onsdag 31. august 2022

Salme 110,4-6

  4 Herren har svore og angrar det ikkje:

          «Du er prest til evig tid på Melkisedeks vis.»
          
   
  5 Herren er ved di høgre hand,
          han knuser kongar på sin vreidedag.
          
   
  6 Han held dom over folkeslag, det er fullt av lik,
          han knuser hovud vidt over jord.
          
   
  7 Han drikk av bekken ved vegen,
          difor lyfter han hovudet høgt.

Melkisedek var prest og konge i Salem (Jerusalem) på Abrahams tid. Då Abraham hadde vunne over ei rekkje røvarkongar som hadde kidnappa Lot og familien hans, kom Melkisedek ut og velsigna han, og Abraham gav han tiende av alt krigsbyte. Abraham anerkjende Melkisedek som Guds representant på jorda, ein bilete på den Messias som ein gong skulle koma og regjera i den same byen. 
Melkisedek peikar framover mot den nye pakt der Jesus er både konge og prest. I den gamle pakt var desse to embeta strengt fråskilde. 
Det kan vera grunn til å tru at Melkisedek rett og slett var ei Kristusopenberring i GT. Desse openberringane dukkar opp her og der som t.d.  i Josvas bok der me møter "hovdingen over Herrens hær", eller i Daniels bok der det dukkar opp "ein fjerde person i eldomnen" og i Dommarane 6,22 kjem "Herrens engel" til Gideon, og det er ingen tvil: Herrens engel her er Herren sjølv. 
Guds son kom i kjøt og blod til jorda ved møya Maria. Men hans opphav er evig, og treeininga kjem mange gongar til uttrykk i GT, som t.d. i 1. Mosebok 1,1-2 der Gud skaper verda med sitt ord, og ordet er Kristus, samstundes som Anden kviler over det mørke djupet. 
v.5-6 handlar om dei endelege domshandlingane som skal råka alle kongar og hærar som har opponerer mot Gud og hans folk. Dei skal alle knusast.
v.7 er til lærdom for oss alle. Herren drikk av bekken, og kan difor løfta hovudet høgt. 
Me har alle fått ein Ande og drikka, skriv Paulus i 1.Kor 12,13. Skal me ha styrke i oss til å løfta hovudet høgt og freidig, må me drikka av Andens bekk. Kor renn denne bekken? I Guds ord og gjennom kyrkjelyden (som i Salme 46,5 blir kalla Guds by). I Joh.4 er Jesus krystallklar på at det levande vatnet kan me drikka ved å ta til oss hans ord, og Anden kjem til oss med dette ordet samstundes som han forklarar det for oss. Og når mange kristne samlast, blir mange bekker samla til ei heile elv. Krafta aukar veldig når me samlast i Jesu namn, og me blir alle styrkte. 

Ingen kommentarer: