Ein song til festreisene. Av David.
Sjå, kor godt og vakkert det er når brør bur saman!
2 Det er som den fine oljen på hovudet
når han renn ned i skjegget, Arons skjegg,
ned over linningen på kjortelen.
3 Det er som dogg frå Hermon
når han fell på Sions fjell.
For der gjev Herren velsigning,
liv til evig tid.
Denne salma er eitt av dei sterkaste insitamenta til kristent fellesskap som me finn i Bibelen. Når Jesustruande finn saman og elskar kvarandre, løyser det ut ei kjelde med åndeleg velsigning for den tida me lever i og heilt inn i den komande tidsalderen.
Det er så mange kristne som trur dei klarar seg så innmari godt utan fellesskapet og kyrkjelyden i våre dagar. Det gjer dei ikkje, og når dei ikkje søkjer samfunn med brørne, hindrar dei Gud. Men når Guds barn audmjukar seg innfor kvarandre og seier at "eg treng deg" (som Michael Oh la så stor vekt på i ein tale under Lausannekonferansen i Seoul nyleg), ausest Anden ut over alle i rikt mål, her uttrykt gjennom olja som renn over Arons kropp, og doggen frå Hermon som velsignar Sion, som minnar oss om at Herren velsignar den eine kyrkjelyden gjennom den andre. Det skal halda oss alle i ein audmjuk posisjon.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar