lørdag 7. november 2020

Salme 89,31-38

Vi skal merke oss at vers 31-33 er talt til Messias sine søner, altså til oss kristne. Dersom me forlet Guds lov og ikkje følgjer boda hans, då straffar han oss med slag. Her er det ikkje snakk om evig straff, men om tukt, slik me kan lesa om i Hebrearbrevet 12, og dette er ei tukt som er heilt naudsynt for å bringa oss i rett posisjon att i vårt høve til Gud, slik at me ikkje fell frå og går fortapt. 

Det er vanleg at kristne vik av frå Guds veg, ofte utan å merka det sjølv, og pågår dette prosessen lenge nok, kjem me bort frå Gud i hjarto våre. Det er i slike tider Gud må tukta oss. Det gjer han gjennom ordet sitt når me høyrer og les det, gjennom våre kristne søsken som formanar oss eller gjennom ting som skjer i liva våre som tvingar oss attende til han. 

Denne bodskapen er totalt fjern for kristne i dag. Men ikkje mindre er han viktig. 

v.34-38. For mitt i denne oppsedingsprosessen, trekkjer ikkje Gud, vår gode Far, si miskunn attende, nei, det er nettopp fordi han er god at han straffar oss, og hans truskap mot oss svikter ikkje. Den pakta han inngjekk med Jesus, handlar nemleg om oss, og det han her seier til sonen sin, seier han til oss. Guds ord om at me skal eiga syndsforlating og evig liv ved trua på Jesus, er ord han aldri dreg attende. Og ordet han talar om Jesu evige herredøme over himmel og jord, står fast som fjell gjennom hundreåra. Det er ei sanning evig som månen, det trufaste vitne, som han kallar denne jordas følgjesvein.

Men Jesu trone skin som sola. Og Jesus sa om seg sjølv: "Eg er lyset for verda. Den som trur på meg, skal aldri vandra i mørket, men ha livsens lys." Og det er sant. Kvar dag får eg for Jesu skuld sola meg i lyset frå den evige Guds kjærleik til meg og alle menneske. Måtte han opna alle sine augo slik at dei kan få sjå Han og leva evig.  


   
 

onsdag 14. oktober 2020

Salme 89,19-30

v. 19: Dette verset inneheld ein parallellisme, dvs. siste del av verset utdjupar første del. Det er eit vanleg fenomen i den poetiske litteraturen i Bibelen. Og då må me forstår det slik at Israels konge skulle vera eit skjold for folket sitt.  Han skulle beskytta det mot åtak og mot vonde hendingar, og det er med respekt å melda framleis primæroppgåva for ein statsleiar. 

Å ha ein kristen konge, ein kristen statsminister eller president som ber til Gud er framleis eit stort gode for eit folk, og for Israel var det slik at så lenge kongen tilhøyrde Herren, gjorde folket det også. 

Det er ein kollektivistisk tankegang i Bibelen som me må forstå dersom me skal forstå noko som helst av kva kristendomen handlar om, og det er ikkje lett for oss i vesten som blir opplærde til å tenkja individualistisk frå me er ein neve store. Her er det meg og mitt og mine oppfatningar og opplevingar som har betydning for meg, trur me. Men denne måten å tenkja har me lært frå greske filosofar, og ikkje frå Bibelen. Der er sikte langt meir kollektivt. 

Saka er den: Israels konge var eitt både med Herren og med folket sitt, og så lenge han heldt seg til Herren, gjekk det godt med folket. 

Kongen i Israel var eit førebilete på Jesus, den store frelseskongen som profetane bar bod om.

Og her er me ved sakas kjerne. Jesus Kristus er vår konge, og han gjorde seg til eitt med oss då han vart døypt i Jordan. Difor kunne han døy for oss på krossen og bli vår frelsar. Så lenge me trur på han og held oss til han, er han vårt skjold mot alt som kan skada oss i vårt forhold til Gud og kvarandre, og står me trufast saman med han, står han trufast saman men oss, og kjem djevelen mot oss med storm, stiller me oss berre bak Jesus som har makt til å stilla einkvar storm, både fysiske og åndelege.

Og så vil eg snakka litt om det å vera pastor i ein kyrkjelyd.   

Eg trur det er ei generell sanning at pastorar, eller eldste om du vil, står, saman med Jesus, som ein mur mellom djevelen og kyrkjelyden dei tener. Snur ein av pastorane seg bort frå Jesus, sveikkest muren, og kyrkjelyden kjem i fare.
Ein som skal vera leiar for Guds folk skal altså verna folket mot åtak frå synda, verda og djevelen. Det er ein krevjande posisjon. Han får mykje juling. Ingen treng Kristus som vern for sitt liv som ein kristen leiar, og han treng desperat kyrkjelyden si forbøn. Ein pastor ber jamnleg for  kvar enkelt i kyrkjelyden, og den enkelte i kyrkjelyden må dagleg be for pastoren sin. Slik må det vera om alt skal gå bra for alle. 

Vers 20-30 handlar om David, Guds Messias.
Innhaldet her er av ein slik art at det ikkje passar så godt på David. Dette er profetiske ord som peikar framover mot Jesus Kristus.
David var ein helt. Kristus var ein helt. Han er vår sanne helt som gjekk i døden for å frelsa oss frå evig fortaping, han er den som var utvald til dette frå æva av, og han vart salva med Anden til å forkynna fridom for alle oss som ved synda var bundne av djevelen, og for å gje oss synet og høyrsla attende slik at me kan sjå og høyra Gud, og lat oss elska av han. 
Herrens hand var hos Jesus slik at han kunne lækja dei sjuke, og Guds arm gav han styrke til å stå i stormane som kom over livet hans. No er han herleggjord, og ingen fiende kan plaga eller kua han lenger. Det kunne dei ikkje under hans jordeliv heller, ikkje meir enn han gav dei løyve til. 

Alle som går imot Jesus i dag gjer lurt i å ta dette inn over seg.  Den som hatar Frelsaren, har inga framtid.  

Men Guds truskap, miskunn og kraft er hos han, og dei som vil ha tak i dette, må overgje seg totalt til Han som faktisk har fått desse gåvene, ikkje berre for å nyta dei, men for å formidla dei til alle som kjem til han for å få frelse og evig liv. 

Vers 26-27 Jesus er ein mektig konge. Han råder over havet og elvane, som her helst representerer heile skaparverket. Ja, som han sjølv seier det: "Eg har fått all makt i himmel og på jord...". All makt! Hans rike er globalt, og han gjer krav på kvart einaste menneske som lever. Å stå imot han er å ekskludera seg sjølv for all framtid. 

v.28. Jesus er Guds førstefødde, han er Guds Son og Israels konge, ja alle kongars konge, vår himmelske Fars evige arving. Alle kongar og autoritetspersonar er hans vasallar, og dei må ein dag stå ansvarleg innfor Han med tanke på korleis dei har utøvd embeta sine, og korleis dei har levd liva sine elles. Jesus som frelste oss frå våre synder, er også den som skal dømma kvar sjel, og særleg dei med stort ansvar for andre. Arme den som då gjennom livet har forkasta hans kjærleik, nåde og herredøme. 

I vers 29 er det Far som snakkar, og han lovar alltid å gjera godt mot Sonen sin, og at pakta med den førstefødde står fast. Kva pakt? Den nye pakta, den som seier at alle som trur på Sonen skal få evig liv og vera Guds søner og døtre og Kristi medarvingar. 
          
v.30. Desse er hans ætt som skal haldast oppe til evig tid, og dei skal samlast om hans trone i ein evig lovsong som skal vara så lenge himmelen er til, dvs inn i æva. 
          

onsdag 23. september 2020

Salme 89,11-18

 v.11. Rahab er eit sjøuhyre, eit bilete på alle dei usynlege, mørke og øydeleggjande kreftene i tilværet som me ikkje kan kontrollera, og som vil dra oss ned i djupet. Det kan vera ein pandemi, ein alvorleg kreftsjukdom som trugar oss, eit skadeleg rykte folk spreier om oss, eller ein mektig fiende som legg vonde planar mot oss og som vil tyna oss. Herren knuser den vonde og øydeleggjande makta så lett som berre det, og han spreier fiendane våre. Han vernar liva våre og tek seg av vår ære og vårt rykte.

v.12-13. Både himlane og jorda tilhøyrer Gud fordi det er han som har skapt dei alle, både nord og sør og dei mektige fjella som med glede prisar Herrens namn. I hinduismen er fjella gudar. Men våre fjell er fjell, og dei prisar skaparen sin, den einaste sanne Gud, med sin blotte eksistens. 

v.14. Herren har ein mektig arm og ei sterk hand. Når han reiser handa si, skjer det under i menneskeslekta. Me såg det i Jesu liv. Han løfta handa si og stilte stormen, han la hendene sine på dei sjuke og lækte dei, og han strekte hendene sine ut på krossen og frelste heile verda. 

v.15 Herren regjerer med rettferd, ja rettferd er sjølve fundamentet for hans trune. Kva er rettferd? Jo, det er forklart i resten av verset som "trufast kjærleik" og "truskap." Og det er viktig å presisera i vår tid: Utan kjærleik og truskap eksisterer ikkje rettferd. Dersom lovene våre ikkje er gjennomsyra av nestekjærleik og truskap mot Gud og nesten, er dei ikkje rettferdige, uansett kva politikarane måtte finna på å seia om den saka. Eg tenkjer særleg på Utlendingslova og abortlova. Ingen av desse er rettferdige, rett og slett fordi dei ikkje er medmenneskelege. Her tek me livet av små barn, me sender frå oss hjelpelause menneske som kan ha budd i Noreg i 10-15 år, me splittar familiar, nektar vaksne folk å gifta seg og stenger grensene for folk i den ytste naud. 

v.16-17. Kven er Guds folk? Dei som lever med Gud og ærar og prisar han heile dagen. Dei er eit velsigna folk. Dei vandrar i lyset frå Guds andlet, eit uttrykk for den kjærleiken og ufattelege gleda som alltid strøymer ut frå Guds smilande augo over alle som snur seg mot han. 

v.18. Denne herlegdomen er Guds barns styrke. Takk til Jesus som ved sin blodige død for våre synder har opna vegen inn til Gud for oss alle.

onsdag 29. juli 2020

Salme 89,7-10

For kven i skyene er Herrens like,
          kven mellom gudesøner er som Herren,
          
   
  8 ein stor og skremmande Gud i rådet av dei heilage,
          meir verd å frykta enn alle som omgjev han?
          
   
  9 Kven er som du, Gud Herre Sebaot?
          Mektig er du, Herre, omgjeven av din truskap.
          
   
 10 Du herskar over det hovmodige havet,
          når bølgjene reiser seg, stiller du dei.

v. 7-8. Gud er skaparen. Alt anna som eksisterer er skapning. Gud har ingen parallell, det er ingen eller ingenting me kan samanlikna han med, difor blir han aldri eit forskningsobjekt. Han kan ikkje katalogiserast eller kategoriserast. Han er uutgrunneleg for oss menneske. Alle som vil fanga Gud innafor ein kategori, er dømt til å mislukkast. Gud skal ikkje forskast på av menneske, han skal fryktast. Kva er det å frykta Gud? Det er å ta han og hans ord på alvor. 

For sju år sidan var me og såg dei mektige Niagarafalla på grensa mellom Kanada og USA. Det var eit mektig syn, og me klarte ikkje ta augo våre bort, og me gjekk så nært som me kunne. I møte med Niagarafalla blir me veldig små og sårbare. Det var god grunn for oss å frykta denne overmektige naturen, men me følgde reglane, så det gjekk naturlegvis bra. Niagarafalla er store og redselsfulle, men for oss som ikkje utfordra dei på noko vis, vart dei berre eit imponerande og uforgløymeleg syn.

Kva er poenget? Du bør ikkje utfordra Gud ved å bryta reglane hans. Gud er så mykje, mykje større, sterkare og mektigare enn alle slike buldrande fossar, og det er han som bestemmer korleis me skal kunna nærma oss han og samstundes behalda livet, og han har gjeve oss eitt møtepunkt der me kan ha koma han heilt nær, og det er i Jesus Kristus. I Kristus møter Gud oss som med nåde. Utanfor Kristus er det ingen nåde, berre rettferdig dom. Alle som prøver å nærma seg Gud utan å ta imot Jesus, gjer ein grov feil. Det kan ikkje gå bra. Dei blir forblinda og kjem under domen. Ikkje berre for å ha brote Gud sine lover, men ved å avvisa hans frelsesveg. Me syner at me fryktar Gud, dvs. tek Gud på alvor, når me innrømmer syndene våre, underordnar oss lovene hans og trur på Sonen hans, Jesus Kristus. Då blir me møtt av Guds truskap. Han har lova å ta imot alle som tek imot Sonen hans, og det er ein lovnad han tek på ramma alvor, han som er omgjeven av truskap. 

Niagarafalla er mektige. Havsens bølgjer likeeins. Men Gud er større. Han herskar over havet, les me i v. 10, og stiller bølgjene. 

Dette førere naturlegvis tankane våre til Genesaretsjøen i Galilea. Jesus og disiplane skulle over på den andre sida for å kvila. Så kom stormen på dei, og Jesus reiste seg i båten og stilla stormen med eit myndig ord.  I Kristus møter Gud oss med nåde, og når det no stormar i livet ditt, ven, så skal du kalla på Jesus og be han om å reisa seg og stilla uværet som er kome over deg. 

torsdag 23. juli 2020

Salme 89,3-6

 Eg seier: Miskunn blir bygd for evig,
          din truskap er grunnfest i himmelen.
          
   
  4 «Eg gjorde ei pakt med min utvalde,
          svor ein eid til David, min tenar:
          
   
  5 Eg grunnfester di ætt til evig tid;
          eg vil byggja di trone frå slekt til slekt.»
          
   
  6 Himmelen prisar dine under, Herre,
          forsamlinga av dei heilage prisar din truskap.


I vers 3 er det Israels forsamling, eller i vår kontekst, Kristi kyrkjelyd som talar, og då blir spørsmålet: Kan miskunn byggjast? Har ikkje Gud alltid vore miskunnsam? Er det ikkje hans vesen å forbarma seg over barna sine? Jo, det er det. Men Gud kunne ikkje syna miskunn mot menneska i den gamle pakta utan med tanke på at Jesus ein dag skulle koma å betala for syndene deira, og han kan syna miskunn mot oss som lever i den nye pakts tid fordi Jesus no har betalt for syndene våre. I og gjennom Jesus Kristus bygde Gud ei solid juridisk plattform for si miskunn. Alle som som no kjem til Han i Jesu namn, møter Guds miskunn og får tilgjeving for alle syndene sine og evig liv.  Dette er Guds evangelium, godt nytt frå Gud. 
Så lærer me her dette fantastiske at "Guds truskap er grunnfest i himmelen." 
I himmelen bestemte Gud at han i Abraham ville velja seg ut eit eigedomsfolk, og slik vart det. I himmelen bestemte han at dette folket skulle friast ut frå slaveri og fangenskap i Egypt, og slik vart det. I himmelen bestemte han at dei skulle få eit land som dei skulle få til eige for all æva, og slik har det vorte. I himmelen bestemte han at han sjølv ville bli eit menneske gjennom Sonen sin for å sona alle menneske sine synder og lovbrot, og det gjorde han. I himmelen har han bestemt at alle som trur og blir døypt, skal bli frelst, og min ven: Det er ingen grunn for nokon av oss til å tru at det ikkje skjer. Gud er trufast, og det han har bestemt i himmelen er det han har gjeve lovnad om i sitt ord, og det står fast, også for deg og meg. Er du eit døypt menneske som trur, så er du frelst. Det står fast i himmelen, i Guds eige trufaste og miskunnsame hjarta. 

v.4. I 2. Samuels bok kap 7 les me om Guds pakt med David gjennom profeten Natan. Herren sa han ville byggja David eit hus. Og det skjedde då Jesus kom inn på historiens arena. Han, som var Kongen over kongane og Herren over herrane på jorda, etablerte eit evige rike då han døydde og stod opp for oss. Davids hus er Herrens hus, og døra er sett på vidt gap slik at alle som vil kan koma inn og bli barn av Gud. 

v.5 Her er det Gud som talar til sin utvalde, dvs til Jesus. Gjennom forkynninga av evangeliet blir hans herredøme etablert i nasjon etter nasjon, i folk etter folk og i slekt etter slekt, og hans trune blir etablert i alle menneske som tek imot han som den Gud og frelsar han er. 

v.6. Og dette underfulle blir så enormt stort for alle som erfarer det at dei lovar og prisar kong Jesus dag og natt, åleine og saman med andre, så ofte som dei kan. Lovsongen blir alle frelstes naturlege uttrykk livet gjennom, og dei elskar kyrkjelyden sin, og dei elskar å koma saman for å uttrykkja kjærleiken sin til Herren gjennom lovsong og tilbeding. 

fredag 17. juli 2020

Salme 89,1-2

Ein læresalme av esrahitten Etan.
          
   
  2 Eg vil alltid syngja om Herrens miskunn,
          frå slekt til slekt skal min munn gjera din truskap kjend.

Denne salma er den siste i den tredje samlinga. Ho er titulert som ei læresalme av esrahitten Etan, dei einaste salma han har skrive. Ho er svært lang, heile 53 vers, og er inndelt slik: v.1-18 som handlar om Herren som konge, v.19-37 som handlar om Herrens pakt med David og v.38-52 er ein klagesong. Vers 53 er ei velsigning som avrundar salma og denne tredje salmesamlinga. 

v.2.  Salmisten vil alltid syngja om Herrens miskunn, og med munnen sin gjera Guds truskap kjend.  Det interessante her er at dette vil han gjera frå slekt til slekt, og det fortel oss at han i denne salma representerer Guds kyrkje og ikkje seg sjølv. For han vil ikkje vara i slekt etter slekt.  Men Guds kyrkje vil leva og syngja Herrens pris gjennom alle slekter. Og akkurat dette er kallet kyrkja har fått: Å lova, prisa og æra han, og gjera Herren og hans truskap kjent for alle menneske over heile jorda. Ja, dei som er kyrkja er dei som gjer akkurat dette. 

