 
All kunnskap er sjølvsagt ikkje like viktig. Det er lett å forstå. Den viktigaste kunnskapen er kunnskapen om Gud og hans vilje. Jesus seier i Johannes 17 at "dette er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus." Å kjenna Gud er det same som å kunnskap om han ut frå openberring. Den Heilage Ande som Jesus sende til oss på pinsedagen jobbar i verda gjennom kyrkja og Bibelen, og han koplar våre hjarter med Guds hjarta når me opnar oss for Jesus Kristus. Når våre hjarto vart kopla med Guds, fyller han oss med sin kjærleik. Me kjenner oss elska av den evige Gud, og me har lett for å elska våre medmenneske. Det går som ein leik.

v.67. Før me erfarer dette, må me ofte audmjukast. Me er alle syndarar, og me gjer synd. I det lengste prøver me å forvarar syndene våre som noko som ikkje er så alvorleg. Det kallar Bibelen sjølvrettferd. Sjølvrettferda fører oss på villspor, langt bort frå Gud. Men når me forstår at syndene våre blokkerer for samfunn med Gud og evig liv, då bøyer me oss til slutt og innrømmer at synda, kor lita ho måtte vera, avspeglar det vonde i hjarto våre, noko som berre kan dekkast til av Jesus Kristus som døydde og stod opp for oss. Når me tek imot Jesus som Herre og frelsar, vert alt det vonde all skuld borte for Gud. 

v.68. Då erfarer me at Gud er berre god, og ingen kan få oss til å tru noko anna. Me har smakt Gud og me har kjent, og me veit at han er god heilt gjennom. Hans godleik er blitt ei kjelde til liv, glede og kraft, og me elskar hans ord, studerer det med iver og ber om at han skal syna oss hjarta sitt gjennom forskriftene sine. For dersom me ikkje får tak i Guds hjarta som er i og bak hans ord, har me ingen nytte av dette ordet. Dersom me tek det 100%seriørst utan å kjenna Guds hjarta, blir det til at me lever hyklerisk. Difor er det viktig at me ber Gud om at når me tek imot hans ord at me også tek imot HAN. 

lørdag 11. mars 2023

Salme 119,63-65

 63 Eg er ven med alle som fryktar deg,

          med dei som held dine påbod.
          
   
 64 Herre, jorda er full av di miskunn.
          Lær meg dine forskrifter!
          
   
 65 ט Herre, du gjer vel mot din tenar
          slik som du har sagt.

v. 63. Salmisten har forstått verdien av kristent fellesskap, og han har samkjensle og venskap med alle som fryktar Gud. Folk som har Den Heilage Ande vil kjenna på dette. Kva er typisk for Jesu vener ? Dei elskar han, hans ord og hans prosjekt, og dei elskar sine medmennesker. Det er kjærleik alt handlar om, skjønar du. Paulus skriv i Rom.13,10 at "kjærleiken er oppfyllinga av lova", og i 1.Tim.1,5 skriv han at "målet med bodet  er kjærleik av eit reint hjarta, av eit godt samvit og ei ærleg tru." Kjære deg! Velg dine vener nøye, og knytt deg nærast til dei som fryktar Gud og går på hans vegar. Men sjølvsagt skal du også ha ikkje-truande vener. Det må du alltid ha, for det er ei kjennsgjerning at dei fleste som vert vunne for Kristus, vert vunne gjennom truande vener. 
v.64 startar herleg: Jorda er full av Guds miskunn. Miskunn betyr både nåde og handlande medkjensle. Denne nåden og varmen formidlar han gjennom kyrkja si, og kyrkja er verdsvid og forkynner og hjelper folk over alt der truande er. Det mest typiske med Gud er hans miskunn og nåde. Derfor er det ikkje eitt einaste menneske i verda som han ikkje har innafor synsfeltet sitt, og som han prøver å undervisa i sine forskrifter, og den vikigaste og mest grunnleggjande forskrifta er: Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst.
v.65 er eit personleg vitnemål. Salmisten er Herrens tenar, og han har berre godt å seia om Gud,og alltid har Gud handsama han på ein god måte. Som David skriv i Salme 23: "Berre godleik og miskunn skal etterfølgja meg alle mine levedagar." 
Her ber han om at Gud skal halda fram med å handsama han godt. Det skulle kanskje ikkje vera naudsynt, men bønene våre kjem frå vårt indre, og her tenkjer salmisten slik: Lat meg få behalda denne posisjonen som eg har der eg kvar dag får nyta din godleik og gunst. Du har lova å ta vare på meg åndeleg og timeleg, og det ber eg deg om at du skal gjera.  Det er ei god bøn. 

tirsdag 7. mars 2023

Salme 119,61-62

 61 Dei lovlauses band slyngjer seg om meg,

          men eg gløymer ikkje di lov.
          
