søndag 27. oktober 2013

Salme 38,10-16

10 Herre, du kjenner min lengsel,
          mitt sukk er ikkje løynt for deg.
         
   
11 Hjartet hamrar, krafta sviktar,
          sjølv lyset i auga har forlate meg.
         
   
12 Vener og dei som står meg nær,
          held seg borte frå mi plage,
          mine næraste held seg langt unna.
         
   
13 Dei som står meg etter livet,
          set snarer for meg.
          Dei som vil meg vondt, talar om å skada meg,
          dei grundar dagen lang på svik.
         
   
14 Men eg er lik ein døv, eg høyrer ikkje,
          eg er lik ein mållaus som ikkje opnar munnen.
         
   
15 Eg er lik ein mann som ikkje høyrer
          og ikkje har svar i sin munn.
         
   
16 Men det er deg, Herre, eg ventar på.
          Du vil svara meg, Herre, min Gud.


vers 10 er fullt av trøyst: Gud veit kva barna hans lengtar etter, og han ikkje berre høyrer sukka deira, men ser dei, dvs les dei rett.  Dette skal også du og eg få rekna med når livet vert vanskeleg. Gud les heile situasjonen me er i heilt rett, og veit difor kva han skal gjera.

I vers 11 tetnar mørkret til att. All inspirasjon er borte, all glede og kraft. Salmisten har hjartebank og føler seg skikkeleg elendig. 

vers 12: Det at vener held seg borte tyder på at det anten er ubehageleg å vera saman med salmisten i den situasjon han er i, eller at dei meiner han er skuldig i eitt eller anna som fiendane skuldar han for. Det hender altså at sjølv ikkje vener stiller opp for eit menneske. Jesus opplevde også det.

Men fiendane gløymer ikkje (v.13). Dei er i ferd med å leggja ut feller for han, dei står han etter livet, vil skada han og brukar mykje energi på å planlegga sviket sitt. Dette er altså ikkje ytre fiendar, men folk i krinsen rundt salmisten, slik som Judas Iskariot var ein del av disippelfokken. Det gjer ekstra vondt.

Vers 14-15: Salmisten går heilt inn i seg sjølv. Han lukkar øyro, vil ikkje høyra, vil ikkje snakka, har behov for å verna seg sjølv mot omverda. 

Vers 16: Han har berre Gud, og han har forventningar til at Gud skal svara han og hjelpa han vidare. Denne forventninga er han lur nok til å omformar til eit trusutsegn: "Du VIL svara meg, Herre, min Gud." Å sei ut dette må ha gjort han godt. Og det vil gjera deg også godt å uttala det du ønskjer frå Guds side som eit trusutsegn. Det kan liketil bli eit vendepunkt for deg, det. 

onsdag 23. oktober 2013

Salme 38,2-9

2 Herre, refs meg ikkje i din vreide,
          straff meg ikkje i din harme!
         
   
 3 For dine piler har råka meg,
          di hand kviler tungt på meg.
         
   
 4 I kroppen er ingenting uskadd,
          for du er harm,
          ikkje eit bein er heilt,
          for eg har synda.
         
   
 5 Skulda veks meg over hovudet
          lik ei bør som er altfor tung.
         
   
 6 Eg har sår som luktar og renn av verk
          på grunn av min dårskap.
         
   
 7 Eg er kroket og nedbøygd,
          eg går og sørgjer dagen lang.
         
   
 8 Hoftene brenn av smerte,
          ingenting er friskt i mitt kjøt.
         
   
 9 Eg er kraftlaus og knust;
          eg skrik ut mitt hjartes klage.


 Dette er ei individuell klage og botssalme. David kjenner Guds vreide i sjela fordi han har synda. Dette er eit tema som er ukjent for mange kristne i dag. Men i dei gamle vekkingane snakka dei mykje om dette. Guds overlys var så sterkt at dei kunne merka Guds sterke dom og mishag over dei syndene dei hadde gjort, det svei skikkeleg i samvitet, og redsla for den evige fortapinga rysta dei, og ikkje sjeldan lurte dei fælt på om det var noko håp for dei, om dei i det heile kunne bli frelst. 