Frans av Assisi blir ofte feilaktig sitert på at han vil at me skal forkynna evangeliet med gode gjerningar, og med ord om det er naudsynt. 

Men dette er ikkje bibelsk. Ingen kan bli frelst ved å sjå kristne gjera gode gjerningar. I beste fall kan dei ved å sjå kristne som gjer godt bli opne for Gud. Men skal dei læra seg å kjenna Gud, må hans ord forkynnast, for trua kjem av forkynninga. Paulus skriv i Rom 10,17: "Så kjem trua av forkynninga, og forkynninga ved Kristi ord." 

Guds miskunn og Guds truskap finn me hos Jesus Kristus, og berre hos han. Mange, mange forventar at Gud skal syna miskunna og fiksa opp i problema deira. Men dei vil ikkje gå til Jesus med liva sine og overgje seg til han. Men utanfor samfunnet med han, er det ingen miskunn for oss menneske, berre rettferdig dom.  For Jesus er det nye templet, han er Guds lam som bar bort verdas synd. Og det at Gud gav oss Jesus, syner at han er trufast mot løftene sine i GT om at det ein dag skulle det koma ein mann som skulle ta bort verdas synd og forsona heile slekta med Gud. Slik miskunna han seg over oss i Jesus Kristus, og dette er det Guds barn elskar å synga og fortelja om frå slekt til slekt  Det ligg dei i blod. 


torsdag 9. juli 2020

Salme 88

Salme 88 er den einaste som er skriven av esrahitten Heman.

Kategori: Klagesalme

Det gjer vondt å lesa det Heman skriv. Her er det botnlaus sjelenaud, og ikkje mykje lys å spora.

v.2 Heman definerer Gud som den som frelser. Her skal me merka oss presensforma. Gud er ein Gud som kvar dag frelser folk ut av vanskelege og umogelege situasjonar. Når me kallar på han, grip  han inn. Men som me ser i denne salma: Det kan ta litt tid før me opplever at hjelpa kjem til oss. Heman ropa natt og dag til Herren utan å få den hjelpa han ønskte seg.

I vers 3 ber han Gud om å høyra på han, og ikkje venda det døve øyra til. Heile hans håp står til Gud. Ingen andre kan hjelpa.

v.4. For livet hans er fullt av ulukker, og han er døden nær, hinsides den hjelp som menneska kan gje.

v.5. Ja, folk reknar han alt for å vera ein død mann. All kraft har runne ut av han. Han har ingenting av ressursar  å setja inn sjølv for løfta seg.

Det me les om her kan vera ein alvorleg somatisk sjukdom, ein djup depresjon eller ei eksistensiell sjelekrise, eit åndeleg mørker som stundom kjem over kristne menneske.  Alle desse kategoriane kan beskrivast med ord som dette. Men v.11 indikerer at det er snakk om kroppsleg sjukdom som også slår ut på åndslivet og sjelslivet.

v.6 og 7 forsterkar elende. Heman opplever det slik at han er så godt som gravlagd.  Mørkret i han og rundt han er så inderleg djupt.

v.8. Han opplever at det fæle som skjer med han er Guds dom over livet hans, og det er blytunge tankar å bera på for ein kristen. Kor kan ein slik person gå med skulda si? Og enno verre vert dette når ein tenkjer seg at det KRISTUS som avviser oss, han som har døydd for oss og betalt all vår synderskuld, Kor skal me gå om HAN også viser oss bort som personar han ikkje kan syna nåde?

v.9 skildrar ei desperat einsemd. Til og med venene hans er drivne bort frå han. Gud har fylt dei med avsky for han. Utan samfunn med Gud og sosialt isolert. Du snakkar om å vera fortapt. Det er vondt å lesa.

v.10. Men at me her har for oss ein mann som er ein sann "kristen", ein mann med Guds Ande, forstår me av at han vender seg til Gud gong etter gong, tilsynelatande utan forventningar, men han kan ikkje anna. Slik er det med alle som er fødde av Gud. Uansett korleis situasjonen er, dei vender seg til Gud. Verkar Gud avvisande eller dømande: Dei vender seg til han. Kor skal dei elles venda seg?

v.11-13. Her argumenterer Heman med Gud for sitt liv, og vil påpeika at Gud umogeleg kan ha nokon fordel av at han døyr. "Daudingar kan ikkje prisa deg," og "dei som ligg i grava kan ikkje vitna om di miskunn," seier han, og syner med det at han har forstått kva som er poenget med eit menneskeliv: Me er skapte for å prisa, lova og æra Gud, og fortelja om hans miskunn, og ingen andre plassar kjem Guds miskunn så klårt til uttrykk som gjennom evangeliet om Jesus Kristus. Ingen andre kjenner på trongen etter å vitna om Jesus for verda enn dei som har Den Heilage Ande. Og då ser me at Guds barn altså kan koma inn i botnlaus lekamleg og andeleg naud, utan at dei av den grunn sluttar å vera Guds barn. Tvert om. Gud hudfletter kvar son han tek seg av, les me i Hebrearbrevet 12.

I vers 15 spør han Gud om kvifor han støyter han frå seg, kvifor han løyner seg for han. Når ulukkene råkar oss menneske spør me heilt spontant kvifor. Me vil gjerne vita om det er ein god grunn for det som skjer, eller om det er ei meining med det. Me tenkjer: Hadde eg berre fått visst det, hadde alt vore lettare å takla.

v.16 er vanskeleg å lesa. Heman har nemleg hatt det slik frå han var ung. Det må ha vart veldig lenge. Å gå år ut og år inn i redsle og rådløyse er steintøft for eit menneske. Me er jo skapte til glede. Kan det vera slik at Heman har hatt ein depresiv tilstand? Angst er ofte noko følgjer depresjonar, og gjerne angst for Guds dom over eit forfeila liv, eller angst for å bli fordømt pga ei ganske lita synd ein ein gong gjorde. Det kan vera noko slikt i bilete her.

