søndag 10. juli 2016

Salme 54

v.1-2. Bakgunnen for salma er at nokre menn kom til Saul og angav David, og fortalde kongen kor "rivalen" var. Angjevarar har låg status i Guds ord. Dei er svært små mennesker som vonar på å tena litt på å svika andre. Ofte har dei ikkje noko annan agenda enn dette. Judas var ein angjevar. Djevelen er også det når han anklagar oss dag og natt for Guds åsyn, eller angjev oss, om du vil. Men til ingen nytte. For der er Jesus, som har døydd for oss og fridd oss frå våre synder med sitt eige blod.

v.3. David blir redd og ropar til Gud om at han skal hjelpa han og fri han ut av knipa ved sitt namn, og skaffa han rett ved si kraft.
Liksom ei brur ber brudgomens namn, og eit barn sin fars, ber ein kristen Guds namn, og den som ber Guds namn, har Gud, og tilgang til alt som tilhøyrer Gud. Og som me ser seinare i salma, fekk David all den hjelpa han trong.
David er urettferdig behandla av kong Saul, og blir forfølgt utelukkande av misunning. Her ber så David  om at Gud i si kraft (eller makt) skal skaffa han rett, dvs avsløra at uretten ligg hos kong Saul. David kjenner seg makteslaus, og det er han også. Har ingenting å setja inn mot overmakta. Men den eigentlege kongen er jo Gud, og Han har makt over makta, og David ber instendig (v.4) om at Gud skal høyra på han og gripa inn.

v.5 skildrar situasjonen. "Framande" er Sauls leigesoldatar. Dei har fått ordre om å drepa. Dette er folk som ikkje kjenner Gud, som ikkje bryr seg om han, og som kun er innstilte på å gjera det dei er betalte for utan å tenkja på personleg ansvar i det heile.

v.6. Men overfor Gud kjem dei til kort. Ingen kan drepa den Gud held i live. Den største arme han ikkje ein gong bøya eit hår på hovudet til eit menneske om Gud forbyr det. Dei er som fyrstikker for han. Som støv. Som ingenting.

I vers 7 ber så David Gud rett og slett om å ta livet av fiendane hans. Han veit at dei ikkje berre står han imot, men dei står Gud imot. David visste godt at Guds gode planar for Israel var knytt til han, i og med at Gud hadde salva han til konge over folk og nasjon.

v.8 syner er ein dublett. Å ofra til Gud og prisa namnet hans er identisk. Skal eit offer ha verdi, må det berast fram frivillig. At det å prisa Guds namn er godt, tyder ikkje at det følest godt for den som gjer det, men at det er godt for Gud, og at det rett å halda på med det, og at det fremjar det gode i verda.

I vers 9 triumferer David. Han hadde blitt fridd ut frå den livsfarlege situasjonen, og kunne sjå ned på fiendane sine. Å sjå ned på her treng ikkje tyde forakta, men at David i Gud er overordna sine fiendar. Når me les Davidsalmane må me alltid ha i tankane at David var Messias, eit førebilete på Jesus, og ein dag skal HAN også underkua alle fiendane sine og leggja dei til skammel for sine føter. 



Ingen kommentarer: