søndag 18. september 2022

Salme 112,1-3

 Denne salma er, som Salme 111, ei atrostisk visdomssalme, dvs oppbygt etter det hebraiske alfabetet. Truleg er det same forfattar som er ute og går her.

I starten slår salmisten slår med sitt "halleluja" an tonen, ei lovprisning som strengt tatt er grunntonen i ein kristens liv. For kva handlar kristenlivet om? Kva er poenget med å vera kristen? Ja, kva er i det heile poenget med å vera menneske? Det handlar om å kjenna og opphøgja Gud, og æra og prisa han. 

Den som fryktar Herren er eit lukkeleg menneske. Å vera sæl er å ha Guds lukke i hjarta. Å vera lukkeleg som Gud, og som eg kommenterte i Salme 111, å frykta Gud er å tru på han og innretta livet sitt etter hans ord. Dei som gjer det vil raskt oppdaga at Guds lover er gode og gagnlege, og dei vil ha si glede i å leva etter dei. 

Vers 2-3 inneheld to lovnader om at dei som elskar Gud og hans bod, vil koma til å bli mektige i landet, og at det skal vera velstand og rikdom i huset åt den rettskafne. Ingen har så stor innflytelse på samfunnet som Guds barn. Jesus seier om disiplane sine at dei var lyset for verda og saltet på jorda. Disiplane vart sendt til ei sjuk og moralsk degenerert verd, og dei kom med liv, håp, kraft og frelse. Bønene deira var sterke, forkynninga krystallklår og med dei gode gjerningane sine demonstrerte dei Guds kjærleik for folk. Dei vart mektige ved at dei kom med Gud til folk, og Gud skaper endring. 

Denne makta er tilgjengeleg for alle nye kristne generasjonar. Men det kjem ikkje automatisk. Kvar ny generasjon må læra seg å kjenna og elska Gud og hans ord. Og gjer dei det, vil Gud sørga for resten. Vår jobb er liten. Guds jobb er stor. Me velsignar han med å æra og tilbe han, han velsignar oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus og med eit liv i teneste for han. Ei større velsigning kan ikkje eit Guds barn ha. 

At det er velstand i ein kristens hus høyrest framand ut for oss. Men dette er også Bibelens ord. Du som elskar Gud kan forventa at Gud gjev deg meir enn nok av alt du treng til livsopphald, ja, så mykje at du alltid har noko å dela med andre. Men det handlar ikkje berre om det materielle. Han fyller heimen din med kjærleik, glede, fred og samhald, og dette er rikdomar som mange gongar overgår alt det materielle. 

Og til slutt: Di rettferd vil alltid vara. Det betyr at Gud vil bevara deg i trua på Jesus, hindra at du fell i grov og vanærande synd, fylla deg med sine kvalitetar og føra deg trygt fram til sin himmel. 







mandag 12. september 2022

Salme 111,9-10

 Han gav folket fridom

          צ og fastsette si pakt for evig.
          ק Namnet hans er heilagt, det vekkjer frykt.
          
   
 10 ר Å frykta Herren er opphav til visdom,
          ש alle som gjer det, har god forstand.
          ת Hans lovsong varer til evig tid.

Gud sette israelsfolket fri frå slaveriet i Egypt. Hans spesielle pakt med dette folket er evigvarande. Han sa til Abraham i 1.Mosebok 17:  "Eg vil oppretta mi pakt mellom meg og deg og etterkomarane dine frå slekt til slekt, ei evig pakt: Eg vil vera Gud for deg og etterkomarane dine.  8 Landet du bur i som innflyttar, heile Kanaan, vil eg gje deg og etterkomarane dine i eige til evig tid. Og eg vil vera deira Gud.» Dette var Abrahamspakta. Den er Gud ein garantist for.

Men det finst ei pakt for oss heidningar også. Den kallar me Kristuspakta. På krossen sona Jesus straffa for all verdas synd, han sette oss fri frå synd, skuld og evig straff, og gjennom tru og dåp blir me blir me alle statsborgarar av Guds rike, for denne pakta er slik: "Den som trur og blir døypt, skal bli frelst," som Jesus formulerer det i Markus 16, eller som han seier det i Lukas 24,47-47: "I hans (Jesu) namn skal omvending og syndsforlating forkynnast for alle folkeslag. De er vitne om dette."

Ei underskrift av rette person kan opna alle dørar for eit menneske. Ved å tru på Jesu namn, blir du for det første Guds barn, les me i Joh. 1,12, og for det andre vil dette namnet opna himmelporten for deg den dagen du døyr. Har du hans innskrift, hans signatur, då er det ingen som kan stoppa deg, for hans namn er heilagt. Det har ein enorm verdi. Ingen englar eller krefter vågar å stoppa ein som har Jesu signatur. 

v. 10. Å frykta Herren betyr ganske enkelt å tru på han og innretta livet sitt etter hans ord. Det er klokt. Ved å tru på Jesus blir me Guds barn og arvingar til det evige livet. Og ved å følgja Guds ord, held me Guds ære i verda ved like, og me blir til velsigning og glede for våre medmenneske, slik at dei for vår skuld kan lova og prisa Far i himmelen. 

onsdag 7. september 2022

Salme 111,7-8

    7 מ Sanning og rett er hans henders verk,

          נ pålitelege er alle hans bod,
          
   
  8 ס dei er grunnfeste for evige tider,
          ע dei skal haldast i sanning og rettvise.

Sanning og rett er to nøkkelomgrep i Bibelen. Sanning er fakta om røyndomen, både den materielle, moralske og åndelege. Dei ulike vitskapane har som mål å leggja fram sanninga om verda, anten det er gjennom matematikken, naturvitskapen eller dei humanistiske faga. Men desse kan aldri læra oss sanninga om Gud. Det kan berre Gud sjølv. Han er ikkje eit objekt som me kan studera og få kontroll på. Han er skaparen av alle objekt som kan studerast, og av oss som studerer dei. For å seia det slik: Kristin Lavransdatter kunne ikkje ha noko kunnskap om Sigrid Undset, for det var Sigrid Undset som skapte Kristin. 

Alle som ønskjer seg sikker kunnskap om Gud, må audmjuka seg og lesa Bibelen, for Bibelen er Guds ord. Her, og ingen andre plassar, presenterer Gud seg sjølv og sin vilje for oss. 
I Salme 119,151 les me: "Herre du er nær, alle dine bod er sanning." 

Guds bod reflekterer hans moralske karakter. Guds lover i Bibelen skildrar den einaste sanne måten me kan leva liva våre på. Dersom me vik av frå hans lover, lever me i løgn. Difor må me audmjuka oss og innretta liva våre etter Guds lover dersom me skal oppretthalda eit godt og rett høve til han og kvarandre, og skal eit land erfara Guds velsigning, må landslovene også innrettast etter Guds, noko som langt frå er tilfelle i dag i Noreg. Og her er det verd å merka seg at Guds bod er pålitelege og evig gyldige. Dei som ikkje vil tru på Jesus kjem til å bli dømt etter heile Guds lovverk i Bibelen. Ikkje ein tøddel skal endrast på. 

Dette kan me sjølvsagt klaga på, men det hjelper ikkje. Guds rett kan berre attreisast i ein nasjon ved at Gud bryt gjennom i landet, som sola når ho løyser opp skodda ein seinsommardag. Sanning i Bibelen er Guds røyndom, den som Jesus kallar Himmelriket, den som kom inn i verda med han, han som kalla seg Sanninga, dvs. den eine sanne Gud, og jo fleire det er som er berarar av hans Ande, og jo tettare me står saman, jo kraftigare blir lyset og jo raskare lettar skodda. 

tirsdag 6. september 2022

Salme 111,4-6

 4 ז Han har skapt seg eit namn ved sine under,

          ח Herren er nådig og mild.
          
   
  5 ט Han gjev mat til dei som fryktar han,
          י han minnest si pakt til evig tid.
          
   
  6 כ Han viste sitt folk kor mektig han var
          ל då han gav dei det andre folk eigde.

v. 4. Bibelen er  ikkje berre ei underfull bok, ho er ei bok full av under. Fjerna du underet frå Bibelen, sit du att med permane, sa Åge Åleskjær i si tid. Skapinga, fedrehistoria med Abraham, Isak, Jakob, vidare forteljingane om Josef, Moses, Josva, dommarane, kong David, profetane, Jesus sjølv og apostlane. Det hagla med under, og gjennom undergjerningane sine skapte Herren seg eit stort namn i generasjon etter generasjon. Når det står her at Herren skaper seg eit namn, så meinest det sjølvsagt at han skaper seg berømmelse. Me såg jo dette på Jesu tid. Hans undergjerningar gjorde han kjent, og snart hadde alle hans namn på tunga.  
Dette lærer oss at skal Herrens namn bli stort i vår tid, så skjer det ved at menneska erfarer hans undergjerande kraft. 70% av alle som kjem til tru på Jesus gjer det etter å ha erfart eit mirakel i liva sine. Underet får dei til å føla seg elska av Gud, og alle som føler seg elska av Gud, overgjev seg til han. Intellektuelle forklaringar er ikkje nok for folk. Dei må få erfara Gud, erfara at han er mild og nådig.
v.5. Me er på veg inn i ei dyrtid. Matprisane skyt i været månad for månad. Mange i Europa er redde for ikkje å ha nok pengar til det livsnaudsynlege. Til dette må me som truande menneske seia: No er tida inne for alle å venda om til Gud og hans bod, for han aktar å sørga for dei som fryktar han. Den lovnaden vil han å halda nøye. Det er ein del av den pakta han inngått med oss gjennom Jesus. Denne pakta omfattar nemleg tilgjeving, fred, barnekår, kraft til teneste og dagleg omsorg. 
v.6. handlar om krigsbyte. Israels krigar kan me lesa om i Det gamle testamentet. Så lenge israelittane heldt seg til Gud og hans bod, sigra dei i slaga som dei kjempa. Då kunne dei ta ut krigsbyte som dei fordelte seg i mellom. Denne tida er over. Det høyrde med til den gamle pakts tid. I den nye pakt skjer fordeling av rikdom ved at dei som har mykje deler med dei som har lite. Det er nok ein langt betre versjon. Desse økonomiske prinsippa kan me lesa om mange plassar i Det nye testamentet, m.a. i 2.Korintarbrev 8 og 9. Men også i Det gamle testamentet vert både rike og fattige oppmuntra til å vera gavmilde, og Gud presiserer gong på gong at han vil velsigna dei gavmilde slik at dei alltid har nok til å gje enno meir. Herleg. Dette har eg erfart. 


mandag 5. september 2022

Salme 111,1-3

Halleluja!
        
          א Eg vil takka Herren av heile mitt hjarte
          ב i dei rettvises råd og forsamling.
          
   
  2 ג Herrens gjerningar er store,
          ד alle som elskar dei, grundar på dei.
          
   
  3 ה Høgt og herleg er hans verk,
          ו hans rettferd varer til evig tid.

Denne salma har ingen kjent forfattar. Me kan kalla henne ei akrostisk visdomssalme, dvs at ho er oppbygd etter det hebraiske alfabetet. Denne salma er så flott at eg kunne tenkt meg å læra henne utanåt, og kanskje det hadde vore ein ide for deg også? Ja, eg trur det. 

Vers 1. Først takkar salmisten Herren at heile sitt hjarta. Ikkje når han er for seg sjølv, men når han er i dei rettvises råd og forsamling, altså i kyrkjelyden. Salmisten elskar å prisa Gud saman med andre truande. Det er fint å gjera det når me er åleine, men enno betre når me er saman. Kristne som synest dei klarar seg utan kyrkjelyden, og som ikkje ser verdien av kristent fellesskap, er truleg ikkje kristne i det heile tatt. 

Vers 2. Herrens gjerningar er store. Han skapte himmelen og jorda, makrokosmos, mikrokosmos, planter og dyr med alle sine ufatteleg kompliserte biokjemiske genialitetar , og alt er så vakkert og avansert at det aldeles tek pusten frå oss. Det er Guds gjerningar i skapinga. Og så kjem det største av alt: Hans frelsesgjeringar i Jesus Kristus. Han kom til oss som eit medmenneske, demonstrerte sin godleik og si veldige makt gjennom tallause under og teikn, tok på seg alle våre ekle synder, sonte den straffa me hadde fortent, overvant døden for oss, stod opp frå grava for aldri meir å døy, før han for opp til himmelen, sette seg ved Fars høgre hand for å leida misjonsarbeidet, hans storverk i og med nasjonane. Alt dette elskar me å vera vitne til, studera og grunda på. Gode kristne er grundar på Guds ord og hans gjerningar.  Dei les og studerer medan dei ber Gud om å få stadig djupare innsikt i han og hans planar med verda. Det har ein enorm positiv effekt på liva deira, dei ber mykje frukt les me i Salme 1. 

vers 3. Og den som ber om å få Guds lys over Guds ord og verk, får det, og kva ser dei då? Jo at hans verk er høgt og herleg, eller skal me seia: Enormt stort og enormt vakkert. Alt Gud gjer er elegant og vakkert, det ser me frå det minste til det største i skaparverket. Det er uovertruffent, og me menneske er det mest fabelaktige han har skapt, for me liknar på Han. Og me er objekt for hans kjærleik, nåde, tilgjeving, lækjedom og frelse, det som han kallar si rettferd, og som er stor nok for alle. Denne, som kan aldri kan brukast opp og som vil vara til evig tid, er uløyseleg knytta til Jesus Kristus. For han, skriv Jeremia, er Herren, vår rettferd. For eit nydeleg uttrykk.

Guds rettferd er Guds gåve til oss menneske, ei gåve som me tek imot gjennom dåp og tru. Så lenge du trur på Jesus, er han di rettferd, din fridom, ditt liv, di framtid og ditt håp.