Og så til slutt: Denne salma høver så godt på Jesus. Han gjekk inn under Guds dom for vår skuld. Hans sjelekamp i Getsemane førte han til kanten av dødsriket. Han sveitta blod av angst.
Venene hans vart borte, hans lekamlege lidingar var forferdelege, Kva han gjennomlevde då han på  krossen  ropte ut: "Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg," det er det ingen som kan forstår. Det er så mange parallellar her at eg vil seia at salma er profetisk.





tirsdag 7. juli 2020

Salme 87,3-7

Herlege ting er sagde om deg,
          du Guds by.
          
   
  4 Eg nemner Rahab og Babel
          for dei som kjenner meg,
          Filistarland, Tyros og Kusj:
          «Dei er alle fødde her.»
          
   
  5 For om Sion heiter det:
          «Kvar og ein er fødd her.»
          Den høgste sjølv har grunnfest byen.
          
   
  6 Herren skriv opp folka og tel dei:
          «Alle er dei fødde her.»
          
   
  7 Dei dansar og syng:
          «Alle mine kjelder er i deg.»


Dette avsnittet handlar om Guds frelsesplan med alle folkeslag. Som me snakka om i sist blogginnlegg, var det i Jerusalem alt skjedde, alt som skulle til for å forløysa verda frå synd, skuld og skam. Det var der Jesus døydde og stod opp att, Det var frå Jerusalem han steig opp til himmelen for å setja seg ved Fars høgre hand, ikkje for å trekkja seg attende, men for å senda Den Heilage Ande, etablera si kyrkje og styra misjonsarbeidet på alle kontinent. For framleis er det han som kallar, sender og utrustar sine heroldar slik at dei med autoritet kan dra ut i verda og proklamera Guds rike og Hans sigerrike oppstode, for å kalla alle menneske til å venda om og tru på han som døydde og stod opp for oss alle. Hans rike skal etablerast i Rahab (som er Egypt), Babel (som er Irak), Filistarland (som er Gaza), Tyros (som representerer Libanon) og Kusj (som er Sudan og Etiopia). I dag er kyrkja å finna i alle desse landa, men ho vart fødd i Jerusalem. Og så går Gud vidare og forkynner at det skal etablerast levande kyrkjer i alle folkeslag, og alle desse har røtene sine i den første kyrkjelyden som vart etablert pinsedag i Jerusalem. Den kyrkjelyden som proklamerte at Jesus, etter å ha bore fram eit fullkome offer for synder, stod opp att frå dei døde tredje dagen, fòr opp til himmelen og sette seg ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, den kyrkjelyden som dagleg samla seg på tempelplassen for å lytta til læra åt apostlane, og som samla seg i heimane for å bryta brødet og be saman, den kyrkja som er bygd opp av levande steinar på grunnvollen som er Jesus Kristus sjølv, den kyrkjelyden som har representantar frå alle folk og rike på jorda, menneske som er fødde på nytt ved Den Heilage Ande, og som elskar kvarandre med Kristi kjærleik, eit folk som med begeistring syng: "Alle mine kjelder er i deg!" 
Denne gjengen elskar Jesus, Jerusalem og det jødiske folket som dei har sprunge ut frå, og ser me lengsel fram til den dagen då dette folket også bøyer seg for kongen over kongane og i fellesskap blir med i denne flotte familien. 

fredag 3. juli 2020

Salme 87,1-2

 Han har grunnlagt byen på heilage fjell. Av alle Jakobs bustader
          elskar Herren Sions portar mest.

          
Dette er ei Sionsalme. Den handlar om Jerusalem som Guds by, senteret for Guds nærvær, ikkje berre i Israel men i heile verda. 

Det var i Jerusalem Jesus vart krossfest og verdas frelse etablert. Det var i Jerusalem han stod opp frå dei døde tredje dagen. Det var i Jerusalem han i triumf gav Den Heilage Ande til kyrkja si som ei kraft til frelse og lækjedom fram til han kjem att i herlegdom saman med alle sine heilage. Det er til Jerusalem, sin eigen by, han skal koma attende for å oppretta sitt fredsrike på jorda, eit rike me kan lesa om i Jesaja 2 frå vers 1. Og der skal han samla representantar for alle folk og nasjonar for å dømma dei, slik me les om det i Matteus 25,31-46. Dette er innleiinga på eit verdsfemnande fredsrike då han sjølv skal regjera på jorda før den siste strid og den endelege domen. Dette er noko uoversiktleg, men eg meiner at det er gode grunnar til å tru at det er omtrent slik dette kjem til å sjå ut. 

Det fysiske Jerusalem vil stå støtt sjølv om alle verdas folkeslag vil prøva å løfta på byen for å endra hans status. Men det går ikkje. Dei kjem til å slita seg til blods, slik me les om det i Sakarja 12,3. Han står nemleg på heilage fjell, og då tenkjer nok salmisten på Guds lovnader. For det Gud har sagt om denne byen, m.a. i Jesaja 2, vil bli oppfylt. Gud er trufast. Det er han også mot deg, du som lyttar til eller les dette. 

Det åndelege Jerusalem, den verdsvide kristne kyrkja vart historisk grunnlagt i Jerusalem. Denne kyrkja er Guds eigen familie. Ho har sin eksistens frå Jesus og kviler godt på hans veldige lovnader. Jesus sa: "På dette fjellet (Peters mektige vedkjenning til Jesus som Messias, den levande Guds Son) vil eg byggje mi kyrkje," og "dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne." Heilage fjell, Jesu eigne ord. Og han seier: "Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå."

Og du, min ven som trur på han, har eit sikkert fundament under føtene dine. Jesus går god for deg, han har betalt for syndene dine, han er nær hos deg kvar dag, han hjelper og støttar deg i stort og smått, og er eit skjold framfor deg når livsens stormar kjem over deg. Ingenting er som å ha den oppstadne Jesus som trufast ven, frelsar og Herre. Du kan gå framtida trygt i møte. Den tilhøyrer deg. 



onsdag 1. juli 2020

Salme 86,12-17

12 Eg vil prisa deg, Herre, min Gud, av heile mitt hjarte
          og evig æra ditt namn. 

          
   
 13 For di miskunn mot meg er stor,
          frå djupaste dødsriket har du berga meg.
          
   
 14 Frekke menn har reist seg mot meg, Gud,
          ein flokk av valdsmenn står meg etter livet.
          Dei har ikkje deg for auga.
          
