Eg held fast ved deg,
di høgre hand grip tak i meg.
David held fast ved Herren. I tider med tvil og anfekting er det godt og stansa opp innfor Gud og seia til han: "Eg held fast ved deg uansett. Du er min Gud, og eg berre elskar deg. Eg forstår ikkje så mykje, men det spelar ingen rolle, eg blir hos deg".
Men ingen kan eigentleg halda fast ved Gud utan at Gud held fast ved oss. Han er som ein far som vaker konstant over barna sine, og han grip tak i oss når me rotar oss opp i farlege situasjonar, får oss ut av dei og inntil seg sjølv.
10 Men det går ille med dei
som står meg etter livet,
dei skal fara ned i jordedjupet.
11 Dei skal gjevast over til sverdet
og bli til rov for sjakalar.
Vers 10: Det vil alltid vera nokon som står Guds barn etter livet. Kristenforfølging er daglegdags mange stader i verda, ja, i dei fleste land. Dei som forfølger Guds barn vil det gå ille med, dei skal fara ned i jordedjupet, som her står som eit bilete på dødsriket. Der må dei venta i smerte til Jesus kjem att for å døma levande og døde. Då skal dei stå opp til evig avsky.
Vers 11: "Den som grip til svert, skal falla for sverd", sa Jesus til Peter. Det gjeld også dei som forfølger kristne. Dei utset seg for ein stor risiko.
12 Men kongen skal gleda seg i Gud.
Alle som sver ved han, kan vera stolte,
for løgnarmunnen blir stoppa.
Men David skal gleda seg i Gud midt i forfølginga, og i all æva. Gleda er himmelens grunnstemning. Gleda i Gud blir født inni alle som av Anden blir døypt i Guds kjærleik. Den som ser Gud, er alltid full av glede. Det er berre slik. Må vera slik. For når ein syndar forstår at alle syndene er tekne bort, og at han/ho er yndig for Gud og elska av Gud, ja, då kjem denne djupe gleda som aldri tek slutt. Den truande har funne ei gledeskjelde som aldri går tom.
Siste del av verset er henta frå rettssalen. Dei er uklårt for meg om det er kongen eller Gud det blir sverga ved, men saka er at dersom det kjem så langt at me som Guds barn må i retten pga sitt kristne engasjement, skal me få ord direkte frå Den Heilage Ande (Matteus 10), og dei som lyg mot oss skal bli stoppa.
Som Guds barn har me grunn til å vera stolte, stolte arvingar av han som har skapt himmel og jord, av han som har fått all makt i himmel og på jord, av vår himmelske far og trufaste bror, kong Jesus, han som er vår trufaste talsmann og og evige rettferd i himmelen. Folkens, det står bra til med oss :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar