søndag 10. juli 2016

Salme 54

v.1-2. Bakgunnen for salma er at nokre menn kom til Saul og angav David, og fortalde kongen kor "rivalen" var. Angjevarar har låg status i Guds ord. Dei er svært små mennesker som vonar på å tena litt på å svika andre. Ofte har dei ikkje noko annan agenda enn dette. Judas var ein angjevar. Djevelen er også det når han anklagar oss dag og natt for Guds åsyn, eller angjev oss, om du vil. Men til ingen nytte. For der er Jesus, som har døydd for oss og fridd oss frå våre synder med sitt eige blod.

v.3. David blir redd og ropar til Gud om at han skal hjelpa han og fri han ut av knipa ved sitt namn, og skaffa han rett ved si kraft.
Liksom ei brur ber brudgomens namn, og eit barn sin fars, ber ein kristen Guds namn, og den som ber Guds namn, har Gud, og tilgang til alt som tilhøyrer Gud. Og som me ser seinare i salma, fekk David all den hjelpa han trong.
David er urettferdig behandla av kong Saul, og blir forfølgt utelukkande av misunning. Her ber så David  om at Gud i si kraft (eller makt) skal skaffa han rett, dvs avsløra at uretten ligg hos kong Saul. David kjenner seg makteslaus, og det er han også. Har ingenting å setja inn mot overmakta. Men den eigentlege kongen er jo Gud, og Han har makt over makta, og David ber instendig (v.4) om at Gud skal høyra på han og gripa inn.

v.5 skildrar situasjonen. "Framande" er Sauls leigesoldatar. Dei har fått ordre om å drepa. Dette er folk som ikkje kjenner Gud, som ikkje bryr seg om han, og som kun er innstilte på å gjera det dei er betalte for utan å tenkja på personleg ansvar i det heile.

v.6. Men overfor Gud kjem dei til kort. Ingen kan drepa den Gud held i live. Den største arme han ikkje ein gong bøya eit hår på hovudet til eit menneske om Gud forbyr det. Dei er som fyrstikker for han. Som støv. Som ingenting.

I vers 7 ber så David Gud rett og slett om å ta livet av fiendane hans. Han veit at dei ikkje berre står han imot, men dei står Gud imot. David visste godt at Guds gode planar for Israel var knytt til han, i og med at Gud hadde salva han til konge over folk og nasjon.

v.8 syner er ein dublett. Å ofra til Gud og prisa namnet hans er identisk. Skal eit offer ha verdi, må det berast fram frivillig. At det å prisa Guds namn er godt, tyder ikkje at det følest godt for den som gjer det, men at det er godt for Gud, og at det rett å halda på med det, og at det fremjar det gode i verda.

I vers 9 triumferer David. Han hadde blitt fridd ut frå den livsfarlege situasjonen, og kunne sjå ned på fiendane sine. Å sjå ned på her treng ikkje tyde forakta, men at David i Gud er overordna sine fiendar. Når me les Davidsalmane må me alltid ha i tankane at David var Messias, eit førebilete på Jesus, og ein dag skal HAN også underkua alle fiendane sine og leggja dei til skammel for sine føter. 



torsdag 7. juli 2016

Salme 53

Dette er også ei læresalme. Det som her blir framført kan ikkje menneske tenkja seg fram til, det openberrast frå himmelen.
Salma står i nær samanheng med Ps 52, og er omtrent identisk med Ps 14

v.2. Ein dåre er ein person som byggjer livet sitt på løgn. Og løgna er at det ikkje finst nokon Gud!. Ateismen er ikkje noko ny oppfinning som kom med opplysningstida eller Karl Marx, nei han har vore stasjonert i menneskehjarta sidan syndefallet. Ateismen avspeglar rett og slett eit behov hos det falne menneske om å sleppa unna Gud og dei avgrensningane som han set for menneskelivet. Den som trur på Gud, må innretta livet sitt etter hans bod, og ein kan ikkje leva livet etter sine syndige lyster. Dei som det gjer, blir moralsk korrupte (NEV) utviklar eit stygt vesen (Lutherbibelen), og  blir tilbøyeleg til å gjera "avskyelege handlingar" (NB11). Her snakkar me om menneske som har glede av å skada andre og blir tilfredsstilt ved å sjå dei i smerte.

v.3-4. Men Gud er høgst eksisterande, og han høyrer, ser og studerer oss menneske, og han leitar etter nokon som er klok, dvs om det er nokon som søkjer han, men han finn ingen. Dette verset brukar Paulus i Rom.3 når han utlegg læra om rettferda ved tru. Det finst ingen menneske som er rettferdige i seg sjølv. Ingen kan bli frelst utan å få Guds rettferd tilrekna ved tru.

