tirsdag 20. juli 2021

Salme 94,12-15

 v.12. Den som blir tukta av Gud, er eit lukkeleg menneske, for det er, i følgje Hebrearbrevet, 12 eit teikn på at han er Guds barn. Kva er det å bli tukta av Gud? Det er å bli opplært i hans lov, svarar salmisten. Som kristne elskar me Guds lov. Likevel treng me opplæring i korleis me skal leva etter henne, få åndeleg innsikt i kor rett og god og viktig denne lova er og kor skadeleg det er både for oss sjølve og andre når me bryt henne. Det er Den heilage ande som kan gje oss denne kunnskapen. Guds lov har sitt opphav i Guds kjærleik, og ingen kan seia at dei er leia av kjærleiken når dei lever i konflikt med Guds lover. Det er sjølvmotseiande. 

v.13 er ein herleg lovnad om at den som lever i Guds kjærleik og lyder Guds lover vil ha fred og gode dagar. I Jesaja 58 les me det same. Den som anerkjenner Guds lover vil ha ein fred djup som ein flod. Det må då vera freistande for einkvar å starta på ein slik livsstil. Den lovlause, den som ikkje anerkjenner Guds lover, går mot den evige døden, medan den rettferdige går mot det evige livet. 

v14. For Herren støyter ikkje frå seg folket sitt, og forlet ikkje sin eigedom. Ikkje ein gong i døden gjer han det. Å tilhøyra Jesus gjev oss difor fullkomen tryggleik for framtida og æva. 

v.15 er ein herleg lovnad: Det Gud seier er rett skal ein gong bli anerkjent av den enkelte og av samfunnsinsitusjonane. Difor skal Guds ord forkynnast frimodig. Sjølv om det møter motstand, har det sigeren i seg. Når alle ærlege av hjarta, dei som sannar syndene sine og elskar Jesus, lever etter Guds lover, vil Gud sigra i manges liv. 


mandag 19. juli 2021

Salme 94,1-11

v.1-2. Det første me lærer om Gud her er at han er "hemnens Gud"! Kristne i våre dagar slit med å få dette til å høva med bilete av ein Gud som ein som frelser, tilgjev og syner miskunn, og som krev av oss at me skal tilgje skuldnarane våre og elska fiendane våre. 

Men Gud er Gud, og han har andre fullmakter enn det me menneske har, og han er ein gud som har rett til å stilla folk til ansvar og hemna urett, vondskap og skadeverk. Hemn er dom. Dom handlar altså om at den som utøver skade på andre må betala tilbake anten ved å bøta skaden, eller ved sjølv å bli påført skade. Dette er Guds embete, ikkje vårt, og han utøver embetet gjennom domstolane som har ei delegert domsmakt. Men den endelege domen over menneskeætta kjem han til å fella sjølv ved enden av tida, og salmisten ber om at det skal skje, at han skal dømma jorda og gje dei hovmodige det dei fortener. Hovmodige menneske er dei som hevar seg over Gud og kvarmann, og som ikkje vil bøya seg korkje for den eine eller den andre. Slike får ingen nåde hos Gud, det gjer berre dei audmjuke. 

v.3-7 skildrar kraftfulle, vondskapsfulle og sjølvsikre ateistar som forfølgjer kristne, og  herjar med sårbare menneske som enkjer og farlause, og som er sikre på at dei aldri må stå til ansvar for det dei gjer. 

v.8-11. Men der tek dei inderleg feil. Salmisten kallar dei dårar. Ein dåre er ein innbilsk person som ignorerer Gud, og det er med respekt å melda det dummaste eit menneske kan gjera, det er dårskap. Skulle han som har planta øyret og forma auget ikkje høyra og sjå? Skulle han som tuktar folka og som er opphavet til all kunnskap ikkje kunna refsa? Sanninga er: Herren ikkje berre høyrer og ser, men han er ein tankelesar av rang, han kjenner menneska sine tankar, og han veit at dei er tomme. Vers 11 stikk djupt, og kan brukast som ei overskrift over alt som heiter menneskeskapte religionar og ideologiar, alle tankar folk gjer seg om korleis verda er skrudd saman, korleis alt fungerer, korleis alt starta, kva som er rett og galt og kva som er meininga med livet. ALT menneske tenkjer ut om dette er tomt og innhaldslaust. Det manglar substans og sanning. Dette er også omtalt av Paulus i 1.Korintarbrev 1 der apostelen skriv at Gud gjennom forkynninga av evangeliet, og ved å frelsa dei som står lågt i samfunnet menneskeleg tala,  har synt at visdomen til dei vise her i verda er den reine dårskapen som ikkje har kraft til å løfta ei sjel opp av syndas pøl. Tvert om. 

søndag 18. juli 2021

Salme 93

v.1. Salme 93 er ei Herre-kongesalme. Her kjem universalismen klårt til uttrykk, Gud er den suverene kongen over heile jorda, ingen over, ingen ved sida, ingen ein gong i nærleiken i stordom og makt, og alle makter og herredøme, alle folkegrupper og enkeltpersonar står under Han, og er ansvarlege innfor han i eitt og alt. I sin stordom befestar Herren jorda slik at ho stor fast og ikkje kan rokkast. 