   
 15 Men du, Herre, er ein mild og nådig Gud,
          sein til vreide, rik på miskunn og sanning.
          
   
 16 Vend deg til meg og ver meg nådig.
          Gjev din tenar kraft frå deg,
          frels sonen til di tenestekvinne!
          
   
 17 Gjev meg eit teikn som varslar godt.
          Lat dei som hatar meg, sjå det og bli til skamme!
          For du, Herre, hjelper og trøystar meg.


v,12 Igjen presiserer David at det å prisa Herren er eit val han tek. Uansett korleis me føler oss, er det rett å lova Herren. Ja, det er vårt kall og vårt livs hensikt å lova og prisa Gud av eit heilt hjarta. Og då ser me kvifor han i vers 11 ber om å få eit heilt hjarta, det er for at han skal kunna lovprisa Gud rett, ikkje berre med munnen, men med heile seg.

I v.13  gjev David oss eit sterkt personleg vitnemål. Han har erfart Guds store miskunn ved at Gud hadde berga han ut frå det djupaste dødsriket. Me får ikkje vita noko meir enn dette om nauda han hadde vore i, men det verkar som om han har vore svært sjuk og døden nær, og så opplevd at Gud mirakuløst kom og lækte han. 
Men denne passasjen peikar også framover mot Jesus. Han steig ned til dødsriket, men vart vekt opp frå dei døde tredje dagen, og slik berga ut frå det djupaste dødsriket. Men det som er spesielt med Jesu liding og siger er at han gjennomgjekk alt dette for oss, som vår representant. Då han døydde, døydde me. Då han stod opp, stod me opp, og difor kan me også jubla og seia: Frå dødsriket fria du meg ut. Det skjedde 1. påskedag. 

I vers 14 klagar David over motstand frå frekke menn, menn som ikkje hadde Gud for auga. Menn som ville han vondt.  Slikt skjer med kristne med ein gong dei vert frimodige og deler Jesus med folk. Dei får motstand. Det er ikkje til å unngå. Difor seier Jesus at ingen kan vera med han utan å vera innstilt på motstand. Jesus sjølv fekk jo stor motstand, og det vil også den få som trufast følgjer han og vitnar om han.

v.15. Men me skal tola alt dette godt, me som kjenner Gud og som kvar dag kan leska oss på hans kjærleik og nåde. Himmelen er open, synda vår fjerna, og Guds mildheit og nåde renn uhindra over oss som har stilt oss inn under Han. Guds vreide råka Jesus, og det er berre godleik og glede attende til oss. Det er sant og visst. 

I vers 16-17 ber så David om at Gud skal snu seg til han, vera han nådig og gje han kraft og frelse. 

Sjølv om me er Guds barn og har alt dette i Jesus, så kjem me opp i situasjonar der slike bøner berre tvingar seg fram. Det sit tusenvis av kristne i fengsel og fangeleirar rundt omkring i verda. Der sit dei fordi dei har vitna om Jesus for sine medmenneske, kalla dei til omvending og samla dei omvendte om Guds ord. Desse ber dagleg om nåde og styrke til å tola påkjenningane, og sjølvsagt ber dei om frelse som her betyr at dei må få koma ut av fangenskapet og heim til sine kjære. 

Og han ber om eit teikn som varslar godt. 

Den amerikanske misjonæren Andrew Brunson, som hadde si teneste i Izmir i Tyrkia i mange, mange år, vart arrestert og fengsla av tyrkisk politi for tre år sidan. Han vart sitjande i fengsel i to år. Det første året var ei stor åndeleg påkjenning for han. Det var som om Gud fullstendig var borte, han kjende ingen kontakt med Gud, og det var som om han var overlaten til seg sjølv. Då kan eg godt tenkja meg om at han bad om eit teikn på at Gud likevel var nær han og glad i han, og at han godt kunne tenkja seg at dei som hata han kunne få sjå det også og bli til skamme, dvs. måtta gje tapt, i sin freistnad på å øydeleggja han.

Etter dette første året var omme, begynte lyset sakte men sikkert å koma attende i sjela hans, og etterkvart kunne han sanna med David: "For du, Herre, hjelper og trøystar meg." 

Det høyrer med til denne historia at Brunson vart sett fri etter at president Donald Trump hadde blokkert Tyrkia økonomisk slik at valutan deira fall som ein stein. Då vart Andrew Brunson sett fri på ordre frå den tyrkiske presidenten Josip Erdogan. Det var eit mektig teikn, og fienden vart gjort til skamme. 

lørdag 27. juni 2020

Salme 86,11

Herre, lær meg din veg
          så eg kan ferdast i di sanning!
          Gjev meg eit heilt hjarte, så eg fryktar ditt namn!


David ber om å bli undervist i Guds veg, han ville så gjerne ferdast i hans sanning, vera eit ærleg, godt, heilhjarta og gudfryktig menneske.

Når ein person har slike ønskjer, beviser det at Den Heilage Ande bur i denne personen. For det er berre han som får folk til å ha slike ønskjer. 
Guds veg og Guds sanning er parallelle uttrykk her. Guds veg er den vegen Gud har laga for oss til seg. Denne er smal, seier Jesus, men han fører fram. At han er smal betyr at me må gå i ryggen på Jesus, i hans fotspor, og eit fotspor er jo smalt. Nokre gonger er det nok slik at me vanskeleg kan sjå nokon veg i det heile tatt der Jesus fører oss. Då forstår me at det er Jesus som er vegen.  

Guds veg og Guds sanning er å kjenna Jesus, han som er sann Gud, og som har teke bort syndene våre og fjerna alle hindringar mellom oss og vår Far i himmelen. No får me vera saman med han kvar einaste dag, bada oss i hans godleik og nåde, sola oss i hans lys, og oppleva det fantastiske: at han gjer oss til ærlege, gode, heilhjarta og gudfryktige menneske. 

Kor går Jesus? 
Han fører oss til himmelen, ja. Men på vegen fører han oss innom dei fortapte, fattige, sjuke og forkomne for å gje dei frelse og lækjedom i hans namn, om dei då vil venda om og ta imot. Det er kallet han har gjeve oss. Amen!

