søndag 14. desember 2014

Salme 42,2-5

v.2-3: Like naudsynt som vatn er for kroppen, er Gud for sjela.
Salmisten lengtar og tørstar etter Gud. Han tenkjer attende på tider då han var nær Gud, og kunna nyta hans kjærleik i fulle drag. Men situasjonen hadde endra seg. Truleg var han deportert (v. 6) og avstengt frå gudstenestefellesskapet i templet i Jerusalem (v.4).
Det som for salmisten grunna seg i ein fysisk avstand til Gud, kan for ein truande i dag opplevast som ein avstand til Gud i sjela. Det kan vera ulike grunnar til at denne avstanden oppstår, men smerten er den same alltid, for som har smakt Gud kan aldri bli tilfredsstilt av andre enn Gud. Når Gud då synest ute av syn, lid sjela. Ho tørstar og stønnar heilt til alt er i orden att, og ho igjen kan sola seg i Gud.
Gud er det levande vatnet. Tankane våre går til Johannes 4 der Jesus snakkar med ei syndefull kvinne. Han tilbyr henne levande vatn og syner til seg sjølv. Saka er: Dersom menneska ikkje får dette vatnet, dette Gudsnærværet i sjela, blir dei verande i døden.
v.4: Smerten som har kome over salmisten vert gjort større ved at han har menneske rundt seg som meiner at hans nederlag har avslørt at Gud ikkje finst eller at han ikkje har makt til å hjelpa, og orda er så hyppige, spisse og brutale at han gret dag og natt. Tårene er blitt hans mat.
Truande menneske må også i dag deala med at folk fornektar Gud, og det gjer like vondt i dag som då. Men liksom Gud alltid har kome attende til sine barn med bevis for sin eksistens og omsorg, slik vil han også koma til oss. 
v.5: I King James står det her at han auser ut sjela si. I NB-11 at minnene vellar fram, i The Living Bible at han styrker seg ved minnene om den tida då han leida prosesjonen opp til Guds hus under glede, jubel og lovsong. I alle fall. Det er viktig å tenkja på dei rette tinga når kristenlivet vert vanskeleg, på alt det gode som me trass alt har opplevd og vore med på. Det kan faktisk ingen ta ifrå oss.
Lovsongen og gleda har ein stor plass i Det gamle testamentet, sjølv mellom menneske som kjende Gud på meir avgrensa vis enn det som me gjer som lever  i Den nye pakts tid. Hos oss skulle lovsongen vore enno meir framtredande, og me skulle som dei flittig gått i prosesjonar og lovsunge himmelens Gud mellm menneska. Me gjer ikkje det. Men me skulle gjort det.

Ingen kommentarer: