Viser innlegg med etiketten Guds lov. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Guds lov. Vis alle innlegg

mandag 6. mars 2023

Salme 119,58-60

 58 Av heile mitt hjarte bed eg om velvilje for ditt andlet.

          Ver meg nådig slik du har sagt!
          
   
 59 Eg har tenkt over mine vegar,
          eg vil venda attende til dine lovbod.
          
   
 60 Eg skundar meg, eg dryger ikkje
          med å halda dine bod.

I vers 58 ber salmisten av heile sitt hjarta om velvilje for Herrens andlet, at Herren skal ta imot han med nåde og respondera positivt på bøna hans, og han legg til: "slik du har sagt". Han minnar Herren om at løftene, noko Gud likar godt, og som han oppmodar oss til å gjera.

Det finst mange halvhjarta bøner i verda, bøner bedne av religiøs plikt. Dei har liten og ingen verdi dersom dei då smått om senn ikkje fører oss inn i noko sterkare. Eit menneske som ber av heile sitt hjarta, er desperat etter Gud og hans hjelp, og kan ikkje klara seg utan. Gud responderer på slike bøner. Ei bøn som er god å be er denne: "Herre, skap den desperasjon i meg som gjer at eg blir ein som ber av heile mitt hjarta!"

Vers 59 er ei omvendingsbøn. Det vanskelegaste eit menneske kan gjera er å erkjenna feil, og enno verre er det å erkjenna at sjølve retninga på livet har vore feil, at ein har vore på veg bort frå Gud og himmelen. Det er nok ikkje der denne salmisten er, han er jo ein gudfryktig mann. Men likevel har han funne avvik hos seg sjølv, han ser at han har akseptert synd i livet sitt, og at han treng regulering. Difor sannar han synd som synd, får ting på rett plass og vender attende til Guds lov.  Dette er den daglege omvendinga som alle kristne må leva i for å bli ståande i trua og leva sunne og sanne kristenliv. 

Og som eit førebilete for alle menneske dryger han ikkje med å ta denne avgjerda. Det er ingenting å venta med. Det er berre å hoppa i det. Når eit menneske ventar med å bli kristen, eller ventar med å ta eit naudsynt oppgjer med Gud eller eit medmenneske som ein har påført skade eller tap, er det eit bedrag. For me har ikkje god tid, me har ikkje tid i det heile tatt, berre augneblinken. Ingen rår over framtida, berre Gud. Og for det andre: Kvifor skal me på død og liv alltid leva så lenge i det som er feil og som forringar livskvaliteten vår? Nei, få det ut av livet ditt med ein gong så du kan nyta livet med Gud og nesten i lange, gode drag. 

lørdag 22. juni 2019

Salme 76

Dette er enno ei salme av Asaf.
Har framstår Gud i sitt velde, som ein mektig krigar alle må frykta, som ein som nedkjempar fiendane sine med sitt mektige ord slik at dei må bøya seg for han.

v.2. At Gud er kjent i Israel betyr at det er dei som kjenner Gud som er Israel. Jesus stadfester i Joh 17,1-3 at det evige livet nettopp er å kjenna Gud.
For dei som kjenner Gud er hans namn stort. Det ligg i sakas natur. Kjenner du Gud, elskar du han, og elskar du han, elskar du namnet hans, slik som du elskar namnet til alle du elskar.

v.3 lokaliserer Guds nærvær til Salem, som er ei kortform av Jerusalem. Sion er tempelberget. I den nye pakts tid er Gud nær der to eller tre er samla i hans namn.

v.4. Å føra krig mot Gud ligg djupt i alle menneske. Me ser det meir i vår tid enn nokon gong. Men Gud avvæpnar dei som vender seg mot han.

v.5-7. Då ser dei at Gud er strålande herleg, og mektigare enn dei evige fjell. Dei som legg ned sin motstand mot Gud, eller som blir nedkjempa av Gud og kapitulerer, får sjå Gud som SIN Gud.

v.8-10. Klassisk vekking skjer når fortapte syndarar vert råka av Guds vreide i sjela. Då veit dei at dei ikkje kan stå seg for Guds åsyn, at dei vil bli dømde til evig død om dei ikkje vender om og begynner å gå saman med Gud på hans veegar, dvs sannar syndene sine og begynner å følgja Gud og hans gode lover.

Klassisk vekking skjer som eit resultat av at Gud frå himmelen, frå sin stilling som den høgaste autoritet i universet, forkynner sin dom over menneska. Då vert alle stille. Paulus skirv i Romarbrevet at "kva munn blir lukka, og heile verda står skuldig innfor Gud."

Hensikten med dette finn me i vers 10b: Herren vil "frelsa alle hjelpelause på jord".  Skal eit menneske bli frelst, må det først bli så hjelpelaus at det let seg frelsa. Det er Guds lov som bringer eit menneske i frelsbar tilstand.

v.11. Då endar menneske sin harme med høgtid. Barnet har skrike og kjempa seg ut og finn roen i fars armar.

v.12 er ei oppfordring til dei frelste om å vigsla liv og eigedom til tenesta for Gud. Det er både rett og heilt naturleg for eit frelst menneske å gje raust til Guds rikes arbeid. Ja, alt ein kristen har, er Guds.

v.13 fortel at kongar og fyrstar er like mykje ei målgruppe for Guds dømmande og frelsande ord som noko anna gruppe. Ja, dei er ei særleg målgruppe fordi det dei bestemmer berører så mange. Difor er det kyrkja si plikt til seint og tidleg forkynna Guds ord for samfunnstoppane.