Denne salma er, som Salme 111, ei atrostisk visdomssalme, dvs oppbygt etter det hebraiske alfabetet. Truleg er det same forfattar som er ute og går her.
I starten slår salmisten slår med sitt "halleluja" an tonen, ei lovprisning som strengt tatt er grunntonen i ein kristens liv. For kva handlar kristenlivet om? Kva er poenget med å vera kristen? Ja, kva er i det heile poenget med å vera menneske? Det handlar om å kjenna og opphøgja Gud, og æra og prisa han.
Den som fryktar Herren er eit lukkeleg menneske. Å vera sæl er å ha Guds lukke i hjarta. Å vera lukkeleg som Gud, og som eg kommenterte i Salme 111, å frykta Gud er å tru på han og innretta livet sitt etter hans ord. Dei som gjer det vil raskt oppdaga at Guds lover er gode og gagnlege, og dei vil ha si glede i å leva etter dei.
Vers 2-3 inneheld to lovnader om at dei som elskar Gud og hans bod, vil koma til å bli mektige i landet, og at det skal vera velstand og rikdom i huset åt den rettskafne. Ingen har så stor innflytelse på samfunnet som Guds barn. Jesus seier om disiplane sine at dei var lyset for verda og saltet på jorda. Disiplane vart sendt til ei sjuk og moralsk degenerert verd, og dei kom med liv, håp, kraft og frelse. Bønene deira var sterke, forkynninga krystallklår og med dei gode gjerningane sine demonstrerte dei Guds kjærleik for folk. Dei vart mektige ved at dei kom med Gud til folk, og Gud skaper endring.
Denne makta er tilgjengeleg for alle nye kristne generasjonar. Men det kjem ikkje automatisk. Kvar ny generasjon må læra seg å kjenna og elska Gud og hans ord. Og gjer dei det, vil Gud sørga for resten. Vår jobb er liten. Guds jobb er stor. Me velsignar han med å æra og tilbe han, han velsignar oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus og med eit liv i teneste for han. Ei større velsigning kan ikkje eit Guds barn ha.
At det er velstand i ein kristens hus høyrest framand ut for oss. Men dette er også Bibelens ord. Du som elskar Gud kan forventa at Gud gjev deg meir enn nok av alt du treng til livsopphald, ja, så mykje at du alltid har noko å dela med andre. Men det handlar ikkje berre om det materielle. Han fyller heimen din med kjærleik, glede, fred og samhald, og dette er rikdomar som mange gongar overgår alt det materielle.
Og til slutt: Di rettferd vil alltid vara. Det betyr at Gud vil bevara deg i trua på Jesus, hindra at du fell i grov og vanærande synd, fylla deg med sine kvalitetar og føra deg trygt fram til sin himmel.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar