v.4-5 Kongen er ein krigar. Han kjempar for sanning, mildskap og rett. Difor har han alltid sverdet sitt tilgjengeleg. Sverdet er Guds ord. DET er det einaste våpenet som duger når me kjempar for slike høge og noble verdiar.
Kongen blir oppmoda om å ri ut og vinna siger. Han har eit stort oppdrag, han skal gjera erobringar for sitt rike. Og Jesus seier: Slik som Far sende meg, sender eg dykk. Me skal ut og erobra verda for Jesus Kristus. Det er ikkje snakk om å gå ut for å tapa, men for å vinna. Det er einaste alternativet her. Me går ut til folket i Guds herlegdom. Der ligg krafta og utrustninga.
Guds høgre hand gjer "skremmande gjerningar", eller "undergjerningar" som det står i den tyske Bibelen. Her skal me frimodig tenkja på Jesus som la hendene på dei sjuke og lækte dei. ENORME ting hende like framfor augo på folk.
Slik som kong Jesus, skal me også alltid bera Guds ord med oss. Me skal festa det til kroppen. Det skal vera lett å ta til. Støtt og stadig skal me fordjupa oss i skriftene, sitera Guds sanningar for oss sjølve, memorerer dei, synga dei, få dei inn i hovudet slik at me kan bruka dei effektivt i møte med våre medmenneske. For Guds ord er eit sverd som trenger gjennom menneska sine forsvarsverk, bryt dei ned og gjer sjelene opne for Gud.
v.6: Guds piler er eit bilete på profetiske ord som med stor kraft flyg gjennom lufta og råkar folk djupt i samvitet. Dei fell som fluger, bøyer seg og sannar at Gud er mellom oss som trur. 1.Kor. 14,25.
v.7: Her blir brudgomens identitet avslørt: Han er Gud. Hans kongstol står evig fast. Riket hans er bygd på rettferd. Kva er rettferd? Alt som som er eit uttrykk for Guds kjærleik, og alt som fremjar denne kjærleiken.
v.8: Kongen elskar rettferd og hatar vondskap (KJ). Difor er han salva med gledesolje. Guds gode bod fremjar glede hos den som lever etter dei. Slik er det både fordi det ligg ei eiga lukke i det å søka det gode og leva sant og sjølvoppofrande, men også fordi Gud ærar alle som anerkjenner ordet hans, og som strekker seg etter å realisera det, med å gje dei del i si glede, den som Han er så full av og som kjem over oss ved Den heilage ande.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar