fredag 26. desember 2014

Salme 44,9-20


Dette avsnittet er skikkeleg klage. Ikkje berre klage TIL Gud, men meir ein klage OVER Gud. Israelittane hadde litt erfaring med å gå ut i krig utan Guds støtte. Det kan me lesa om både i 4.Mosebok og i Josvas bok kap 7 og andre plassar. Det gjekk forferdeleg gale kvar gong. Dei leid alltid nederlag. Det same skjer med oss i dag. Når me går i vår eige kraft utanfor Guds plan. går det alltid gale med oss. Det endar med nederlag. Prøver menneske å kombinera kristen teneste med personleg synd, fell dei i djevelens snare. Då nyttar det ikkje å klaga på Gud. Nei, ein må klaga over seg sjølv og sjå på fiaskoen som eit kall til å venda om og få det vonde ut av livet sitt. 

Slik var det også for israelittane. Dei tapte mot fienden når dei levde i opprør mot Gud og hans lover, for då gjekk ikkje Herren ut saman med dei i krig (v.10). De måttei vika tilbake for fienden (V.11), vart slakta ned og måtte flykta i alle retningar (v.12). Israel kom på billisalg (v.13), og  folket måtte tola spott og hån frå nabofolka (v.14), mista respekt og vart til eit ordtak, ein gjeng som andre forakta og rista på hovudet av. 

Men det nederlaget som det er tale om her har tydelegvis ikkje sin grunn i synd. Salmisten skriv i vers 18 at "Alt dette har kome over oss endå vi ikkje har gløymt deg og ikkje svike di pakt". Dei har heller ikkje snudd ryggen til Gud, og dei har ikkje vike av frå Guds veg (v.19).  Likevel har lide alvorleg skade, blitt fordrivne frå landet og dekka med dødsskugge. 

Det er slike erfaringar som får salmisten til å klaga PÅ Gud. Er det noko lys her då? Ja, han klagar PÅ Gud TIL Gud. Det er rett. Når Gud blir uforståeleg, må me som truande menneske gå til HAN med klagemåla våre. For hos han er det hjelp å få. Kva er så Guds svar til denne salmisten? Det finn me i Salme 23: "Om eg må gå gjennom dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for vondt, for DU er med meg, din kjepp og din stav dei trøystar meg." 

Truande menneske vert altså ført av Gud gjennom mørke skuggar for å erfara hans nærvær på ein måte som ein ikkje kan erfara nokon andre plassar. Dette må du berre VITA om du skal ha noko nytte av det når det står på som verst.  

I denne salma representerer forfattaren Kristus som tok folket si skam på seg (v.16). Då han gjekk inn i si liding, vart han håna og spotta av alle. Me ser det så tydeleg då han vert hudstsroken av dei romerska soldatane og fekk ei tornekrone tredd ned over hovudet og dei "hylla" han som kongen over jødane, slo han i andletet og spytta på han, og me ser det då han heng på krossen og folk seier til han: "Frels deg sjølv, så skal me tru på deg." 


torsdag 18. desember 2014

Salme 44,1-8

Vers 1-3 rekapitulera landnåmstida i Israel. Salmisten framhevar at israelittane ikkje hadde sigra i si eiga kraft, men det var Guds høgre hand, og lyset frå hans andlet som hadde drive folkeslaga ut og rydda rom og plass for Israels folk. Dette gjorde han først og fremsts fordi han elska dei.

Me kan streva og bala i vår teneste for Gud, men til ingen nytte dersom ikkje Gud legg sin kapasitet og kraft inn i vår gjerning. Og det vil han gjera når me ber han fordi han elskar oss.

vers 4-8: Gud er konge og forordnar frelse og siger for Jakob. Det gjer han også for oss. Han sender vekking og sigrar i folks liv ved Den heilage ande.
I Herrens namn trakka israelittane fiendane under fot. I Jesu namn gjer me det same. Våre fiendar er ikkje av kjøt og blod, men demoniske makter for trenger på oss frå alle kantar for å øydeleggja kropp, sjel og ånd, og  alt i liva våre som er av Gud. Me trakkar dei ned i Jesu nam!
Me stolar ikkje på alle hjelpemiddel denne verda kan by oss, berre på Gud i himmelen. Det er HAN og berre han som frelser oss frå våre fiendar som hatar oss. Difor frydar me oss i han dagen lang, og prisar alltid hans mektige namn. I møte med namnet Jesus må alt vondt vika.

onsdag 17. desember 2014

Salme 43

Salme 42 og 43 høyrer saman. I mange bibelutgåver utgjer dei èi salme.
I vers 1 ber salmisten Gud om hjelp i ein konflikt eller i ein rettsprosess, at han må bli fridd frå menneske som fer med svik og vondskap, dvs frå menneske som heilt bevisst prøver å skada han.
Kristne som vert forfølgde for trua si opplever dette heile tida. Men det kan skje einkvar. Når folk føler interessene sine truga, kan dei bli vonde og svikefulle. Me har grunn til å be om å bli verna mot slike, og til å be om å ikkje bli slik sjølv. Å bli bevart frå svik og vondskap er viktigare enn å bli bevart mot svik og vondskap.

v.2: Salmisten veit at Gud passar på han. Dette er ein nedfelt sanning i Guds ord. Difor forstår han ikkje det som skjer med han, at han overleten til fiendar må gå og sørgja. Det er utfordrande for oss når røyndomen og Guds ord ikkje stemmer overeins.

v3-4: Men i staden for å døma Gud, ber salmisten om Guds lys. Er det noko han ikkje ser? Ei sanning han ikkje har fått med seg? Slik må me kristne be når me ikkje forstår kva som skjer med oss. Og så ber salmisten om å bli ført attende til Jerusalem, til Guds bustadar, ja, heim til Far i himmelen. Alle elska barn lengtar heim. Slik også med oss som er fødde av Guds kjærleik. Me lengtar heim til Gud der alt er godt, der me for all æve er utanfor all fare. Men me lengtar også til hans kyrkje, til fellesskapet med dei som elskar Gud vår Far. Fellesskapet med slike er himmel på jord.

tirsdag 16. desember 2014

Salme 42,10-12

Dei siste tre versa i salma repeterer i stor grad det som er sagt før.
Fiendane av trua meiner at kristne byggjer liv og framtid på ein illusjon, og at Gud berre er ei innbilning. Me må sjølvsagt leva med dette synspunktet, om enn det svir. Men me veit betre. Me har erfart Gud så sterkt i liva våre, at me kan ikkje høyra på folk som berre snakkar ut frå MANGLANDE erfaring. Det er så lett og uforpliktande å snakka om kva ein IKKJE trur på. Men når folk begynnar å snakka om det dei faktisk TRUR PÅ, då skal me lytta til dei, og samtalen vil bli langt meir meiningsfullt.

mandag 15. desember 2014

Salme 42,6-9

v.6: Salmisten talar til sjela si, prøver å få inn litt optimisme på Guds vegne.
Det er lurt. Guds ord skaper nemleg tru, og den som trur flyttar fjell.

Gud er alltid større enn omstendene me lever under. Dei synlege og sansbare realitetane kan verkar heilt knusande overlegne. Men som salmisten kan me også ta oss  saman og bestemma oss for å venta på Gud. Han er ikkje direkte sansbar, men han er ytterst verkeleg, og i rett tid grip han inn og tek kontroll over dei kreftene som me er redd skal bryta oss heilt ned. Når det skjer, er det lett å prisa Jesus. Men det gjer me også når det er tungt. Å lova Gud er vår teneste i verda, uansett vær og føreforhold.

v.7-9: Han som skriv er deportert til landet nordaust for Gennesaretsjøen. Men tankane hans er i Jerusalem, i templet, hos Gud og hans folk. Truande menneske har alltid tankane sine hos Gud. Dei søker alltid han, og finn kvile i hans fredspakt og forsoning.  Det er ankerfeste vårt når dei sterke vindane kjem på og bølgjene slår over oss. Guds miskunn er ein stabil og konstant faktor som me lever i både dag og natt ubunde av kva som elles skjer med oss. Som truande menneske lever me i Gud og pustar inn Den heilage ande. I denne herlege atmosfæren sender Gud oss songar og bøner. Alt av verdi i kristenliva våre kjem frå Gud. Alt som er sjølvprodusert skal brenna opp som halm og høy.




søndag 14. desember 2014

Salme 42,2-5

v.2-3: Like naudsynt som vatn er for kroppen, er Gud for sjela.
Salmisten lengtar og tørstar etter Gud. Han tenkjer attende på tider då han var nær Gud, og kunna nyta hans kjærleik i fulle drag. Men situasjonen hadde endra seg. Truleg var han deportert (v. 6) og avstengt frå gudstenestefellesskapet i templet i Jerusalem (v.4).
Det som for salmisten grunna seg i ein fysisk avstand til Gud, kan for ein truande i dag opplevast som ein avstand til Gud i sjela. Det kan vera ulike grunnar til at denne avstanden oppstår, men smerten er den same alltid, for som har smakt Gud kan aldri bli tilfredsstilt av andre enn Gud. Når Gud då synest ute av syn, lid sjela. Ho tørstar og stønnar heilt til alt er i orden att, og ho igjen kan sola seg i Gud.
Gud er det levande vatnet. Tankane våre går til Johannes 4 der Jesus snakkar med ei syndefull kvinne. Han tilbyr henne levande vatn og syner til seg sjølv. Saka er: Dersom menneska ikkje får dette vatnet, dette Gudsnærværet i sjela, blir dei verande i døden.
v.4: Smerten som har kome over salmisten vert gjort større ved at han har menneske rundt seg som meiner at hans nederlag har avslørt at Gud ikkje finst eller at han ikkje har makt til å hjelpa, og orda er så hyppige, spisse og brutale at han gret dag og natt. Tårene er blitt hans mat.
Truande menneske må også i dag deala med at folk fornektar Gud, og det gjer like vondt i dag som då. Men liksom Gud alltid har kome attende til sine barn med bevis for sin eksistens og omsorg, slik vil han også koma til oss. 
v.5: I King James står det her at han auser ut sjela si. I NB-11 at minnene vellar fram, i The Living Bible at han styrker seg ved minnene om den tida då han leida prosesjonen opp til Guds hus under glede, jubel og lovsong. I alle fall. Det er viktig å tenkja på dei rette tinga når kristenlivet vert vanskeleg, på alt det gode som me trass alt har opplevd og vore med på. Det kan faktisk ingen ta ifrå oss.
Lovsongen og gleda har ein stor plass i Det gamle testamentet, sjølv mellom menneske som kjende Gud på meir avgrensa vis enn det som me gjer som lever  i Den nye pakts tid. Hos oss skulle lovsongen vore enno meir framtredande, og me skulle som dei flittig gått i prosesjonar og lovsunge himmelens Gud mellm menneska. Me gjer ikkje det. Men me skulle gjort det.

lørdag 13. desember 2014

Salme 41,12-14

Desse versa avsluttar salma vår. v.12: David brukar brukar utfallet av konflikten med fiendane til å diagnostisera sitt eige gudsliv. Dersom han sigrar, vil han ta det som eit teikn på at han er på rett veg i høve til Gud og vise versa.
Dagens moderne menneske ville nok helst ha brukt situasjonen heilt motsett: nemleg til å diagniostisera Gud, som om me vil seia:  "Går det bra, Gud, så er du ein bra gud. Går det dårleg, er du ein maktlaus gud". Så langt har ME kome oss bort frå sakas kjerne.
v.13: Han er rimeleg sikker på at dette vil slå ut i hans favør. Han meiner seg å vera HEIL, ha INTEGRITET. Og det er slike folk er det Gud kan halda fast på, for hos slike er det jo noko å halda i. Noko fast. Salma, og dermed heile første salmesamling, vert avslutta med ein lovsong til Gud. David velsignar Herren, han som er Israels Gud, han, den einaste, som skal ærast i all æva. Og dette er viktig for oss heidningar: Den Gud me trur på, ærar og elskar er Israels Gud. Må me aldri gløyma DET!