I tillegg til den sjelelege kampen, er David slått av sjukdom. Her er det snakk om sår som luktar og som det renn av, skadar han har pådrege seg pga sin dårskap, utan at han utdjupar det noko meir. Det er som tornen i Paulus`kjøt. Den fysiske lidinga forsterkar den sjelelege. Han er kraftlaus og knust, og kjenner seg perforert av Guds piler (v.3), og dei er truleg mange.

Kva gjer han med alt dette? Han skrik ut klaga si til Gud, og ber om å sleppa straff og refs. I desse versa er denne bøna i vers 2 det einaste lyset.

Eg meiner meg å sjå Kristus i hans liding her. Han bad også Far om å få sleppa unna domen då han låg og sveitta blod i Getsemane. Men vart ikkje bønhøyrd på det. I staden måtte han bera ei skuld som gjekk over hovudet på han. Ingenting var heilt på kroppen hans, det rann av såra hans og han vart perforert av 4 spikrar og eitt spyd. Kraftlaus og knust ropte han på krossen ut klagemålet sitt, og sjølv om han ikkje leid for synd han sjølv hadde gjort, hadde han gjort våre til sine, og den vreiden og domen som skulle råka oss, råka han. 

Salmenes bok er ei profetisk bok. Her finn me mange spor av Jesus Kristus.




mandag 21. oktober 2013

Salme 37,35-40

    35 ר Eg såg ein lovlaus valdsmann.
          Han briska seg som ein frodig seder.

        
   
36 Sidan kom eg framom, då var han borte!
          Eg leita, han var ikkje å finna.
        
   
37 ש Legg merke til den heilhjarta!
          Sjå på den rettskafne!
          Det er framtid for den som skaper fred.
        
   
38 Men brotsmenn blir utrydda alle som ein,
          dei lovlause får si framtid hoggen av.
        
   
39 ת Dei rettferdige får si hjelp frå Herren,
          han er deira vern i tider med trengsle.
        
   
40 Herren hjelper dei og friar dei ut.
          Han friar dei frå dei urettferdige og frelser dei,
          for dei søkjer tilflukt hos han.


v. 35:  Lovlause menn kan gjera det skikkeleg godt i livet, bli rike og få makt slik at dei briska seg som frodige sedrar, sjølvgode til tusen.

v.36 Men dei varer berre ei lita stund. Til sist blir dei borte, og ikkje sjeldan forsvinn dei frå arenaen brått og uventa, som med Belsasar i Daniels bok som drakk av dei heilage kara. Gud gjorde ende på kongedøme hans same natta som dette skjedde.

v.37. Her blir me oppfordra til å leggja merke til dei heilhjarta og rettskafne. "Å leggja merke til" betyr å studera liva deira, og dei som gjer det, vil sjå at dei har ei lys framtid fordi dei er personar som skaper fred. Jesus prisar slike lukkelege og seier i Matt.5: Dei skal kallast Guds barn. For det DET dei er.  

v.38. Me lever no i ei tid der det ser ut til av valden tek overhand mange stader i verda: Somalia, Sudan, Irak, Egypt, Syria, for å nemna nokon plassar. Dinest vert det kvar veke gjennomført terroråtak mot sivile frå muslimske gruppen som kjempar ein eigen jihad. Her seier Bibelen: Det er ingen framtid for slike. Den skal hoggast av. Og godt er det. For mange kristne i verda vil dette verset vert til stor trøyst. 

v.39. Dei rettferdige er dei som trur på Gud, lever med han og er lydige mot hans bod. Dei som vil vera trufast mot Gud opplever gjerne vanskar og forfølging, men Gud har lova å verna dei i slike tider. Og det gjer han.

v.40: Han friar dei ut av trengslene, og løyser dei frå dei urettferdige (ei mektig trøyst for dei forfølgde kristne). Dette gjer han med alle som søkjer tilflukt han Han.


fredag 18. oktober 2013

Salme 37,30-34

    30 פ I munnen til den rettferdige er det visdom,
          hans tunge talar rett.
         
   
31 Guds lov er i hans hjarte.
          Hans fot skal aldri vakla.
         
   
32 צ Den urettferdige vaktar på den rettferdige
          og prøver å ta hans liv.
         
