fredag 19. august 2022

Salme 110,1-3

 Av David. Ein salme.

        
           Herren seier til min herre:
          «Set deg ved mi høgre hand
          til eg får lagt dine fiendar
          som skammel for dine føter!»
          
   
  2 Frå Sion retter Herren ut ditt mektige septer.
          Du skal herska mellom dine fiendar!
          
   
  3 Folket ditt møter villig fram
          den dagen du viser di kraft.
          Din ungdoms dogg kjem til deg
          i heilag prakt, or morgonròdens fang.
          
Denne salma er messiansk, og knapt noko avsnitt i GT er så mykje sitert i NT som denne. Jesus nytta også denne salma i ein konfrontasjon med farisearane og dei skriftlærde (Matt 22,44) då han spurde dei: Kven er denne Davids son som også er Davids herre? Dei kunne ikkje svara, sjølv om svaret stod rett framfor dei. Som menneske var Jesus Davids son, og som Gud var han Davids herre. 
No sit Guds son ved Fars høgre hand, regjeringsplassen, og gjennom misjonen blir den eine etter den andre av hans fiendar lagt til skammel for hans føter. Dei blir overvunne av Guds ord, og kapitulerer og fell saman og ber om nåde og tilgjeving for sine synder og sitt opprør. 

v.2. Sion står her for himmelen. Herrens mektige septer er hans ord som lyder over alt der evangeliet blir forkynt, og evangeliet blir forkynt midt mellom Herrens fiendar. Guds ord fangar folk inn slik at dei bøyer seg for Gud og overgjev seg til han. 

v.3 er vakkert. Når Herren syner si kraft, då kjem folket hans strøymande. Når kyrkjene og bedehusa i våre dagar er lite besøkt, er det eit symptom på mangel på Guds kraft der. Det må me berre innsjå. Men når Gud stig fram og gjer eit overnaturleg verk, då blir det plutseleg interessant, og Guds barn kjem attende, og særleg dei unge. Dei "kjem som dogg ut frå morgonrådens fang". Dei er lut lei mørkret og mørkret sine gjerningar, og samlar seg om Jesus, verdas lys.  Unge menneske er svært sensitive overfor Gud, og dei fleste som blir kristne, blir det i unge år. Med ein gong dei får teften av Gud, legg dei skjermane frå seg og kjem på banen for å bli elska av han og tena han for resten av sine liv. Det er noko doggfriskt over unge åndsfylte kristne. Når dei vert fornya i sitt forhold til Gud, blir dei veldig ivrige og optimistiske. Alle kyrkjelydar treng den morgondoggen som dei unge representerer. 

Ingen kommentarer: