onsdag 21. januar 2015

Salme 45,9-18

 v.9 Kongen luktar godt av myrra, aloe og kassia. Myrra kjenner me frå juleforteljinga som ei velluktande salve. Aloe er det som me kallar alovera, og som me brukar som sårsalve med lækjande og lindrande verknad. Kassia er kanel. 

Jesus og hans vener skaper himmelsk atmosfære. Også gjennom sitt strengespel, dvs sin fagre lovsong. Det er sant: Lovsongen til Gud dreg himmelske krefter ned til oss. 
         

v.10 Berre dei som kongen vel ut kan koma til hoffet og bli ein del av dette.
Jesus seier: "De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk." 
Han har gjort oss til kongar og prestar, skriv Peter i sitt første brev kap. 2.
Det handlar om identitet.
         

Eg tolkar det slik at brura i denne teksten er det frelste Israel slik ho ter seg før Jesus kjem att i herlegdom.

v.11 Kongen vil ha dottera si merksemd. Han vil at ho skal lytta til han og  gløyma farsslekta. Jesus seier at dei som elskar far og mor meir enn HAN, er han ikkje verd.
Å bli kristen er å bli plassert inn i ei ny slekt, Guds slekt. Det blir samanlikna med å inngå ekteskap, ein radikal endring av status. Ein forlet far og mor og held seg til ektefellen. Ein kristen går inn i ein slik relasjon til Kristus. Han blir vår livskjærleik og ingen andre enn Han skal ha makt i liva våre. Familiar har verdiar og uskrivne kodexar for kva som er rett og galt, bra og mindre bra. Å bli kristen er å snu ryggen til dei gamle familieverdiane og adoptera Guds verdiar og HANS rettskodex. 

v. 12  Kongen blir ikkje mett av brura vin venleik. 
Jesus synest du er vakker, den vakraste han veit om. Han blir aldri lei av deg og aldri mett av å sjå på deg. Han gleder seg over deg. 
Difor skal du bøya deg for han, din Herre. Å bøya seg tyder å tilbe han og lyda hans ord. 

v. 13 Guds kyrkje skal gjennom sin måte å leva på få så stor respekt i verda at dei som står utanfor samfunnet med Gud (her Tyros dotter) skal koma med gåver for å oppnå hennar gunst. Det synest peika framover mot ei anna tid enn den me lever i no.
        
v.14: Som kristne er me fullkomne og herlege.  Rettferdige for Gud, vakre for Gud og store i kraft. Kjolen er ei gåve frå Gud sjølv som seier kven me er. Han er gjennomvoven av gull som er eit bilete på Guds herlegdom. Som kristne er me berarar av Guds herlegdom. Den ligg utanpå oss og gjev oss ein aura av guddommeleg kraft og godleik. 


15 Brura er vakker. Dei unge jentene som går bak henne er kristne frå alle dei andre folkeslaga i verda. Dei er det frelste Israels brudejenter. Alle blir dei ført fram for kongen med fryd og glede (v.16), som er grunnstemningen i Guds kyrkje.
         v.17 Ein ny generasjon menn står fram som leiarar i landet. Dei overgår fedrane sine i kjærleik til Gud og hans ord og blir betrudd større ansvar.
         

v.18  Å minnasts Herrens namn er det same som å repetera hans velgjerningar, lova han for dei og dagstøtt forkynna hans strålande rettsordning. Då vil folka lova Han i all æva. Det er ein lovnad. 


onsdag 14. januar 2015

Salme 45,4-8

v.4-5 Kongen er ein krigar. Han kjempar for sanning, mildskap og rett. Difor har han alltid sverdet sitt tilgjengeleg. Sverdet er Guds ord. DET er det einaste våpenet som duger når me kjempar for slike høge og noble verdiar. 

 Kongen blir oppmoda om å ri ut og vinna siger. Han har eit stort oppdrag, han skal gjera erobringar for sitt rike. Og Jesus seier: Slik som Far sende meg, sender eg dykk. Me skal ut og erobra verda for Jesus Kristus. Det er ikkje snakk om å gå ut for å tapa, men for å vinna. Det er einaste alternativet her. Me går ut til folket i Guds herlegdom. Der ligg krafta og utrustninga. 

Guds høgre hand gjer "skremmande gjerningar", eller "undergjerningar" som det står i den tyske Bibelen. Her skal me frimodig tenkja på Jesus som la hendene på dei sjuke og lækte dei.  ENORME ting hende like framfor augo på folk.

Slik som kong Jesus, skal me også alltid bera Guds ord med oss. Me skal festa det til kroppen. Det skal vera lett å ta til. Støtt og stadig skal me fordjupa oss i skriftene, sitera Guds sanningar for oss sjølve, memorerer dei, synga dei, få dei inn i hovudet slik at me kan bruka dei effektivt i møte med våre medmenneske. For Guds ord er eit sverd som trenger gjennom menneska sine forsvarsverk, bryt dei ned og gjer sjelene opne for Gud. 

v.6: Guds piler er eit bilete på profetiske ord som med stor kraft flyg gjennom lufta og råkar folk djupt i samvitet. Dei fell som fluger, bøyer seg og sannar at Gud er mellom oss som trur. 1.Kor. 14,25.

v.7: Her blir brudgomens identitet avslørt: Han er Gud. Hans kongstol står evig fast. Riket hans er bygd på rettferd. Kva er rettferd? Alt som som er eit uttrykk for Guds kjærleik, og alt som fremjar denne kjærleiken. 

v.8: Kongen elskar rettferd og hatar vondskap (KJ). Difor er han salva med gledesolje. Guds gode bod fremjar glede hos den som lever etter dei. Slik er det både fordi det ligg ei eiga lukke i det å søka det gode og leva sant og sjølvoppofrande, men også fordi Gud ærar alle som anerkjenner ordet hans, og som strekker seg etter å realisera det, med å gje dei del i si glede, den som Han er så full av og som kjem over oss ved Den heilage ande.

tirsdag 13. januar 2015

Salme 45,1-3

Salme 45 er skriven til kongens bryllaup. Det er ein kongesalme og ein bryllaupssong, og brudgomen er Gud sjølv (vers 7-8).

Hjarta til salmisten strøymer over av gode ord. Jesus seier ein plass at "det hjarta er fullt av, renn munnen over med." Og han seier: "Etter dine ord skal du frikjennast, og etter dine ord skal du dømmast skuldig." Så, min ven, sørg for å vera som denne salmisten, eit menneske som er full av gode og edle ord, ord lagt ned i deg av Gud.

Den som har fått ord frå Gud, føler ein brennande trong etter å formidla dei vidare, skriva dei ned eller tala dei ut. Salmisten både talar og skriv. Han er oppslukt av brudgomen, og kan ikkje tenkja seg nokon som er vakrare (eller meir rettferdig, som det heiter i KJ) enn han, og når me samanliknar v.3 med v.2, er det nærliggande å tenkja seg at dei orda som fløymer over hos han sjølv har si kjelde i han som har fått "vakker tale lagd på sine lepper." I King James les me om brudgomen at nåde er aust ut over leppene hans, og i NIV les me at leppene hans er salva med nåde. Uvisst er det for meg kvifor den norske omsettinga har erstatta nådefull med vakker. Det synest vera ei svakare løysing. Og sant og seia har me alle meir bruk for ein konge som talar nådig enn vakkert.

Og så ligg det eit førebilete i dette her. For me er også talande vesen, og me har all grunn til å be Gud om å salva leppene våre med nåde, eller ausa nåde ut over leppene våre. Slik tale fører til at me i neste omgang blir frikjende menneske.

"Difor har Gud velsigna deg for alltid (evig)" (NB11 og KJ)  I NIV  les me: "sidan Gud har velsigna deg for evig." Anten kjem nådens ord som ei følgje av å vera velsigna, elles kjem velsigninga som ei følgje av at han talar ord i nåde. Kanskje kan me tenkja oss begge deler her. Men også på tysk heiter det at difor har Gud velsigna deg. Det er fint. Me blir velsigna av Gud når me snakkar sant og nådefullt til og om andre menneske.

Salme 44,21-27



Det jødiske folk på veg i diaspora


v.21-23: Igjen ser me at det er ikkje synd eller ulydnad som har ført vanskar over Israel denne gongen. Nei, snarare tvert om, det er deira rettferd som har gjort det vanskeleg for dei. Alt som har skjedd, har skjedd for Herrens namn skuld, les me. Det er altså snakk om forfølging.

v.24 er ei bøn om at Herren skal reisa seg og aksjonera. Salmisten insinuerer at Gud søv og at han må sjå til å vakna og ikkje støyta folket bort for alltid. Han vil at lagnaden skal snu, at dei skal få koma attende til Jerusalem, til templet, til Gud sjølv og finna balansen i livet attende, få det rett og godt.

Men det vil seg ikkje. Vers 25 er eit spørsmål om kvifor Gud løyner andletet sitt, og kvifor han gløymer den naud folket er i. Vel, Gud gjer nok ikkje det. Men han tek seg ofte god tid. Det synte han også på israelittane i Egypt. Først etter 400 år med slaveri, greip han inn og fridde dei ut.

v.26 er ei skildring av korleis folket har det. Dei søkk stadig djupare, og kjenner seg pressa mot jorda. Det er ganske ille, og dei har ingen kraft til å reisa seg og berga seg sjølv.

v.27: Difor ber salmisten om at Gud i si miskunn skal fria dei ut, ja, for si miskunns skuld, som det står i King James-oversettinga. Det er ein sterk appell. Salmisten seier til Gud: det handlar ikkje berre om oss og vårt vel, men om det ryktet som di miskunn skal ha mellom menneska. For det er jo slik at når Gud svarer bønene våre og friar oss ut av stor naud, får hans namn ære og hans hjartelag blir rost og kjent for andre.