   
33 Herren overgjev han ikkje i den urettferdiges hand
          og dømmer han ikkje skuldig i retten.
         
   
34 ק Vent på Herren og hald deg til hans veg!
          Han lyfter deg opp så du arvar landet.
          Du får sjå at dei lovlause blir utrydda.


 v. 30-31. Samanhengen her er enkel: Det som hjarta er fullt av, renn munnen over med. Den som er full av Gud, får kloke, sanne og rette ord å tala, ord som kjem frå Den heilage ande, og dei gjer det fordi dei ikkje kan anna enn å tala om det dei har sett og høyrt. Slike folk vaklar ikkje. Dei er trygge og stabile. Gud er tung i dei, og dei er ustoppelege der dei går fram. 

v.32. Lyset i den rettferdige er så sterkt at den urettferdige prøver å ta livet hans. Den rettferdige avslører den urettferdige, difor vil han fjerna han. 

v.33. Men den rettferdige har Gud på laget, og Gud vernar han mot den urettferdige. Og dersom han blir urettvist tiltalt i retten, sørger Gud for å få han frikjent. Slik trur eg meininga med dette verset er. 

v.34. Det er viktig å venta på Gud. Ofte blir den truande utolmodig og handlar sjølv utan Gud. Då går det fillevegen. Men når me tek oss tid til å venta på Gud, vil me halda oss til hans veg, og då blir det noko heilt anna. Når Gud legg si kraft inn i det me held på med, blir det suksess. Då sigrar me, og me kjem på offensiven og får reell påverknad, makt og innflytelse. Me arvar landet, og dei lovlause vert utrydda, vonleg ved at dei rett og slett vender om og blir gudfryktige.




mandag 14. oktober 2013

Salme 37,25-29

   25 נ Ung har eg vore, no er eg gammal,
          aldri har eg sett ein rettferdig forlaten
          eller hans born be om brød.
         
   
26 Han er alltid miskunnsam og låner ut,
          hans born blir ei velsigning.
         
   
27 ס Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode,
          så skal du bu trygt for alltid.
         
   
28 For Herren elskar det som er rett,
          han forlèt ikkje sine trugne.
       
          ע Dei blir haldne oppe til evig tid,
          men borna til dei urettferdige blir utrydda.
         
   
29 Dei rettferdige skal arva landet
          og alltid få bu i det.


Vers 25 er ein observasjon. Det betyr ikkje at born av rettferdige aldri må be andre om brød, men at David aldri hadde sett det. Det han vil seia er dette: Gud er nær hos sine barn, passar trufast på dei og dreg omsorg for dei på alle nivå.

Vers 26: Denne omsorga er knytt til den rettferdige sin rause livsstil. Han låner ut til andre med det resultat at borna hans vert velsigna. I den norkse omsettinga står det at "hans born vert ei velsigning", men på engelsk les me at "borna hans vert velsigna," og den siste omsettinga heng betre saman med vers 25. 

Vers 27 er ei oppfordring til å snu ryggen til det vonde og leva rettferdig. Den som det gjer bur trygt. Det vonde avlar vondskap og framkallar farlege situasjonar. Det gode avlar godleik som gjer livet trygt. 

Vers 28: Dinest elskar Gud det gode og rette, og han er nær hos dei som trufast gjer det gode, vernar dei og fører dei til seg der dei skal få nyta han i all æva. 

Men borna åt dei urettferdige vert utrydda. Ikkje fordi dei har urettferdige foreldre, men fordi dei har teke etter foreldra sine og kjem under same domen.

Vers 29: Det er dei rettferdige som skal arva landet og alltid bu der. For det jødiske folket er dette eit viktig ord. Lovnaden om Israels land er klårt og tydeleg knytt opp til tru og liv. Slik også med Guds barn i Noreg. Lever me rettferdig, vil Gud gje oss landet. Dvs.:  folket vil koma til tru og innretta liva sine etter Gud og hans ord på alle områder, og Gud får dominans i folkelivet.

 

onsdag 9. oktober 2013

Salme 37,21-24

21 ל Den urettferdige låner og gjev ikkje att,
          den rettferdige er miskunnsam og gåvmild.
        
   
22 Dei Herren velsignar, skal arva landet,
          dei han forbannar, skal ryddast ut.
        
   
23 מ Herren gjer mannens steg faste
          og gleder seg over hans veg.
        
   
24 Om han fell, går han ikkje over ende,
          for Herren held hans hand.


v.21 Dette verset seier ikkje noko om låning, men om korleis den urettferdige skil seg frå den rettferdige. Den urettferdige prøver å suga til seg ting, medan den rettferdige gjev frå seg ting. Det å vera gåvmild er naturleg for den rettferdige, fordi han/ho kjenner Gud, har han inni seg, og Gud er alle gode gåvers gjevar. 

v.22 Herren velsignar dei rettferdige. Ingen blir fattige av å gje. Det har Gud garantert. Og i tillegg skal dei arva landet. Alt tilhøyrer Herren, og hans barn er arvingar til alt. I Romarbrevet 8 står det at dei som trur på Jesus er hans medarvingar, og kan med rette gjera krav på alt Jesus har krav på, og han har som skapar, frelsar og konge krav på alle menneske. 
Underforstått er det dei urettferdige som blir forbanna. Slike menneske har ikkje noko framtid. Dei blir rydda ut. Det er Guds dom over dei urettferdige.

v.23  "Mannen" som her er nemnt er den rettferdige. Den som held seg til Gud og hans bod, vil gå med faste steg mot dei mål som Gud har sett for han. Koplar me dette verset saman med misjonsbefalinga, ser me grunnen til at Herren gleder seg over ein slik mann. Han går der han skal, til dei fortapte med evangeliet. 

v.24 er nydeleg. For alle kristne fell. Men dei blir ikkje liggande. Herren held eit godt tak i dei og reiser dei opp att når dei snublar og går over ende. Det er betryggande kunnskap.


tirsdag 8. oktober 2013

Salme 37,18-20

18 י Herren kjenner dagane til dei heilhjarta,
          deira arv skal vara til evig tid.
       
   
19 Dei blir ikkje til skamme i vonde tider,
          når det er hungersnaud, får dei eta seg mette.
       
   
20 כ Men dei lovlause går til grunne.
           Herrens fiendar blir borte som blomeprakta på marka,
          dei kverv som røyk.


v.18: Dei heilhjarta er dei ærlege og fromme menneska som trur på Herren. At Herren kjenner dagane deira innber at han veit korleis dei har det, og engasjerer seg i liva deira. Dei er Guds barn, og som barn  arvar dei alle Guds frelsesgåver og alle hans rikdomar.

v.19: Dei skal ikkje bli til skamme i vonde tider. Dei fromme forkynner jo Guds truskap. Det kjennest som ein sjanse å ta, men Gud skal i krisetider demonstrera at dei har tala sant om han, at dei har hatt rett. Ingen skal kunna koma og seia til dei at dei tok feil, eller at dei lova for mykje på Guds vegne eller noko slikt. Dei skal få eta seg mette, sjølv om det er lite mat, eit fenomen som Jesus demonstrerte då han metta 5000 menn i øydemarka. 

v.20: Dei lovlause går til grunne. Det vil bli felt ein dom over alle som ikkje anerkjenner Gud og hans ord. Få snakkar om det i våre dagar. Det er eit stort tap. For alle lovlause har rett til å høyra om den lagnaden som ventar dei dersom dei ikkje vender om. For då skal dei bli borte, visna som blomster og kverva som røyk og blir til ingenting. Dette i motsetnad til dei rettferdige som får aukande innflytelse og blir for evig.

mandag 7. oktober 2013

Salme 37,12-17

12 ז Den urettferdige legg vonde planar mot den rettferdige
          og skjer tenner mot han.
         
   
13 Herren ler av han,
          for han ser at hans dag skal koma.
         
   
14 ח Dei lovlause dreg sverdet og spenner bogen.
          Dei vil fella den hjelpelause og fattige,
          slakta ned den som går på rett veg.
         
   
15 Sverdet skal råka deira eige hjarte,
          og bogane skal brytast sund.
         
   
16 ט Det vesle den rettferdige eig,
          er betre enn den store rikdomen til dei urettferdige.
         
   
17 For armane på dei urettferdige skal brytast,
          men Herren held oppe dei rettferdige.


v. 12: Grunnen til at dette skjer, må jo vera at "den rettferdige", den som går med Gud og hevdar  Guds ords autoritet,  gjer seg gjeldande  i samfunnet på ein måte som er uønska for den som ikkje går med Gud og fornektar Guds ords autoritet. Frimodige kristne vekker sterke reaksjonar i Guds fiendar som ergrar seg grøne og skjer tenner av irritasjon mot dei, og heilt automatisk legg dei planar om å stoppa dei på eit vis.

v.13: Herren berre ler av motstandarane sine. Dei er støv, men forstår det ikkje sjølv. Dagane deira blir få. Snart er det ute med dei. Å kjempa mot Gud er heilt fåfengt. Ein maur kan ikkje stoppa eit tog.

v.14 Likevel går dei lovlause til kamp mot den hjelpelause og fattige. Å vera "lovlaus" er, som eg vel har vore borti tidlegare, å forkasta og å  kjempa mot Guds lov. Det er interessant at "dei som går på rett veg" også vert beskrivne som "hjelpelause og fattige."  Korleis skal me forstå dette? Vel, i mange samfunn er det slik at det er umogeleg å bli rik utan å vera korrupt. Dei som lever rett, kan ikkje driva med snusk, og blir dermed mellom "dei fattige". Dernest er det slik i mange land at kristne ikkje har tilgang til dei mest lukerative yrkene. Dei vert haldne utanfor av religiøse grunnar. I Pakistan er dette svært tydeleg. Likeeins i India der dei kristne i hovudsak er å finna innafor dei kastelause, dei såkalla dalitane. Desse blir fattige fordi dei alltid er undertrykte av resten av befolkninga. 

v.15 repeterer ein kjent tanke frå tidlegare salmer: dei vonde vil bli råka av sin eigen vondskap. Utanfor samfunnet med Gud gjeld gjengjeldinga si lov.

v.16: Den rettferdige eig lite (jmf v.12), men det er betre å eiga lite og vera rettferdig, enn å eiga mykje og leva feil. Det må vel vera det som er poenget her, vil eg tru. Den som lever rett, har samfunn med Gud og er rik på framtid og håp,  men den som lever feil, er utan framtid og håp. 

v.17: Arm står her for kraft. Krafta til dei urettferdige skal brytast av Gud. Dei skal ikkje bli ståande med makta. Men dei rettferdige blir haldne oppe av Gud, og vil ha stor innflyting på samfunnsutviklinga.

 

 

fredag 4. oktober 2013

Salme 37,7-11

 7 ד Ver still for Herren og vent på han!
          Harmast ikkje over den som lukkast med sin veg,
          den som set i verk vonde planar!
        
   
 8 ה Gjev slepp på vreiden, lat harmen liggja!
          Bli ikkje arg, det fører til det vonde.
        
   
 9 For valdsmenn skal ryddast ut,
          men dei som ventar på Herren, skal arva landet.
        
   
10 ו Om ei lita stund er den lovlause borte.
          Ser du etter han der han var, er han ikkje der.
        
   
11 Men dei hjelpelause skal arva landet
          og gleda seg over varig fred.


Vers 7: Å venta på at noko godt skal skje, er ikkje lett. Me vil helst ha ting løyst her og no. Men Gud har betre tid. Han let oss gjerne stå i problema våre ei stund, og så utfordrar han oss til å venta. Å venta på Gud er eit aspekt ved det å tru på han. Det kan vera veldig utfordrande. Men når tida er inne, skjer det under, og Gud får stor ære. 

Dei vonde menneska, dei som ikkje reknar med Gud, men som mel si eiga kake på bekostning av andre, ventar aldri på noko som helst. Dei tek saka i eigne hender og "ordnar opp" på sitt vis utan å skjegla korkje til høgre eller venstre.  Men dei har skaffa seg ein mektig motstandar i Gud, og til slutt går dei under. Den "lovlause", den som ikkje bryr seg om Guds ord og vilje, går under, dei vert ikkje meir å sjå (vers 10)

Difor skal ikkje nokon bli sinte på gudlause som har suksess, men heller tykkja synd i dei. Blir me sinte og tillet oss å dyrka sinnet, blir me fort vonde, og då går me på same vegen som dei me kritiserer, og endar opp på same trasige plassen som dei (vers 8).

"Valdsmannen skal ryddast ut," les me. Det er godt å vita i våre dagar då valden flamma opp over alt, ikkje minst gjennom oppblomstringa av islamistiske rørsler og mafiagrupper. Desse skal ikkje sigra. Dei utfordrar Gud, og det er nederlagets veg. 

Det er dei som ventar på Herren som skal sigra og arva landet. "Landet" er menneska som bur i landet. Det er dei me skal arva. Dei er røva av djevelen, men tilhøyrer oss, og dersom me ventar på at Gud skal gripa inn og senda oss vekking, vil me erfara at så skjer.  Det at me ventar på Gud, er den trua som løyser ut hans aksjon. 

Utan Han kan me ingenting gjera. Me er hjelpelause i oss sjølve, kan ikkje skapa vekking eller noko av varig åndeleg verdi. Men Gud kan, og han gjer det når me erkjenner hjelpeløysa og koplar oss til han som har den rette hjelp å gje. 

Ein dag skal me gleda oss over "varig fred". Det skjer når Jesus kjem attende. Det ventar me også på. Når kjem han? Når evangeliet er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag. 

Det å venta på Herren er difor ikkje ein passiv sak. Me ventar AKTIVT på Jesus ved at me gjer alt me kan for å bringa hans nåde og kjærleik ut til alle avkrokar og verdshjørner.

torsdag 3. oktober 2013

Salme 37,1-6

 א Bli ikkje sint på valdsmenn,
          misunn ikkje dei som gjer urett!
         
   
 2 Som graset visnar dei fort,
          som grøne groen tørkar dei ut.
         
   
 3 ב Set di lit til Herren og gjer det gode.
          Bu i landet og ta vare på truskap!
         
   
 4 Ha di lyst og glede i Herren,
          så gjev han deg alt ditt hjarte bed om!
         
   
 5 ג Legg din veg i Herrens hand!
          Set di lit til han, så grip han inn.
        
   
 6 Han lèt di rettferd stiga opp som lyset,
          din rett som høglys dag.


Salme 37 er ei visdomssalme. Ho er atrostisk. 

v.1-2 Det er lett å bli sint på valdsmenn og misunna folk som vert rike på urett. Men det er ingen grunn til det. Dei har kutta av sambandet til Gud, han som er livskjelda, og difor vil dei visna og forkoma.  

Vers 3 er omsett noko ulikt. Første linje er grei. Det summerer opp kva det vil seia å vera "kristen": Det er å stola på Herren og gjera godt mot andre. 
Linje nr 2 er ulik. King James seier: Bu i landet og nær deg sjølv på Guds truskap. Lutherbibelen (tysk) seier: Bu i landet og nær deg sjølv på ærleg vis. 
Den siste versjonen står som ei motsetning til det å næra seg på urett vis (vers 1), og difor landar eg på den forståinga her.

Vers 4  er ein juvel. Når me gleder oss i Gud, får me det som hjarta vårt ønskjer. Dette er godt nytt for alle som ber. Når me finn fram til Guds glede, opnar det for Guds gåver inn i liva våre. Gud elskar å velsigna dei glade. Dette verset blir slik sett ein sterk medisin mot det religiøse gravalvoret. 

Vers 5 er blitt kalla "den kristnes normaltemperatur". Det handlar om tillitsfullt å overgje seg med hud og hår til Gud, stola på hans makt og omsorg. Då vil me erfara at han grip inn, "gjer vel" (Luther) mot oss og "fører ting gjennom" (king James). 

Vers 6: Rettferd betyr både hjelp og redning. Bodskapen er: Når Gud grip inn, får me den hjelp me treng. Like sikkert som dagslyset kjem etter natta, kjem Guds hjelp til den som gleder seg i Gud og stolar på han. 

Ser me verset i lys av NT, kan me sjå på verset som a) ei skildring av Jesu oppstode. Då Jesus sto opp, steig vår rettferd (vår frelse) opp som ljoset, og evangeliet om han er sola i våre liv, ho skin kontinuerleg som veg høgljos dag.

Verset kan også anvendast om ein kristnes personlege erfaring. Mange strevar lenge med å få til kristenlivet sitt utan å lukkast. Men når ein "ser" betydninga av Jesus, hans død og oppstode, blir det soloppgang i hjarta. Ein kjenner seg så utruleg elska, og ein får ein heilt ny innsikt i kva det vil seia å vera rettferdiggjort av nåde utan å ha fortent det eller gjort seg verdig til det.