mandag 2. juni 2025

Salme 132,6-10

 6 Vi høyrde om paktkista i Efrata,
vi fann henne på markene ved Jaar.

7 Lat oss gå inn i hans bustad,
kasta oss ned for hans fotskammel!

8 Reis deg, Herre, og kom til din kvilestad,
du og paktkista, som er din styrke.

9 Prestane dine skal kle seg i rettferd,
dine trugne skal ropa av fryd.

10 For David, din tenar skuld,
vis ikkje frå deg den du har salva!

Paktkista hadde ein rik symbolikk. I kista låg steintavlene med dei ti boda, ei mannakrukke og Arons stav, uttrykk for Guds gode vilje, Guds ord og Kristus som gjetar for kyrkja si. Loket på kista kalla Martin Luther for "nådestolen". Moderne bibelomsetjingar kallar det for "soningsloket", og på soningsloket var det to mektige englar, to kjerunar i massivt gull med vengjene sine peikande framover mot kvarandre, og mellom vengjespissane var senteret for Guds mektige nærvær i sitt folk. Med ei lov skjult i kista, var også alle synder utraderte for Guds andlet, for synd er lovbrot, og lovbrot kan berre definerast ut frå lov. 

Alt det paktkista var for israelittane, og meir til, er Jesus for oss.

Kyrkjelyden er Guds bustad, eller hus om du vil. Hans familie. Hans hushald.  Når me samlast, kastar me oss ned for hans fotskammel, og me ber: "Reis deg, Herre, og kom til din kvilestad."

Tenk om me kan oppleva og erfara det i kyrkjelydane våre at Herren finn ein kvilestad hos oss, ein plass han kjenner seg heime, ein plass der det er lett å bli kjent med han, ein plass som verkar attraktiv på falne syndarar, som Jesus gjorde det i sitt jordeliv. Men skal Jesus trivast hos oss på ein måte som gjer at han får lyst til å vera permanent nær på ein sterk måte, må me ta eit definitivt oppgjer med alt som har snike seg inn i liva våre av synd og syndige haldningar og tenkemønster. 

Israelittane hadde paktkista med seg i krig, og då vann dei gjerne i kampen. 

Jesus har sendt oss ut i krigen for å disippelgjera nasjonane, og ekspandera Guds rike på bekostning av djevelens rike. I denne gode striden er han med oss alle dagar så lenge verda står. Me skal få rekna med det. 

Når kyrkjelyden din blir ein kvilestad for Herren, då blir det gode tider i lokalsamfunnet. Då veit folk kor dei skal gå for å finna Gud. Det skjer når me (som alle er prestar) kler oss i rettferd, dvs trur på Jesus, og ropar av fryd. Lite er så attraktivt som glede. 

Det ber om skal skje også i vår forsamling, for Jesu skuld, han som er vår Davids son og Davids konge, sant menneske og sann Gud. 


Ingen kommentarer: