torsdag 28. juni 2018

Salme 63,9-12

 Eg held fast ved deg,
          di høgre hand grip tak i meg.


David held fast ved Herren. I tider med tvil og anfekting er det godt og stansa opp innfor Gud og seia til han: "Eg held fast ved deg uansett. Du er min Gud, og eg berre elskar deg. Eg forstår ikkje så mykje, men det spelar ingen rolle, eg blir hos deg".
Men ingen kan eigentleg halda fast ved Gud utan at Gud held fast ved oss. Han er som ein far som vaker konstant over barna sine, og han grip tak i oss når me rotar oss opp i farlege situasjonar, får oss ut av dei og inntil seg sjølv. 
          
   
 10 Men det går ille med dei
          som står meg etter livet,
          dei skal fara ned i jordedjupet. 


    11 Dei skal gjevast over til sverdet
          og bli til rov for sjakalar.


Vers 10: Det vil alltid vera nokon som står Guds barn etter livet. Kristenforfølging er daglegdags mange stader i verda, ja, i dei fleste land. Dei som forfølger Guds barn vil det gå ille med, dei skal fara ned i jordedjupet, som her står som eit bilete på dødsriket. Der må dei venta i smerte til Jesus kjem att for å døma levande og døde. Då skal dei stå opp til evig avsky.

Vers 11: "Den som grip til svert, skal falla for sverd", sa Jesus til Peter. Det gjeld også dei som forfølger kristne.  Dei utset seg for ein stor risiko. 
          
   
 12 Men kongen skal gleda seg i Gud.
          Alle som sver ved han, kan vera stolte,
          for løgnarmunnen blir stoppa.


Men David skal gleda seg i Gud midt i forfølginga, og i all æva. Gleda er himmelens grunnstemning. Gleda i Gud blir født inni alle som av Anden blir døypt i Guds kjærleik. Den som ser Gud, er alltid full av glede. Det er berre slik. Må vera slik. For når ein syndar forstår at alle syndene er tekne bort, og at han/ho er yndig for Gud og elska av Gud, ja, då kjem denne djupe gleda som aldri tek slutt. Den truande har funne ei gledeskjelde som aldri går tom. 

Siste del av verset er henta frå rettssalen. Dei er uklårt for meg om det er kongen eller Gud det blir sverga ved, men saka er at dersom det kjem så langt at me som Guds barn må i retten pga sitt kristne engasjement, skal me få ord direkte frå Den Heilage Ande (Matteus 10), og dei som lyg mot oss skal bli stoppa. 

Som Guds barn har me grunn til å vera stolte, stolte arvingar av han som har skapt himmel og jord, av han som har fått all makt i himmel og på jord, av vår himmelske far og trufaste bror, kong Jesus, han som er vår trufaste talsmann og og evige rettferd i himmelen. Folkens, det står bra til med oss :)


mandag 25. juni 2018

Salme 63,8

Ei vipemor passar på ungane sine ein våt junidag 2017. Bilete er teke i hagen vår.

 8 For du har vore ei hjelp for meg,  eg jublar i skuggen av dine venger.


I vers 8 lærer me tre ting: Gud er Davids HJELP. Gud har ikkje berre hjelpt han i enkelte situasjonar, han har ikkje berre vore TIL hjelp for han, men han  HAR VORE HANS HJELP. Og det skal også du, min lesar vita at er du ein kristen, er Gud di HJELP. For er du som alle oss andre, treng du dagleg at Gud hjelper deg. Og det er i den samanheng interessant at Den Heilage Ande på svensk er kalla for HJELPAREN. Det er eitt av vår kjære Guds mange namn. Uansett kva du held på med, er Herren di hjelp. Det skal du få rekna med. Og særleg er det når du vitnar om Jesus for din neste. Då hjelper han deg, så du kan bli til hjelp.
Det andre me lærer er at David lever i skuggen av Guds vengjer. Dette bilete av Gud som ei ørn som vernar ungane med dei veldige vengjene sine, kjenner me frå 5.Mosebok. I Matteusevangeliet kap 23 samanliknar Jesus seg forresten med ei høne som så gjerne vil verna kyllingane sine under vengjene sine. Det er det same bilete. Dette er altså den posisjonen alle lever i som er komne til Gud med liva sine og overgjeve seg til han. Me lever i skuggen av Guds vengjer, og der er me trygge, verna mot alle farar. 
Og for det tredje: Under Guds vengjer jublar David. Kvifor det? Sjølvsagt fordi han har fått hjelp, men mest av alt fordi det er den normale og naturlege uttrykksform rundt Gud. Det les me i Jesaja 6 og mange stader i Johannes openberring. Den som kjem inn i Guds nærvær, blir dregen med i jubelstemninga som er der.