          
   
 

søndag 21. juni 2020

Salme 86,6-10

  6 Herre, vend ditt øyre til mi bøn,
          lyd etter når eg bed om nåde!
          
   
  7 Den dagen eg er i naud, ropar eg til deg,
          for du vil svara meg.
          
   
  8 Herre, mellom gudar er ingen som du,
          og ingen gjerningar er som dine.
          
   
  9 Alle folk som du har skapt,
          skal koma og bøya seg for deg, Herre,
          og æra ditt namn.
          
   
 10 For du er stor, og du gjer under.
          Einast du er Gud.


I vers 6 ber David om at Herren må høyra når han ber om nåde. Gud er ikkje tunghøyrd. Han høyrer alt som vert sagt og tenkt her i verda. Men David vil så gjerne at Gud skal høyra på han på ein slik måte at han kjem han i møte og gjev han det han ber om. Og kva ber han om? Han ber om nåde. Og det kan du vera sikker på: Det er ei bøn Gud ikkje kan motstå. Alle som ber om nåde, får nåde. 
Kva er nåde? Det er meir enn tilgjeving for synd, det er Guds ufortente godleik og samfunn. 
Det er ganske påfallande: Nåden eksisterte før synda. Når Bibelen skal beskriva for oss korleis Gud er, står det t.d. i Salme 103 vers 8: "Mild og nådig er Herren, sein til vreide og rik på miskunn. "
Slik ER Gud og slik har han vore får æva av. 
Då ser me her at nåden er opprinneleg. Det var ikkje noko Gud vart etter at Jesus hadde døydd for syndene våre, nei, det var omvendt:  Jesus døydde for syndene våre fordi Gud var, er og blir ein nådig Gud. Det er hans vesen, hans karakter. 
Vers 7 er fullt av tru. David veit at den dagen han er i naud, vil Gud svara han når han ropar. 
Det me skal merka oss her er at Guds barn faktisk kjem i trøbbel. Gud fører oss ikkje utanom vanskelege situasjonar, nei, han fører oss heller inn i dei. Kvifor det? Fordi han vil at me skal læra oss å be, og erfara hans godleik og makt når han hjelper oss. Slik styrkjer han oss i trua, og han gjev oss dessutan noko å vitna om for andre. Det kan føra til at andre også vil tru på ein så stor og god Gud som me har. 
I vers 8 plasserer David Gud i ein særstilling mellom gudar. Korleis skal me forstå dette? Jo, kristendomen er alle andre religionar knusande overlegen. Det kjem av at kristendomen er frå Gud, og alle andre religionar er skapt av menneske som har vore inspirerte av djevelen. 
I vers 9 finn me ein herleg lovnad. Ein dag skal alle verdas menneske forstå at det ikkje finst andre gudar enn Herren, Israels Gud, og dei skal forkasta Muhammed, Buddha og Krishna og koma til Jesus, bøya seg for han og æra hans namn.  Dette samsvarar med det som Paulus skriv til Filipparane i kap 2: "I hans namn skal kvart kne bøya seg, og kvar tunge skal sanna, til Gud vår Fars ære, at Jesus Kristus er Herre!" 
Vers 10 er ein triumferande proklamasjon av det som me har snakka om: Det eksisterer ingen andre gudar enn Bibelens Gud, og han er stor og gjer under. 
Merk deg at verbet her står i presens. Gud GJER under. Det er ikkje berre noko han ein gong gjorde, men han gjer under i dag. Han har ikkje trekt seg attende, og han har ikkje mista si makt, og han er den same gode Gud som han alltid har vore, og du kan trygt rekna med at han gjer under også i ditt liv og din families liv når du treng det og ber om det. Då grip han inn og gjer det som er umogeleg for oss menneske å gjera: han frelser syndarar, lækjer sjuke, reparerer øydelagde relasjonar, attreiser brotne ekteskap og han forsonar fiendar, og ser me i større perspektiv: Han attreiser knuste samfunn og øydelagde økonomiar og forvandlar menneske i sitt bilete. Slik er vår Gud. 

lørdag 20. juni 2020

Salme 86,1-5

Ei bøn av David.
        
          Vend øyret til, Herre, svar meg,
          for eg er hjelpelaus og fattig!
          
   
  2 Vakta meg, for eg er trugen.
          Frels din tenar, du min Gud,
          eg set mi lit til deg.
          
   
  3 Ver meg nådig, Herre,
          eg ropar til deg heile dagen.
          
   
  4 Gjer din tenar glad!
          Eg lyfter mi sjel til deg, Herre.
          
   
  5 For du, Herre, er god, du tilgjev,
          du er rik på miskunn mot alle som kallar på deg.


Denne salma er ei bønesalme.
David er hjelpelaus og fattig.
No var ikkje David fattig materielt. Men han var fattig i ånda. Kva betyr det? Jo, han visste at han pga sine synder hadde ei skuld innfor Gud som han ikkje kunne betala sjølv. 

Alle menneske har det. Men ikkje alle erkjenner det. Dei som erkjenner at det er slik, ber om Gud om frelse og nåde. Dei andre berre turar vidare utan å tenkja på Gud og hans planar.

Bibelens glade bodskap er at Gud lett kan ettergje eit menneske all skuld rett og slett fordi denne alt er betalt av Jesus. Dersom du trur på Jesus, legg Gud alle krav til sides. Ingen fleire rekningar og inkassokrav frå den kanten. Tvert om fyller han opp kontoen din med himmelsk kapital, og han auser sin godleik, si velsigning og sine rikdomar over deg.

Du forstår: Du er elska av Gud, og det er i kjærleik han har laga ein så gunstig ordning for deg.

I vers 4 ber David om at Gud må gjera han glad. Alle ønskjer å vera trygge og glade. Det er menneskeleg. Når me lever saman med Gud i eit fellesskap prega av tillit og ærlegdom, har me 100% tilgjeving for syndene våre, evig liv og barnerett og barnekår hos Gud. Slikt gjer oss glade. 

Denne innsikten fekk David då han "løfta si sjel" til Gud. Å løfta si sjel til Gud er eit uttrykk for inderleg bøn. Alle kan be. Når alle utvegar her på jorda ser ut til å vera stengde, kan me fritt koma fram for Gud. Han sit på nådens trune, les me i Herbrearbrevet, og hos han finn me nåde til hjelp i rette tid.

mandag 15. juni 2020

Salme 85,12-14

 12 Sanning skal spira opp av jorda
          og rettferd sjå ned frå himmelen.
          
   
 13 Herren skal gje det som godt er,
          og landet vårt skal bera si grøde.
          
   
 14 Rettferd går framføre
          når han dreg fram.


Vers 12 indikerer ein situasjon der Gud har kontroll og regjerer både på jorda og i himmelen, og dette korresponderer godt med det Jesus sa i misjonspåbodet: "Eg har fått all makt i himmel og på jord." 

Sanning er to ting: Det er ei korrekt framstilling av røyndomen slik me sansar han, altså det me kallar fakta. Men sanning er også den nye røyndomen som Jesus kom med, den som me kallar for Guds rike, det riket det synd vert tilgjeve, blinde ser og lamme går osv. 

Når det står at sanninga spirer fram frå jorda, altså nedanfrå, så tenkjer eg meg at dette går på det som skjer i den jordiske kyrkjelyden. Det er i denne at Guds sanning, Guds nye røyndom spirer fram. 

Ting er rettferdig når menneska får og tek imot det dei har rett på frå Gud: syndsforlating, Andens gåve og evig liv. Desse tre elementa inneheld alt me treng for å ha eit rett og godt høve til Gud i tid og evighet.

Det er når evangeliet om Jesus blir forkynt at Gud deler ut gåvene sine. Dersom ingen vil fortelja og forkynna om han, går folk glipp av Gud og det evige livet. 

v. 13 er ein herleg lovnad om innhaustning. Sjølvsagt handlar det om jordbruket. Gud bryr seg mykje om det. Men mest handlar det om åndeleg liv og vekking. Ingenting er så godt som når menneska finn Gud og med det blir frelste frå syndene sine.    

v.14 Rettferd her kan også omsetjast med frelse. Før Herren kjem, skal mange som bli frelst.   Han kjem ikkje attende til ei falmande kyrkje, men ei kyrkje som er prega av vekking. Ja, vekking i den betydning at folk kvar dag blir frelst, døypt og lagt til kyrkja blir normalen meir enn unnataket.         

onsdag 10. juni 2020

Salme 85,9-11

Eg vil høyra kva Gud Herren seier.
          For han talar fred til sitt folk,
          til sine trugne,
          – berre dei ikkje vender attende til dårskap!
          
   
 10 Ja, hans frelse er nær for dei som fryktar han,
          så herlegdom skal bu i landet vårt.
          
   
 11 Miskunn og sanning skal møta kvarandre,
          rettferd og fred skal kyssa kvarandre.


Dersom alle menneske hadde hatt den innstillinga at dei ville høyra kva Gud Herren seier, ville dei fleste problem som denne verda strir med vore løyst. For i Bibelen finn me oppskrifta på eit sunt liv både for den enkelte og for fellesskapet.
For Gud talar fred til sitt folk. Fred er shalom på hebraisk, og betyr noko slikt som "himmelsk harmoni". Det Gud talar blir røyndom. Når Gud talar fred til sitt folk, då blir det fred for Guds folk. 
Guds folk er her identisk med "dei trugne", dei som trufast held fast på Gud og hans ord og ikkje vik av frå Herrens vegar. 
Alle som har det rett med Gud, har fred med Gud og fred i Gud. Men det er ingen garanti for at den som har det rett med Gud i dag har det rett med Gud i morgon. Det er alltid ein fare for at truande menneske kan venda attende til dårskap, dvs at dei veljer bort Gud og hans løysingar til fordel for sine eigne. Dårskap er det same som toskeskap, og det er veldig lite lurt å velja bort Gud, for han sit med vår evige lukke i hendene sine. 

v.10. Guds frelse er eit uttrykk for meir enn å berga eit menneske ut or ein fortvila situasjon. Når Gud frelser oss, gjer han hos heile og fullstendige. Denne frelsa er hos dei som fryktar Gud, dvs hos dei som gjev Gud og Guds ord full autoritet over liva sine. Dei som vil overprøva Guds ord, går glipp av Guds frelse. 

Guds herlegdom er eit uttrykk me finn mange plassar i Bibelen. Det er eit uttrykk som samlar i seg alle Guds eigenskapar, hans heilagdom, godleik, kraft, venleik, rettferd og miskunn. Når "herlegdom bur i landet", er det ikkje ei sjel i landet som ikkje forstår at Gud eksisterer, at han er god, at han er tilgjengeleg og at han må hyllast. Det er dei frelste som fryktar Gud som får Guds herlegdom til å slå seg ned i landet. 

I Johannesevangeliet 1,14 les me slik: "Og Ordet vart kjøt og tok bustad mellom oss." Eigentleg står det at Ordet slo opp telt hos oss. I vers 18 skriv Johannes: "Og me såg hans herlegdom, den herlegdomen som ein Son har frå far sin, full av nåde og sanning."

Då forstår me at når "herlegdom bur i landet" er Jesus nær hos oss på ein måte som gjer at dei tinga me les om skjedde i Det nye testamentet også skjer mellom oss i dag. Blinde vil sjå, spedalske blir reinsa, lamme går og evangeliet blir forkynt for dei fattige. Dette kallar me Guds rike. 

Og alt dette blir stadfesta i vers 11 i salma vår. Jesus er full av nåde og sanning, las me i Joh 1. Her i salme 85,11 les me at "miskunn og sanning skal møta kvarandre, rettferd og fred kyssa kvarandre." De skjedde i Jesus. I sitt første brev kap 1 vers 8-9 skriv Johannes: "Dersom me seier om oss sjølve at me ikkje har synd, då lyg me og sanninga er ikkje i oss. Men dersom me sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urett." 

Når me sannar syndene våre, får me fred med Gud og fred i Gud, og hans herlegdom strøymer inn i oss saman med Jesus. 

Når dette skjer med mange, vil til slutt "herlegdom bu i landet", og folk blir kristne så lett som berre det. Det kallar me kristen vekking. Gud vil at vekking skal vera noko som skjer kontinuerleg til Jesus kjem att for å dømma levande og døde.