søndag 22. november 2026

Matteus 2,16-18

 Denne teksten er rå. 

Her møter me den morderiske Herodes som vel å ta livet av alle jødiske gutebarn i Betlehem under 2 år i den hensikt å vera sikker på at han med det har rydda Jesus av vegen. Det er ein djevelsk strategi utarbeida av ein mann full av demonisk vondskap. 

Slike typar dukkar opp i historia støtt og stadig, og me har dei også i vår tid. 

Difor er andre juledag vigsla til martyrane, alle som gjennom historia har måtta døy for Jesu skuld. 

Djevelen jaktar på barn. Dei representerer framtida, og kan han øydeleggja dei, er han veldig fornøgd. Og då er me komne fram til vår tids største brotsverk slik det ser ut frå Guds synsstad: Provosert abort. 

Dette er rein djeveleskap. Jesus seier om djevelen: Han er komen for å stela og drepa og øydeleggja. Og det er ei råkande beskriving. Han er den som står bak alle drap og alle krigar. Får han folk til å hata kvarandre, eller drepa for å oppnå fordeler, har han lukkast i sine planar. 

Men aldri har han så lett spel for å nå sine mål som når det gjeld provosert abort. For då drep folk i statens namn utan å hata og vera sinte. Dei ser på svineriet som ei velgjerning. 

Slik blir 50 millionar små menneske drepne kvart år verda over. Dei er skapte og forma av Gud i hans bilete, og han har meisla ut ein fantastisk plan for kvar av dei. Her er det framtidige legar, astronautar, universitetsprofessorar, biletkunstnarar, komponistar, musikarar, røyrleggjarar, klovnar, profetar, kelnarar, elektrikarar, dykkarar, mekanikarar, sjukepleiarar, kreftforskarar, oppfinnarar, mektige predikantar, filosofar, økonomar, generalar, store filantropar osv. 

Nokre av desse skulle løysa kreftgåta, oppdaga nye medisinar, opplysa formørka menneskesinn, skapa eit varmare samfunn, avsløra forbrytarar og mangt anna flott. 

Kva verda har gått glipp av gjennom desse drapa, vil me aldri få innblikk i, men det er mykje. 

Men desse Guds planar vart effektivt stoppa av den djevelske ideen om at eit svangerskap er ein sjukdom som kan lækjast ved eit kirurgisk inngrep, utan at ein ser noko nærare på kva dette inngrepet er. 

Difor er andre juledag for meg også ein minnedag for alle dei små menneskebarna som kvart einaste år får heile livet sitt abortert av legar som får mødre til å tenkja at dei dei berre bryt av eit svangerskap, og det bør for oss alle vera ein dag då me ber for dei ufødde barna at folk i alle posisjonar får medynk med dei og spara dei. Be om at det skal reisa seg eit mektig forsvar i folket for desse små og verjelause menneskebarna. Det vil i alle fall eg gjera, kvar dag så lenge eg pustar, eller til dei tause skrika frå dei ufødde vert høyrde, og lova endra til deira gagn. 

Eit samfunn som gjennom lovene sine gjer pakt med døden har inga framtid. 

torsdag 19. november 2026

Matteusevangeliet 2,13-15

 Dette er andre gongen Gud bergar Jesus frå Herodes sine svikefulle og morderiske planar. Først sende han vismennene "ein annan veg" attende til heimlandet, og i vår tekst sende han Jesus med foreldra til Egypt. 

Nøyaktig når Jesus vart fødd, veit me ikkje, truleg år 6 eller 7 før år null. Det kan me anta fordi Herodes den store døydde i år 4 f. Kr. 

Den personen som ein gong, mange hundre år seinare, påtok seg å berekna tida for Jesu fødsel,  har altså rekna nokre år feil. Men det lever me greitt med i det daglege.

Verre er det at akademia i Noreg vil rausriva tidsrekninga frå Kristi fødsel, og i staden for å seia at Sokrates vart fødd 430 f. Kr., seier og skriv dei 430 fvt, dvs. før vår tidsrekning. Dei har ein ubendig trong etter å fjerna alle tankar om at Jesus er historias viktigaste person, sjølve navet i tida. Men kva var det som hende i år null som fortener å minnast om det ikkje var Guds ankomst til jord som menneske? Ja, sei det. 

Maria, Josef og Jesus reiste til Egypt og var der til Herodes døydde. Slik vart ordet oppfylt som seier: "Frå Egypt henta eg sonen min." 

No er dette skrive om Israel. Men som Israels Messias måtte Jesus gå den vegen folket hans hadde gått. Jesus og Israel heng uløyseleg saman til evig tid. 


mandag 16. november 2026

Matteus 2,1-12. Vismennene frå Austerland

 Landet i aust kan vera både Persia og Mesopotamia. 

Vismennene var "magoi" som det heiter på gresk, magikarar. Truleg astrologar. Konstellasjonar på stjernehimmelen var deira språk, og Herren talte til dei på eit språk dei forstod, sjølv om har i GT åtvarar mot astrologi. 

Det kan også henda dei kjende til GT (4.Mos. 24,17)  der Bileam profeterer over Israelsfolket:  

"Eg ser han, men ikkje no, eg skodar han, men ikkje nær. Ei stjerne stig opp or Jakob, ein kongsstav lyfter seg frå Israel".

Og det trur eg strengt tatt var tilfelle, og at det var difor dei identifiserte stjerna med fødselen til Israels nye konge. 

Dei forstod også at denne kongen skulle råda over alle folk, inkludert dei sjølve, og difor ville dei reisa for å hylla og anerkjenna han, og stilla seg til teneste. 

Dette fører meg til å tenkja at dei nok ikkje berre var astrologar, men også teologar med meir inngåande kjennskap til dei heilage skriftene enn det me har tenkt før. 

Stjerna som dukka opp var ei vandrestjerne, ho synte vismenne vegen til Jesus. Så lenge dei følgde denne, var dei på veg mot rett mål, slik som me også er på veg mot rett mål så lenge me følgjer Guds ord i Bibelen. 

Men på eit gjeve tidspunkt tenkte dei at det nye kongsbarnet må ha vore fødd i Jerusalem, for det var jo kongens by. Då mista dei stjerna, og hamna i klørne på edomitten Herodes som var ein av desse vonlaust mistenksame herskarane som stundom dukkar opp i historia og valdar stor skade. 

Heldigvis fekk dei i Herodes slott vita av skriftlærde at Messias skulle fødast i Betlehem. Det hadde profeten Mika sagt 700 år tidlegare. Og då dei korrigerte kursen, dukka stjerna også opp på himmelen. Då vart dei jublande glade. Det var som om dei hadde funne attende til Gud, og det skaper alltid glede hos folk som ein gong har erfart å leva og flyta i Guds kjærleik. 

Det er ganske underleg at ingen av dei skriftlærde var interesserte i å bli med dei for å finna Messias. Det var ingen liten sak at den komande frelsarkongen var fødd. Det var jo det jødane hadde venta på i hundrevis av år. Men nei. Dei kjende ikkje trong for å møta frelsaren sin. Slik som folk flest i dag heller ikkje kjenner på dette behovet, og held seg borte frå dei plassane der Guds ord bli forkynt og Kristus har lova å openberra seg. 

Denne teksten er ein misjonstekst. Dei vise mennene representerer folkeslaga, og syner at Jesus også er deira konge. Det er eit forvarsel på det som skulle koma: Det jødiske folket stilte seg avvisande til Jesus, medan heidningane kom til å famna han. 

Vismennene fann Jesus, Maria og Josef, og dei gav Jesusbarnet gåver, gull, røykjelse og myrra. Nokre meinar at gullet symboliserer Jesu kongevelde, røykjelsen prestetenesta hans og myrra den profetiske salvinga som var over han. Og det kan jo henda at desse mennene ut frå dei heilage jødiske skriftene hadde så pass djup innsikt i kven Jesus var. 

Vismennene hadde ikkje vore så kloka at dei hadde avslørt Herodes som ein mordar som hadde tenkt å drepa Jesusbarnet. Han hadde jo sagt til dei at dei måtte koma attende til han med adresse som Jesus var på. 

Men ein Herrens engel åtvara dei i draumar om dette, og bad dei om å ta ein annan veg attende enn dei hadde kome, atlså hoppa over Jerusalem når dei skulle heim att. Og det gjorde dei. 

lørdag 14. november 2026

Matteusevangeliet 1,18-25

 Dette avsnittet innleier juleevangeliet hos Matteus. 

Maria var ei ung kvinne, ei møy som hadde blitt gravid ved Den heilage ande. Josef, som var trulova med henne, hadde vanskar med å tru at dette var sant, og ville skilja seg frå henne så stille som mogeleg. Han var svært glad i Maria, og ville henne berre godt, så dette må ha vore uvanleg tunge dagar for Josef. Eit spørsmål som sikkert plaga han meir enn noko anna var dette: Ville dei steina henne? Det var jo ein fare for det. 

Men så fekk Josef englebesøk, slik som Maria i følgje Lukas 1 også hadde hatt. 

Engelen stadfeste for Josef i ein draum at barnet under Marias hjarta var avla ved Den heilage ande. Så gav han Josef ansvaret for barnet og mora, og han skulle gje guten som dei venta namnet Jesus, eller Yeshua som er den hebraiske versjonen av namnet. Det tyder "Herren er frelse". Det skulle han heita fordi han skulle "frelsa folket sitt frå syndene deira." 

Israel er Guds folk. Dei skal altså ein dag bli frelst frå syndene sine. Det skal Jesus sørga for. Objektivt vart dei, som alle oss andre, frelste frå syndene sine då Jesus døydde på krossen for oss. Guds frelse er ferdig. Men subjektivt må kvart menneske ta imot den frelse som Jesus har stelt i stand for oss. Det gjeld Israels barn, og alle oss andre. Men den lovnaden som ligg i denne teksten fortel oss at ein dag skal heile Israel bli frelst, at Jesus ein dag skal utrydda all gudløyse i Jakob (Jakob er eit anna namn på Israel), som Paulus formulerer det i Romarbrevet 11. 

Når det vart sagt om Jesus at "han skal fria folket sitt frå syndene deira," kan det ikkje gjelda oss heidningar, for me blir nemleg ein del av Guds folk når me blir frelst frå syndene våre, ikkje før. 

Matteus markerer så at dette hende for at profetien i Jesaja 7 skulle oppfyllast som sa at ei møy skulle bli med barn, og barnet skulle kallast Immanuel som tyder "Gud med oss". To ting her: 1) Matteus lenkar det som skjedde med Jesus til profetord i GT. Han skriv evangeliet sitt primært for jødar. 2) Gud er med alle som har Jesus i liva sine. 

Etter denne draumen gifta Josef seg med Maria og tok henne heim til seg, men dei hadde ikkje seksuell omgang før Jesus vart fødd. 

onsdag 7. oktober 2026

Matteusevangeliet 1,1-17

 Dette avsnittet gjev oss eit oversyn over Jesu slektstavle, og lenkjer Det nye testamentet solid til Det gamle testamentet. 

Vers 1 markerer at Jesus er etterkomar av David og Abraham, dei to mest sentrale personane i jødefolket sin historie. Abraham er stamfar nr.1, og kong David var den rettferdige kongen som regjerte over eit rike som er langt større enn dagens Israel. Jesus var etterkomarar etter dei begge, og kom for å verkeleggjera det desse to hadde stått for og fått openberringar om. 

Vers 2-17 utgjer sjølve slektstavla bak til Abraham. Matteus markerer at det er 14 ledd mellom Abraham og David, 14 mellom David og eksilet i Babylon og 14 ledd mellom bortføinga skjedde til Jesus Meesias vart fødd. 

Kanskje vil han med dette antyda at det er ein viss matematisk rytme i det Gud gjer. Mange har vore inne på det. Det er i alle fall ein eigen talsymbolikk i Bibelen der 7-talet er eit fullkome tal, og 14 er jo det doble av 7, kva no enn det måtte bety. 

Det er tre kvinner som er nemnde i Jesu ættetavle: Rahab, kanaanearkvinna som levde som prostituert før ho vart innlemma i Israel , Rut som var ei moabittiske heidningekvinne og "kona til Uria", Batseba, som David hadde eit illegitimt forhold til, ei historie som gjorde han ansvarleg for Urias død.  

Jesu slekt var som andre slekter, full av litt av kvart. Men Gud vaka både over aktørane, og over det som hende, og let seg ikkje hindra av synd og uforstand. Går me gjennom kongerekka her finn me folk som gjorde forferdelege ting, som svikta Gud, landet og folket sitt. Det var regelen meir enn unnataket. Men i denne falne og frynsete slekta vart Jesus fødd inn for å frelsa alle falne syndarar, og det gjorde han ved å identifisera seg med dei. Men det skal me koma rikeleg attende til seinare. 


søndag 7. juni 2026

Salme 150

 Denne salma er berre eit mektig crecendo som avsluttar heile salmeboka. Salmisten oppfordrar himmel og jord å lovsynga Gud for hans store verk, og då tenkjer han både på skaping og forløysing. 

I vers 3-5 blir alle slags instrument kopla inn i lovsongen. Her er det fullt orkester. 

Vers 6 avsluttar salmane med at alt og alle som pustar skal lova Herren. 

Grunntonen i Salmane er tilbeding og lovsong, og det einaste ordet som høver som sisteord i denne boka er HALLELUJA.

Og med dette er mi gjennomgang av denne boka koma til ein ende. Takk til alle som har vore med på reisa. 

Salme 149

 Vers 1: Oppfordring til å syngja ein ny song for Herren "der dei trugne samlast", altså i kyrkjelyden. Nye songar er naturleg i kristne fellesskap der Gud er aktiv. 

Israel er skapt av Gud, og kan gleda seg over sin spesielle historiske posisjon som Guds utvalde folk, og det kan også me gjera som gjennom Jesus Kristus er påkopla dette folket. 

Vers 2 er ein parallellisme der den andre strofa er lik den første berre  uttrykt med andre ord. Vers 3 rettferdiggjer lovsongsdans og bruk av rytmeinstrument i Guds forsamling. 

Vers 4 er vakkert. Gud har hugnad i dei som i si hjelpeløyse grip tak i han. Deira liv kronar han med siger. 

Vers 5 utvidar lovsongsmotivet. Her er det JUBEL og ROP. Det tek liksom litt av, kan du seia.

I vers 6 går me i krigen med lovsong i munnen og tvieggja sverd i handa. På salmistens tid var nok dette høgst konkret tenkt. Men i lys av Hebr, 4 kan me  for vår del godt tenkja oss dette som ein åndeleg erobringskrig der Jesu Kristi kyrkje går ut i verda med lovsong i munnen og Bibelen i handa. 

Som kristne forkynner me både lov og evangelium. Guds lov definerer rett og galt, vondt og godt, og refsar og bind kongar og folk i deira synd og dømmer hjartans tankar og planar. Det er kyrkja si ære å forkynna Guds ord uavgrensa, reint og uforfalska.