   
 62 Midt på natta står eg opp og prisar deg
          for dine rettferdige lover.

Dei lovlause manglar ikkje lover, men dei har forkasta Guds lover og erstatta dei med sine eigne. Når dei lovlause får makt, vil dei alltid prøva å kvela stemmene til dei som fryktar Gud, og som hevdar at Guds lover er dei einaste gyldige og gagnlege. Dei vedtek lover som både skal hindra trufaste kristne å samlast for å dyrka Gud, og å dela trua si med andre. Dei forbyr spreing av Bibelen og annan kristen litteratur, og dei kastar banda sin ut for å fanga dei og fengsla dei truande.  Det skjer i dei fleste muslimske land, og dessutan i Kina og India, og verstingen er Nord-Korea. Men me ser at desse kreftene også begynnar å reisa seg i Noreg no. Snart vil det å kalla folk til omvending frå sine synder bli karakterisert som hatsnakk, som faktisk allereide er straffbart. Sanninga er jo det motsette. Kvifor kallar me kristne folk til omvending frå synd? Fordi me elskar dei. Ikkje fordi me hatar dei. Heile den fantastiske bodskapen om omvending kjem frå djupet av Guds hjarta, og kva finn me der? Rein kjærleik. Og han seier det jo sjølv også i Ordspråka 3,12: Det er av kjærleik er refsar dykk. I regjeringa si nye melding om tiltak for å betra skeives levekår i Noreg, blir konservative religiøse miljø framstilt som kunnskapslause og skadelege. Eg er redd dette er starten på ei ny tid med tronge kår for alle som vil følgja Jesus i Noreg. Om då ikkje Herren grip inn med ei stor vekking som endrar alt dette. Me håpar på det. 

Salmisten opplevde også dette. Men han gløymde likevel ikkje Herrens lov. Han heldt fast på Guds ord midt i alt press og forvirring. Og sann mine ord: Det blir ei utfordring framover for oss kristne å halda fast ved Guds lover. Men det er vår einaste redning at me gjer det, for det er Guds ord som held fast på oss slik at me ikkje fell frå Gud og ned i den evige natt. 

Vers 62 syner oss korleis me skal bli ståande i tru og teneste: Me skal lova og prisa Herren døgnet rundt, ja, til og med om natta dersom me skulle vakna til, noko som mange av oss gjer når me har nådd ein viss alder. Då prisar me Herren for hans godleik og truskap, og ber om å få sova att, og så held me fram med lovsongen når sola renn. 

mandag 6. mars 2023

Salme 119,58-60

 58 Av heile mitt hjarte bed eg om velvilje for ditt andlet.

          Ver meg nådig slik du har sagt!
          
   
 59 Eg har tenkt over mine vegar,
          eg vil venda attende til dine lovbod.
          
   
 60 Eg skundar meg, eg dryger ikkje
          med å halda dine bod.

I vers 58 ber salmisten av heile sitt hjarta om velvilje for Herrens andlet, at Herren skal ta imot han med nåde og respondera positivt på bøna hans, og han legg til: "slik du har sagt". Han minnar Herren om at løftene, noko Gud likar godt, og som han oppmodar oss til å gjera.

Det finst mange halvhjarta bøner i verda, bøner bedne av religiøs plikt. Dei har liten og ingen verdi dersom dei då smått om senn ikkje fører oss inn i noko sterkare. Eit menneske som ber av heile sitt hjarta, er desperat etter Gud og hans hjelp, og kan ikkje klara seg utan. Gud responderer på slike bøner. Ei bøn som er god å be er denne: "Herre, skap den desperasjon i meg som gjer at eg blir ein som ber av heile mitt hjarta!"

Vers 59 er ei omvendingsbøn. Det vanskelegaste eit menneske kan gjera er å erkjenna feil, og enno verre er det å erkjenna at sjølve retninga på livet har vore feil, at ein har vore på veg bort frå Gud og himmelen. Det er nok ikkje der denne salmisten er, han er jo ein gudfryktig mann. Men likevel har han funne avvik hos seg sjølv, han ser at han har akseptert synd i livet sitt, og at han treng regulering. Difor sannar han synd som synd, får ting på rett plass og vender attende til Guds lov.  Dette er den daglege omvendinga som alle kristne må leva i for å bli ståande i trua og leva sunne og sanne kristenliv. 

Og som eit førebilete for alle menneske dryger han ikkje med å ta denne avgjerda. Det er ingenting å venta med. Det er berre å hoppa i det. Når eit menneske ventar med å bli kristen, eller ventar med å ta eit naudsynt oppgjer med Gud eller eit medmenneske som ein har påført skade eller tap, er det eit bedrag. For me har ikkje god tid, me har ikkje tid i det heile tatt, berre augneblinken. Ingen rår over framtida, berre Gud. Og for det andre: Kvifor skal me på død og liv alltid leva så lenge i det som er feil og som forringar livskvaliteten vår? Nei, få det ut av livet ditt med ein gong så du kan nyta livet med Gud og nesten i lange, gode drag.