onsdag 7. september 2022

Salme 111,7-8

    7 מ Sanning og rett er hans henders verk,

          נ pålitelege er alle hans bod,
          
   
  8 ס dei er grunnfeste for evige tider,
          ע dei skal haldast i sanning og rettvise.

Sanning og rett er to nøkkelomgrep i Bibelen. Sanning er fakta om røyndomen, både den materielle, moralske og åndelege. Dei ulike vitskapane har som mål å leggja fram sanninga om verda, anten det er gjennom matematikken, naturvitskapen eller dei humanistiske faga. Men desse kan aldri læra oss sanninga om Gud. Det kan berre Gud sjølv. Han er ikkje eit objekt som me kan studera og få kontroll på. Han er skaparen av alle objekt som kan studerast, og av oss som studerer dei. For å seia det slik: Kristin Lavransdatter kunne ikkje ha noko kunnskap om Sigrid Undset, for det var Sigrid Undset som skapte Kristin. 

Alle som ønskjer seg sikker kunnskap om Gud, må audmjuka seg og lesa Bibelen, for Bibelen er Guds ord. Her, og ingen andre plassar, presenterer Gud seg sjølv og sin vilje for oss. 
I Salme 119,151 les me: "Herre du er nær, alle dine bod er sanning." 

Guds bod reflekterer hans moralske karakter. Guds lover i Bibelen skildrar den einaste sanne måten me kan leva liva våre på. Dersom me vik av frå hans lover, lever me i løgn. Difor må me audmjuka oss og innretta liva våre etter Guds lover dersom me skal oppretthalda eit godt og rett høve til han og kvarandre, og skal eit land erfara Guds velsigning, må landslovene også innrettast etter Guds, noko som langt frå er tilfelle i dag i Noreg. Og her er det verd å merka seg at Guds bod er pålitelege og evig gyldige. Dei som ikkje vil tru på Jesus kjem til å bli dømt etter heile Guds lovverk i Bibelen. Ikkje ein tøddel skal endrast på. 

Dette kan me sjølvsagt klaga på, men det hjelper ikkje. Guds rett kan berre attreisast i ein nasjon ved at Gud bryt gjennom i landet, som sola når ho løyser opp skodda ein seinsommardag. Sanning i Bibelen er Guds røyndom, den som Jesus kallar Himmelriket, den som kom inn i verda med han, han som kalla seg Sanninga, dvs. den eine sanne Gud, og jo fleire det er som er berarar av hans Ande, og jo tettare me står saman, jo kraftigare blir lyset og jo raskare lettar skodda. 

Ingen kommentarer: