torsdag 30. april 2026

Salme 144

David startar med å lovprisa Herren, som lærer han å føra krig. 
I lys av dette ordet er det underleg at paven i Rom nyleg slo fast at Gud ikkje ville høyra bønene til dei som fører krig. Også i dag er det nokon som fører rettferdig krig definert som forsvarskrig og krig for å stoppa t.d. folkemord. 

At Herren er hans berg illustrerer at Herren er overlag mektig og sterk.David var ein krigarkonge, og i laupet av hans 40-årige regjeringstid, vart Israel betydeleg utvida. På den tid eksisterte det inga fredsrørsle, og krig mellom folk var vanleg og medrekna. 

For oss kristne i nytestamentleg tid handlar det om å utvida Guds rike på jord ved hjelp av mektige åndelege våpen som bryt ned motstanden mot Gud i folks hjarter. Me kjempar med Guds ord, bønna og gode gjerningar. Det er ein annan type krig, ein krig mot åndsmakter som bind menneska til djevelen. Ingen kan føra denne kampen godt utan opplæring.  

Vers 2 innheld ei herleg vedkjenning. Gud er Davids miskunn, borg, vern, utfriar og skjold. Den som kan seia dette om Gud har alt han eller ho treng. For det er dette Gud er for sine barn. Dersom du har samfunn med Gud gjennom Jesus, eig du Guds godhug, tilgjeving frå alle dine synder, vern mot djevelen og hans englar, og du trakkar djevelen under føtene dine og driv han på flukt, ikkje berre frå deg sjølv, men frå alle dei du vinn for Kristus. 

v.3-4. Me vinn ikkje over dei vonde kreftene i verda ved vår menneskelege styrke. For den er liten. Me er berre som ein pust, som ein skugge utan substans. 

v.5-6. Me er avhengig av at Gud stig ned til oss og utøver si makt på sitt vis, her i salma skildra som skremmande naturfenomen som vulkanisme og mektige lyn, det som teologane kallar "teofani". Verset minnar om det som hende på Sinai då Gud gav Israel lova si. Det var mykje lyn og torden då også, og det gjorde folk veldig redde. Når Gud stig ned til oss og fortel menneska kva som er rett og kva han krev av dei, kan han vera ganske tydeleg. Det fell det frykt på syndarar, og dei kastar syndene frå seg og spring til Jesus. Dette kallar me kristen vekking. Slik frelser Gud folk og nasjonar. 

I v.7-8 ber salmisten om å bli frelst frå fiendane sine ved at Gud rekker ut handa si som ein far for å løfta barnet sitt opp og ut av den farlege situasjonen. Vers 8 markerer at dette er ein ideologisk og rettsleg kamp om sanninga, slik som me ser så mykje av i våre dagar, ikkje minst i engelske rettssalar der kristne gatepredikantar må kjempa for ytringsfridomen sin kvar einaste veke.

v.9-10 skildrar triumf. Kongen har sigra, og syng ein ny song for Herren. 

v.11 er ein repetisjon på ting som er sagt før.

v.12 skildrar ungt leiarskap. Det er ikkje mindre enn fantastisk når ungdomane våre blir som høgvaksne planter i Guds hage, og som beresøyler i hans palass, som er metaforar på Guds kyrkje. Når unge står fram som leiarar oppreist og utrusta av Gud, ser framtida lys ut for kyrkja. 

v.13-14 skildrar rike tider, tider med velsigning då det er rikeleg med mat i Gud hus, og sauene (dei kristne) reproduserer seg. Vekkingstider dette. 

v.15 er ein slags konklusjon der salmisten gjev Herren ære for alt, og markerer at den største velsigninga er ikkje alle velsigningane, men Herren sjølv. Dei som har Herre til Gud, er dei rikaste menneska som eksisterer. 


 

mandag 13. april 2026

Salme 143

 v.1 David innleier bøna si med å appellera til Guds nåde, truskap og rettferd. Det er ein vanleg ting å gjera for truande som ber, særleg når nauda er stor og påtrengande. 

v.2 er sentralt i Bibelens menneskesyn: Ingen er rettferdig for Gud, og David ber av den grunn Gud om ikkje å stilla han strafferettsleg til ansvar for syndene sine. For oss som lever i dag er Guds frelse i Jesus Kristus Guds svar på denne bøna. 

v.3. Fienden har fått makta over David, og han er på ein mørk plass i livet.

v. 4: Han er lamma av skrekk, og det kjennest som om det åndelege livet ebbar ut. 

At det her er snakk om hans åndelege liv ser me av uttrykket "livsånda", samt vers 5 og 6 der han ser tilbake på rike tider i livet med Gud, men at han no lengtar etter Gud som tørr jord etter vatn, og i vers 7 der han klagar over at hans "ånd går til grunne" og at Gud løyner sitt åsyn for han, eit uttrykk for at han ikkje lenger føler at han får kontakt med Gud. Dette er ei stor krise i livet til David, og ei betre skildring av det faktum at skrekk kan føra eit menneske bort frå Gud er ikkje råd å finna. Her bryt det på djupet som hos Jesus i Getsemane. 

I vers 8 ber han så om å få leva i Guds miskunn heile dagen, heilt frå morgonen av, og om å bli leida av Gud i alle ting, truleg for å sleppa å trø feil og koma borti slike ting som er skildra ovafor. Siste linja her er ein fin definisjon på bøn: Å løfta sjela til Gud. 

I vers 9 ber han om å bli verna mot fleire åtak frå fiendane sine, folk som representerer ein åndeleg fare for han. Difor søker han ly hos Gud, og det gjer han ved å be denne salma. 

Denne bøna utviklar han vidare i vers 10, og ber om at Den heilage ande skal leida han på jamn veg, dvs på Herrens veg, for det er berre han som jamnar vegen så det blir lett å gå. 

I vers 11 ber han om å bli halden i live for Guds namns skuld. Ved at Gud fører David ut av trengsla, skal Herrens namn få ære. Det er logikken her. Det er ofte eit forhandlingselement i David sine bøner. Han vil syna Gud at han også vil ha visse fordeler ved å svara positivt på David sine bøner. Vinn-vinn-situasjon vil me vel seia i våre dagar. 

I vers 12, det siste verset, ber han Gud om å rydda ut fiendane hans, dei som står han imot. Det får meg til å tenkja på Jesus. Det var så mange som stod han imot, og det er mange som står han imot. Men ein dag skal Kristi fiendar undertrykkast og leggjast under hans føter. 1. Kor 15,25-26.

David avsluttar salma med å minna den gode Gud om at han er hans tenar. Han kjenner sin rang. Gud er husherren. David er tenaren. Kanskje ligg det her også eit element av at "eg står til teneste", og du kan jo koma til å ha litt glede av meg. Eit slags forhandlingskort?

Mange element i denne salma peiker framover mot Jesus, han som vart prøvd i alle ting slik som oss, men utan synd.