Kva var Guds svar på at han ikkje fann noko godt og sant menneske som søkte han? Han måtte sjølv bli dette menneske for å kunna frelsa nokon som helst, og dei som let seg frelsa, blir definert som hans folk, dei som kallar på Gud.

Det er dette folket som så lett blir forfølgt av dei som definerer Gud ut av liva sine. Dei truande blir etne opp av dei gudlause, noko som indikerer at Guds folk er eit fredfullt folk, eit Jesusfolk som let seg føra til slaktebenken utan protestar og motstand, og ugjerningsmennene (tysk: Übeltäter) kjenner på at det dei gjer er heilt rett, og folk som gjer "det rette" blir jo  alltid kjempefornøgde med seg sjølv, og er ikkje mottakelege for åtvaringar, og dei kallar ikkje på Gud.

v.6. Det er ein grunntanke i Bibelen at dei som utset Guds barn for forfølging, vil sjølve bli forfølgde av Gud. Gud sparer ikkje kristne frå forfølging, men dei som forfølger, utset seg for stor fare, dei hissar Gud på seg, for å seia det litt folkeleg.  Då blir dei råka av stor redsle, ja, sjølv om det ikkje skulle vera noko grunn for det. Beina deira vil bli spreidde, noko som fører tankane mot død på slagmarka. Vidare skal dei skal bli til skamme, dvs. gå evig fortapt, vraka av Gud.

v.7 er ei bøn om at frelse må koma til Israel frå Sion. Sion er Jerusalem. Denne bøna vart besvart på Golgata kross. All frelse kjem frå Sion, der Jesus Kristus leid døden for oss alle.  Og denne bøna skal besvarast også i framtida då Jesus kjem att for å frelsa alle som trur og døma alle vonde. Då kjem han att til jorda frå himmelen og set føtene sine på Oljeberget i Jerusalem.

Tanken på Jesu fullkomne frelsesverk fyller Jakob med jubel og Israel med glede. Jakob og Israel er eitt og det same. Det er Guds folk på jord, ein syntese av alle Jesustruande jødar og Jesustruande heidningar. Jesus er den nye Jakob, den jødiske stamfar til dagens internasjonale gudsfolk, truande frå alle nasjonar, stammer og språk. Jubel og glede er deira varemerke. Og når Jesus kjem att for å frelsa dei frå forfølging, aukar dette berre på og kjem til å vare i all æva.

onsdag 6. juli 2016

Salme 52

Dette er ei læresalme som inneheld grunnleggande kristne sanningar.
Oppsummert: Nokre kjem til makta med hjelp av svik, løgn og vondskap, og er stolte over dei lure metodane sine, som dei forresten fører med seg inn i styreaettet sitt. Dei avskriv Gud, stolar på rikdomen og brukar makta si til å skada. Men Gud hatar det, og deira tid på toppen er tilmålt. Ein dag riv Gud dei ned frå taburettane, og støyter dei ut av "landet åt dei levande". Dei har inga framtid saman med Gud.

Når dei fell for Guds hand,  jublar dei rettferdige med frykt. Dei veit at ingen tullar med Gud.
Dei som set si lit til Gud og hans miskunn, blir som eit grønt og frodig oliventre i Guds hus til stor velsigning for mange. Guds hus er kyrkjelyden. David prisar nemleg Gud saman med hans trufaste vener. Me er eit fellesskap. Bibelen markerer dette grundig. Det er god plass til individet i Bibelen, men ikkje til individualismen, som forresten er ein pest i Guds kyrkje i dag. Det er så mykje snakk om min funksjon, mine nådegåver, mi teneste og mine opplevingar. Må Gud endra dette fokuset frå si kyrkje.