11 Herren har svore til David
eit påliteleg ord han ikkje går frå:
«Di livsfrukt vil eg setja på trona di.
12 Dersom sønene dine held mi pakt
og den lov eg vil læra dei,
så skal sønene deira òg
alltid sitja på di trone.»
13 For Herren har valt ut Sion,
henne vil han ha til bustad:
14 «Dette er min kvilestad for all tid,
her vil eg bu, for henne vil eg ha.
15 Maten hennar vil eg velsigna,
dei fattige vil eg metta med brød,
16 prestane hennar kler eg i frelse,
dei trugne skal ropa av fryd.
17 Der lèt eg eit horn veksa fram for David,
eg steller til ei lampe for den eg har salva.
18 Fienden vil eg kle i skam,
men på han skal krona stråla.»¨
Vers 11 er ein lovnad bygd på visse vilkår. Så sant Davids etterkomarar var trufaste mot Gud og hans lov, skulle hans kongedømme bestå. Elles ikkje.
Når me les GT ser me ei rekkje med kongar som opponerte mot Gud og hans lov, og det enda opp med eksil i Babel, og kongedømme gjekk under, utan at Davids ætt av den grunn vart borte.
Så låg dette rike nede for teljing heilt til Jesus dukka opp på historiens arena. Då vart det attreist under nemninga GUDS rike, og etter å ha lide og døydd for verdas synder, sette han seg på himmeltrona si for å regjera i himmel og på jord for all framtid. No er dette eit EVIG rike som aldri kan forgå, og som ein dag skal gjera slutt på alle andre jordiske riker. Det les me om i Daniels bok kap 2.
Herren har valt ut Sion som sin kvileplass. Herren vil rett og slett ha Jerusalem. Ho er hans by. Og når Jesus ein dag kjem att til dom og frelse, er det til Sion han kjem.
v.15-17 skildrar tider når Gud er nær i sitt folk og si kyrkje. Då blir folk velsigna på alle nivå, åndeleg og timeleg. Då får dei fattige mat, og prestane, dei åndelege leiarane, blir kledde i frelse, noko som eg i denne settinga trur må vera utrustning med tanke på å formidla frelse til folket. Og gleda vert overmåte stor når lyset sigrar over mørket.
Hornet som veks fram frå David er Davidssonen Jesus. Han vart fødd like utanfor Jerusalem, i Efrata, i Betlehem.
Ein lampe gjeve lys. Jesus er verdas lys. Han sluttar aldri å skina gjennom sitt ord, og gjennom alle som har teke lyset inn. I dag er kyrkja Guds lampe i verda, og det er ho så lenge ho ikkje slepp mørket inn på seg, som mange kyrkjer gjer i dag.
Fienden er dei som forfølgjer kyrkja og vil utsletta Israel. Dei som det gjer skal kledast i skam. Dei som vil skada Jesu kyrkje og Israels folk, vil sjølv bli dei skadelidande.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar