mandag 5. september 2022

Salme 111,1-3

Halleluja!
        
          א Eg vil takka Herren av heile mitt hjarte
          ב i dei rettvises råd og forsamling.
          
   
  2 ג Herrens gjerningar er store,
          ד alle som elskar dei, grundar på dei.
          
   
  3 ה Høgt og herleg er hans verk,
          ו hans rettferd varer til evig tid.

Denne salma har ingen kjent forfattar. Me kan kalla henne ei akrostisk visdomssalme, dvs at ho er oppbygd etter det hebraiske alfabetet. Denne salma er så flott at eg kunne tenkt meg å læra henne utanåt, og kanskje det hadde vore ein ide for deg også? Ja, eg trur det. 

Vers 1. Først takkar salmisten Herren at heile sitt hjarta. Ikkje når han er for seg sjølv, men når han er i dei rettvises råd og forsamling, altså i kyrkjelyden. Salmisten elskar å prisa Gud saman med andre truande. Det er fint å gjera det når me er åleine, men enno betre når me er saman. Kristne som synest dei klarar seg utan kyrkjelyden, og som ikkje ser verdien av kristent fellesskap, er truleg ikkje kristne i det heile tatt. 

Vers 2. Herrens gjerningar er store. Han skapte himmelen og jorda, makrokosmos, mikrokosmos, planter og dyr med alle sine ufatteleg kompliserte biokjemiske genialitetar , og alt er så vakkert og avansert at det aldeles tek pusten frå oss. Det er Guds gjerningar i skapinga. Og så kjem det største av alt: Hans frelsesgjeringar i Jesus Kristus. Han kom til oss som eit medmenneske, demonstrerte sin godleik og si veldige makt gjennom tallause under og teikn, tok på seg alle våre ekle synder, sonte den straffa me hadde fortent, overvant døden for oss, stod opp frå grava for aldri meir å døy, før han for opp til himmelen, sette seg ved Fars høgre hand for å leida misjonsarbeidet, hans storverk i og med nasjonane. Alt dette elskar me å vera vitne til, studera og grunda på. Gode kristne er grundar på Guds ord og hans gjerningar.  Dei les og studerer medan dei ber Gud om å få stadig djupare innsikt i han og hans planar med verda. Det har ein enorm positiv effekt på liva deira, dei ber mykje frukt les me i Salme 1. 

vers 3. Og den som ber om å få Guds lys over Guds ord og verk, får det, og kva ser dei då? Jo at hans verk er høgt og herleg, eller skal me seia: Enormt stort og enormt vakkert. Alt Gud gjer er elegant og vakkert, det ser me frå det minste til det største i skaparverket. Det er uovertruffent, og me menneske er det mest fabelaktige han har skapt, for me liknar på Han. Og me er objekt for hans kjærleik, nåde, tilgjeving, lækjedom og frelse, det som han kallar si rettferd, og som er stor nok for alle. Denne, som kan aldri kan brukast opp og som vil vara til evig tid, er uløyseleg knytta til Jesus Kristus. For han, skriv Jeremia, er Herren, vår rettferd. For eit nydeleg uttrykk.

Guds rettferd er Guds gåve til oss menneske, ei gåve som me tek imot gjennom dåp og tru. Så lenge du trur på Jesus, er han di rettferd, din fridom, ditt liv, di framtid og ditt håp. 



Ingen kommentarer: