mandag 20. mars 2017

Salme 55

v.2-6. David er redd og uroleg, ja, heilt ifrå seg fordi sterke menneske er imot han og trugar han på livet. Dei veltar vondskap over på han, og går laus på han i vilt raseri, Heile kroppen hans skjelv av angst. Det er sterke bilete som blir teikna for oss her.

v.7-9. Pga ekstremsituasjonen har han berre lyst å røma så langt bort han berre kan koma. Slik er det for nokon kvar når utfordringane vert for store. Men så har me berre Gud å søka tilflukt hos, men noko betre tilflukt eksisterer då heller ikkje for noko menneske. Gud er vår beste livd i alle livsens situasjonar.

v.10 er ei bøn om at Gud skal skapa redsle og rådløyse hos dei som vil David vondt. Det er ei god og lovleg bøn å be for oss truande når me som blir behandla djupt urettvist, og særleg når me blir truga på livet. Men kan også be slik når me ser at andre er utsett for grov urett. Me er opplærte til å vera positive og ikkje be om at Gud må øydeleggja for andre menneske. Men det er ikkje bibelsk. Det er viktig og naudsynt å be om at Gud må setja alvorlege hindringar i vegen for folk som misbruker barn, og som utset andre for all slags overgrep, terroristar som forårsakar blodbad og unemneleg liding, statar eller grupper som forfølgjer kristne, og også om at Gud må stoppa dei som føretek abortar på foster. Bibelen lærer oss dette.

v.11-12 skildrar den uhaldbare situasjonen i byen. Her har dei vonde fått makta, og dei vaktar om henne natt og dag, og utøver urett på torget for å styrka posisjonen sin. Frykten er deira våpen.

v.13-15 er hjarteskjærande. Fienden er ikkje ekstern, men intern. Det er kongens ven som har gjennomført statskupp, og det er mykje mogeleg at denne salma er skriven i samband med opprøret til Absalom, kongen sin eigen son og etterfølgjar. Samstundes rommar desse versa ein profeti om Judas Iskariot som sveik Herren Jesus så grovt.

v.16 er på ny ei slik "negativ" bøn der David ber Gud om ta livet av opprørarane.

v.17-20 er fulle av tru. David er sikker på at Gud høyrer bønene hans, at han skal bli berga og oppleva at det blir fred. Fred = shalom, mao ein fred på Guds vilkår.
Vers 16 antydar noko om rytmen i David sitt bøneliv, han søkte Gud i bøn morgon, middag og kveld. Det er ikkje umogeleg at dette syner til jødiske tidebøner, noko som me også ser att i Daniel sitt liv.
I vers 20 løftar David fram ei viktig sanning: Gud audmjuker dei som kjempar mot hans folk. Dei forandrar seg likevel aldri. Bibelen har eit delt menneskesyn: Eitt menneske har ein uendeleg verdi for Gud, men det er syndig, og kan ikkje forandra seg. Det må BLI forandra, av Gud.

v.21-22 Skildrar Davids fiendar. Dei er fine utanpå, men rovdyr på innsida. I Jesu terminologi: Ulv i saueham. Djevelen kjem som regel til Guds barn i forkledning, gjerne som ein from person. Korleis kan han avslørast? Han problematiserer Bibelens ord. Det gjer han alltid. Difor skal me halda oss unna dei menneska som gjer det. Dei er inspirerte av Satan. Dei er våre fiendar. Difor ber David i vers 24 Gud om å halvera deira levetid og kasta dei i grava.

Me avsluttar med vers 23 som innheld ei stor trøyst for oss som trur på Jesus: Me skal få kasta alle våre bører på Han. Og han seier det jo også sjølv i Matteus 11,28 at han gjerne vil overta alle børene våre og gje oss å kvila i han. Han som bar syndene våre opp på krossen, vil gjerne også bera alt anna me synest er tungt, anten det dreier seg om sjukdom, økonomi, familieproblem eller kva det skal vera.


Ingen kommentarer: