Salma startar med å oppfordra oss til å lovsynga Herren fordi han er god, fordi det er godt for oss å gjera det, og fordi han har valt ut Israel til sin eigedom, tre gode grunnar.
Og så kan me for vår del takka han for at han i Kristus også har valt ut oss til å vera hans barn og arvingar.
I vers 5-7 stoppar eg spesielt ved vers 6: "Alt Herren vil, det gjer han."
Herren har altså makt til å gjera det han vil. Kva vil han? Frelsa dei fortapte, lækja dei sjuke og frigjera dei som er bundne av djevelen.
Vidare ser me i salma at han styrer med vær og vind, feller dommar, sørger for rettferd for folket sitt, syner medkjensle med dei som tener han.
Alt dette gjer han i motsetnad til avgudane som korkje føler eller gjer noko som helst, og dei som tilber dei, blir som dei.
Dette er forresten ein spennande tanke: Du blir som den/dei/det du tilber.
Skulle ikkje den tanken inspirera deg til å tilbe den levande Gud?
Salma sluttar som ho starta med å oppfordra ulike greiner av Israel til å lovsynga Herren.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar