onsdag 31. august 2022

Salme 110,4-6

  4 Herren har svore og angrar det ikkje:

          «Du er prest til evig tid på Melkisedeks vis.»
          
   
  5 Herren er ved di høgre hand,
          han knuser kongar på sin vreidedag.
          
   
  6 Han held dom over folkeslag, det er fullt av lik,
          han knuser hovud vidt over jord.
          
   
  7 Han drikk av bekken ved vegen,
          difor lyfter han hovudet høgt.

Melkisedek var prest og konge i Salem (Jerusalem) på Abrahams tid. Då Abraham hadde vunne over ei rekkje røvarkongar som hadde kidnappa Lot og familien hans, kom Melkisedek ut og velsigna han, og Abraham gav han tiende av alt krigsbyte. Abraham anerkjende Melkisedek som Guds representant på jorda, ein bilete på den Messias som ein gong skulle koma og regjera i den same byen. 
Melkisedek peikar framover mot den nye pakt der Jesus er både konge og prest. I den gamle pakt var desse to embeta strengt fråskilde. 
Det kan vera grunn til å tru at Melkisedek rett og slett var ei Kristusopenberring i GT. Desse openberringane dukkar opp her og der som t.d.  i Josvas bok der me møter "hovdingen over Herrens hær", eller i Daniels bok der det dukkar opp "ein fjerde person i eldomnen" og i Dommarane 6,22 kjem "Herrens engel" til Gideon, og det er ingen tvil: Herrens engel her er Herren sjølv. 
Guds son kom i kjøt og blod til jorda ved møya Maria. Men hans opphav er evig, og treeininga kjem mange gongar til uttrykk i GT, som t.d. i 1. Mosebok 1,1-2 der Gud skaper verda med sitt ord, og ordet er Kristus, samstundes som Anden kviler over det mørke djupet. 
v.5-6 handlar om dei endelege domshandlingane som skal råka alle kongar og hærar som har opponerer mot Gud og hans folk. Dei skal alle knusast.
v.7 er til lærdom for oss alle. Herren drikk av bekken, og kan difor løfta hovudet høgt. 
Me har alle fått ein Ande og drikka, skriv Paulus i 1.Kor 12,13. Skal me ha styrke i oss til å løfta hovudet høgt og freidig, må me drikka av Andens bekk. Kor renn denne bekken? I Guds ord og gjennom kyrkjelyden (som i Salme 46,5 blir kalla Guds by). I Joh.4 er Jesus krystallklar på at det levande vatnet kan me drikka ved å ta til oss hans ord, og Anden kjem til oss med dette ordet samstundes som han forklarar det for oss. Og når mange kristne samlast, blir mange bekker samla til ei heile elv. Krafta aukar veldig når me samlast i Jesu namn, og me blir alle styrkte. 

fredag 19. august 2022

Salme 110,1-3

 Av David. Ein salme.

        
           Herren seier til min herre:
          «Set deg ved mi høgre hand
          til eg får lagt dine fiendar
          som skammel for dine føter!»
          
   
  2 Frå Sion retter Herren ut ditt mektige septer.
          Du skal herska mellom dine fiendar!
          
   
  3 Folket ditt møter villig fram
          den dagen du viser di kraft.
          Din ungdoms dogg kjem til deg
          i heilag prakt, or morgonròdens fang.
          
Denne salma er messiansk, og knapt noko avsnitt i GT er så mykje sitert i NT som denne. Jesus nytta også denne salma i ein konfrontasjon med farisearane og dei skriftlærde (Matt 22,44) då han spurde dei: Kven er denne Davids son som også er Davids herre? Dei kunne ikkje svara, sjølv om svaret stod rett framfor dei. Som menneske var Jesus Davids son, og som Gud var han Davids herre. 
No sit Guds son ved Fars høgre hand, regjeringsplassen, og gjennom misjonen blir den eine etter den andre av hans fiendar lagt til skammel for hans føter. Dei blir overvunne av Guds ord, og kapitulerer og fell saman og ber om nåde og tilgjeving for sine synder og sitt opprør. 

v.2. Sion står her for himmelen. Herrens mektige septer er hans ord som lyder over alt der evangeliet blir forkynt, og evangeliet blir forkynt midt mellom Herrens fiendar. Guds ord fangar folk inn slik at dei bøyer seg for Gud og overgjev seg til han. 

v.3 er vakkert. Når Herren syner si kraft, då kjem folket hans strøymande. Når kyrkjene og bedehusa i våre dagar er lite besøkt, er det eit symptom på mangel på Guds kraft der. Det må me berre innsjå. Men når Gud stig fram og gjer eit overnaturleg verk, då blir det plutseleg interessant, og Guds barn kjem attende, og særleg dei unge. Dei "kjem som dogg ut frå morgonrådens fang". Dei er lut lei mørkret og mørkret sine gjerningar, og samlar seg om Jesus, verdas lys.  Unge menneske er svært sensitive overfor Gud, og dei fleste som blir kristne, blir det i unge år. Med ein gong dei får teften av Gud, legg dei skjermane frå seg og kjem på banen for å bli elska av han og tena han for resten av sine liv. Det er noko doggfriskt over unge åndsfylte kristne. Når dei vert fornya i sitt forhold til Gud, blir dei veldig ivrige og optimistiske. Alle kyrkjelydar treng den morgondoggen som dei unge representerer. 

onsdag 10. august 2022

Salme 109,21-31

 Du, Gud Herre,

          gjer slik med meg for ditt namn skuld.
          Di miskunn er god, berg meg!
          
   
 22 For eg er hjelpelaus og fattig,
          hjartet mitt er såra.
          
   
 23 Eg kverv som skuggane når dei blir lange mot kveld;
          eg blir rist av som ei grashoppe.
          
   
 24 Knea sviktar fordi eg fastar,
          eg blir mager, det er ikkje feitt på kroppen.
          
   
 25 Eg har vorte til spott,
          dei rister på hovudet når dei ser meg.
          
   
 26 Hjelp meg, Herre, min Gud,
          frels meg i di miskunn
          
   
 27 så dei forstår at det kjem frå di hand,
          at du har gjort dette, Herre!
          
   
 28 Dei forbannar, men du velsignar.
          Dei reiser seg, men blir til skamme.
          Din tenar skal gleda seg.
          
   
 29 Lat dei som klagar meg, kle seg i vanære
          og sveipa seg i skam som i ei kappe!
          
   
 30 Eg vil prisa Herren med høg røyst,
          midt blant dei mange vil eg lovsyngja han.
          
   
 31 For han står ved den fattiges høgre side
          og hjelper han mot dei som dømmer.

I vers 21 ber David om at Gud skal berga han for sitt namn skuld. Det er ei audmjuk bøn, akkurat ei slik bøn som må me alle må be for å få den hjelpa som me treng. 
Vidare fortel han i dei neste versa at han er veldig svak, fattig og hjelpelaus, delvis som eit resultat av faste. Han er som ei grashoppe som lett blir rista av eit grasstrå, og han ber om frelse og utfriing, ikkje minst forat fiendane hans skal forstå at han har Gud med seg i livet (v.27). 
v.28. Ein kristen leiar får gjerne uvener når han forkynner Guds vilje, og blir lett bannstøytt av andre. Men Gud som han representerer, han velsignar, så då får det stå til, ja, meir enn det, han skal gleda seg. 
I vers 29 ber han om at det er dei som fører klagemål mot han som skal bli sitjande att med skam og vanære. 
I vers 30 lovar David å lovsyngja Herren offentleg med høg røyst. Dette gjer han i takksemd for at Gud har stått med han mot alle som ville dømma han. 

mandag 8. august 2022

Salme 109,6-20

 Dette avsnittet er ei bøn om at det må gå skikkeleg dårleg for Davids fiende og hans familie. Ordbruken er sterk, og bøna er svært uvant lesnad for dagens kristne.  Men David ber frå djupet av hjarta sitt, og sjølve bønesvaret overlet han til Gud. 

Vers 8 kjenner me forresten att frå Apg.1,20 der det er brukt om Judas Iskariot. Dette minner oss om at det som hende med David ofte står fram som eit førebilete på det som skulle henda med Kristus, han som var Davids son. Heile livet til kong David stod i ein profetisk kontekst. 

lørdag 6. august 2022

Salme 109,1-5

 Til korleiaren. Av David. Ein salme.

        
          Eg lovsyng deg, Gud, tei ikkje!
          
   
  2 For lovlause og svikefulle opnar sin munn mot meg.
          Dei talar til meg med løgn på tunga,
          
   
  3 omringar meg med hatefulle ord
          og strider mot meg utan grunn.
          
   
  4 Elskar eg, svarar dei med klagemål.
          Likevel bed eg.
          
   
  5 Dei gjev meg vondt for godt,
          hat for kjærleik.

Denne salma er full av dramatikk og vonde kjensler. David klagar over alle som hatar han sjølv om han elskar dei, og vers 1-5 skisserer han situasjonen. Sjølve salma er ei bøn om at Gud skal reisa seg, heva røysta si og offentleggjera meininga si for Davids fiendar. 
Desse menneska omtalar han som "lovlause" og "svikefull", folk som talar "løgn". 
At nokre menneske er lovlause betyr at dei ikkje anerkjenner Guds lov og lære. David elska Guds lov og lære, og han fremja denne i skrift og tale, og han ønskte at Guds ord skulle liggja til grunn for vala han tok i livet, og sjølv om syndefallet hans var digert, prøvde han aldri å endra reglane, i staden tok han Guds dom innover seg og gjorde bot. Dei lovlause og svikefulle derimot endrar og liberaliserer reglane når dei finn ut at Guds grenser blir for snevre, og dei prøver å få folk til å tru at Gud også har endra meining og innstilling både til det eine og det andre, særleg det som handlar om samliv. Når dei så møter predikantar som hevdar at Guds lover er evige og uforanderlege, reagerer dei med indignasjon og hat. 
Men David hadde Kristi sinn. Han elska fiendane sine, og fekk seg ikkje til å hata dei hatefulle. 
Slik er det med alle som lever av og for Kristi kjærleik. Dei får seg ikkje til å hata. Men sidan dei også elskar Gud, kan dei ikkje tilpassa seg folkeviljen. Dei vert ståande med Gud midt i konflikten, og kan bli ganske medherja. Men dei må tola det, for Jesus sa ein gong at ein læresvein ikkje er større enn herren sin, og kan ikkje venta seg å bli betre handsama enn han.