Viser innlegg med etiketten valdsmenn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten valdsmenn. Vis alle innlegg

torsdag 20. juli 2023

Salme 119,115-119

 115 Vik frå meg, valdsmenn!

          Eg vil ta vare på boda frå min Gud.
          
   
 116 Hald meg oppe slik du har sagt, så eg kan leva.
          Lat ikkje mi von bli til skamme!
          
   
 117 Støtt meg så eg blir berga
          og alltid har dine forskrifter for auge.
          
   
 118 Alle som villar seg bort frå dine forskrifter, vrakar du,
          for dei fer med svik og løgn.
          
   
 119 Alle dei lovlause i landet tek du bort som slagg,
          difor elskar eg dine lovbod.

v. 115. Fordi han held fast på Guds ord, blir salmisten forfølgd av valdsmenn,
Kva er det å ta vare på Guds ord? Som eg har sagt så mange gonger før: det handlar om å lesa, lytta, memorera, praktisera og dela det med andre. Det kan gjera folk veldig sinte, og det kan utløysa forfølging. I Nigeria og Pakistan er t.d. kristne nærast dagleg utsette for vald som ofte endar i drap. Aldri i historia har forfølginga av kristne vore på eit høgt nivå over så lang tid som no, og det er tiltakande.
  
I v. 116- 117 ber han om at Gud må halda han oppe i trua og støtta han slik at han ikkje misser vona, og han ber om at Gud må berga han frå desse valdsmennene. Og, kjære lyttar, om du ikkje sjølv er forfølgd, er det rett og rimeleg at du ber for dei kristne som er det, og då kan du be om at valdsmennene må vika frå dei, at Gud vernar dei mot død og skadeverk, og at han støttar dei i kampen slik at dei blir berga. Dette er desperate dagsaktuelle bøner. 

v.118 har eit djupt alvor over seg, og bør kunngjerast vidt og breitt: Alle som villar seg bort frå Guds forskrifter, vil bli vraka fordi dei driv med svik og løgn. Guds forskrifter er Guds lover samt hans veg til frelse frå synd og død. Johannes døyparen seier om Jesus:  "Den som trur på Sonen har evig liv, men den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert over han." Gud gav Israel lova på Sinai, og han var heilt seriøs med det. Men ingen av dei klarte å halda lovene hans, og det klarar ikkje me heller.  Difor gav Gud i sin djupe kjærleik Sonen sin til oss alle for å frelsa oss frå lovas mange krav, og då var han om mogeleg enno meir seriøs. Me tullar ikkje med Gud. Det er ikkje frelse i andre enn i Jesus, og vårt høve til han avgjer Guds høve til oss, om me vert aksepterte eller forkasta. 

v.119. Kven er dei lovlause som Herren vil fjerna som slagg? Det er dei som fornektar lovene hans og vil erstatta dei med sine eigne eller andre sine. Det skjer i stor stil i våre dagar. Folk tek ikkje Gud seriøst lenger. Han er som eit støv i lufta for dei. Men Gud let seg ikkje avfeia. Han er ikkje ein fjern idè. Han er skaparen av himmel og jord og verdas mektige dommar, og han vil fjerna opprørarane som slagg, les me her, og då må eg leggja til: dersom dei då  ikkje vender om frå sine ville vegar. Gjer dei det, vil dei bli frelste. Og fordi det er slik, bevegar me som kjenner og elskar Gud oss ut i samfunnet med evangeliet om Jesus og ber folk om å snu, snu seg mot Gud, innrømma syndene sine og sitt behov for tilgjeving, be Gud om nåde og overgje liva sine til Jesus og bli hans disiplar. Då blir slagg til gull. 
Salmisten avsluttar dette verset med at han elskar Guds lover. Alle Guds barn gjer det. Å elska Gud er å elska hans bod. 

 

torsdag 3. oktober 2013

Salme 37,1-6

 א Bli ikkje sint på valdsmenn,
          misunn ikkje dei som gjer urett!
         
   
 2 Som graset visnar dei fort,
          som grøne groen tørkar dei ut.
         
   
 3 ב Set di lit til Herren og gjer det gode.
          Bu i landet og ta vare på truskap!
         
   
 4 Ha di lyst og glede i Herren,
          så gjev han deg alt ditt hjarte bed om!
         
   
 5 ג Legg din veg i Herrens hand!
          Set di lit til han, så grip han inn.
        
   
 6 Han lèt di rettferd stiga opp som lyset,
          din rett som høglys dag.


Salme 37 er ei visdomssalme. Ho er atrostisk. 

v.1-2 Det er lett å bli sint på valdsmenn og misunna folk som vert rike på urett. Men det er ingen grunn til det. Dei har kutta av sambandet til Gud, han som er livskjelda, og difor vil dei visna og forkoma.  

Vers 3 er omsett noko ulikt. Første linje er grei. Det summerer opp kva det vil seia å vera "kristen": Det er å stola på Herren og gjera godt mot andre. 
Linje nr 2 er ulik. King James seier: Bu i landet og nær deg sjølv på Guds truskap. Lutherbibelen (tysk) seier: Bu i landet og nær deg sjølv på ærleg vis. 
Den siste versjonen står som ei motsetning til det å næra seg på urett vis (vers 1), og difor landar eg på den forståinga her.

Vers 4  er ein juvel. Når me gleder oss i Gud, får me det som hjarta vårt ønskjer. Dette er godt nytt for alle som ber. Når me finn fram til Guds glede, opnar det for Guds gåver inn i liva våre. Gud elskar å velsigna dei glade. Dette verset blir slik sett ein sterk medisin mot det religiøse gravalvoret. 

Vers 5 er blitt kalla "den kristnes normaltemperatur". Det handlar om tillitsfullt å overgje seg med hud og hår til Gud, stola på hans makt og omsorg. Då vil me erfara at han grip inn, "gjer vel" (Luther) mot oss og "fører ting gjennom" (king James). 

Vers 6: Rettferd betyr både hjelp og redning. Bodskapen er: Når Gud grip inn, får me den hjelp me treng. Like sikkert som dagslyset kjem etter natta, kjem Guds hjelp til den som gleder seg i Gud og stolar på han. 

Ser me verset i lys av NT, kan me sjå på verset som a) ei skildring av Jesu oppstode. Då Jesus sto opp, steig vår rettferd (vår frelse) opp som ljoset, og evangeliet om han er sola i våre liv, ho skin kontinuerleg som veg høgljos dag.

Verset kan også anvendast om ein kristnes personlege erfaring. Mange strevar lenge med å få til kristenlivet sitt utan å lukkast. Men når ein "ser" betydninga av Jesus, hans død og oppstode, blir det soloppgang i hjarta. Ein kjenner seg så utruleg elska, og ein får ein heilt ny innsikt i kva det vil seia å vera rettferdiggjort av nåde utan å ha fortent det eller gjort seg verdig til det.