v.2. Guds truna står fast til evig tid. Ingenting av det som er skapt står fast til evig tid, berre Gud og dei menneska som har kopla seg til han og som av den grunn tilhøyrer han. 

v.3. Elvane står her som representantar for heile skaparverket, dei som med sitt livgjevande vatn har halde menneska i live gjennom tusenvis av år, og som har skapt mektige kulturar som den egyptiske, den babylonske, den kinesiske og induskulturen i dagens Pakistan. Desse elvane forkynner at Skaparen står over alt det skapte, og det er Han som skal ærast, ikkje skaparverket. 

v.4. Og Gud er ikkje berre til å beundra, han er ikkje berre til å hylla og anerkjenna, han er til å stola på. Det han har sagt er sant, og lovboda hans er pålitelege. Det går rett og slett bra for dei som held desse boda, og tilsvarande dårleg for dei som bryt dei. 

Å halda Herrens bod er ikkje lett i ei verd der det finst sterke krefter som bil motarbeida dei, snakka dei ned og gjera dei til latter. Difor treng alle som vil leva rett den kristne fellesskapen, kyrkjelyden, Herrens eige hus i verda. Saman står me så mykje sterkare enn kvar for oss. 

Kyrkja skal aldri opphøyra å eksistera fordi ho tilhøyrer Gud. Ho skal stå gjennom alle tider, og alle menneske må skunda seg å bli ein del av det som gjennom åra har vakse seg til verdas største internasjonale rørsle.  

torsdag 15. juli 2021

Salme 92,8-16

Første del av vers 8 skildrar eit vanleg fenomen, nemleg at urettferdige menneske har suksess i livet. Ja, dei fleste med suksess finn me i denne kategorien. Men det varer ikkje evig. Til slutt vert dei utrydda, dei møter sin dom og blir fråteke alt. Alle menneske har difor grunn til å vera audmjuke og knytta seg opp til han som er opphøgt til evig tid, han som ikkje kan utryddast (vers 9). Dei som gjer det, vil vara, slik som Herren varer. 

v.10. Herrens fiendar skal gå til grunne, og dei som gjer urett skal spreiast. Å gå til grunne er å gå evig fortapt. "Dei som gjer urett" er dei som brukar synda som ein reidskap til å skaffa seg makt og kapital. Desse skal sveikkast og tapa innflytelse. Det skjer når Guds Heilage Ande vert utrent over ein ein folkesetnad. Då vender ein stor prosent av menneska bort frå syndene sine og begynner å tru på Jesus, og Gud får makt. 

v.11. Men salmisten, som her representerer dei gudfryktige, får kraft som ein villokse. Det er litt av eit artig bilete. Ein villokse er ikkje til å spøka med, og det er heller ikkje ein kristen som er fylt av Den heilage ande, salva med den friskaste olje (bilete på Den Heilage Ande) som har er. Det skjer gode og mektige ting rundt eit slikt menneske.

Vers 12 skildrar salmisten i ein trugande situasjon. Han er blitt eit mål for fienden som har reist seg mot han. Dette er ei erfaring som kristne gjer seg når dei hevdar Guds ords sanning i samfunnet, og nokre gongar også i kyrkja. Dei får mektige fiendar som reiser seg mot dei og vil kvela stemma deira. 

v.13-16 er i same gate som vers 11. Dei rettferdige er dei som har eit rett høve til Gud og sin neste. Dei skal bli ein skog av mektige tre, som sedrar på Libanon, tre som er planta, trivest, veks og gror i Herrens føregardar, eit utruleg vakkert bilete på kyrkjelyden. Skogar er viktige. Dei produserer oksygen og fuktigheit, dei kjøler ned lufta slik at det kjem regn og dei sug opp regnvatn og forhindrar erosjon og øydelegging. Det er så mykje velsigning i ein skog. Dette er Guds idealbilete av si kyrkje. Der skogen vert borte, spreier ørkenen seg.  

Og for oss som er komne opp i åra, og som kanskje reddast for all  den veikskap som kan melda seg, er vers 15 som eit glas med kaldt vatn til ein tørst. Me skal bera frukt for Gud inn i vår alderdom. Det som er av Gud i oss skal halda seg friskt og produsera mykje nytt liv til Herren hentar oss heim. Her snakkar Herren om at me skal vera frodige, og det indikerer at me skal bera mykje frukt. 

Slik forkynner gamle truande at Herren er rettvis. Han held det han har lova i Salme 1. 

Og dessutan: Fruktberande kristne løftar alltid opp Jesus, og ikkje seg sjølve. Det er HAN dei forkynner, både gjennom liva sine og gjennom det dei seier med munnen. Ja, vitnemålet om Jesus er i seg sjølv den fremste av dei gode fruktene som dei byr fram for folk. 

Salmen blir avslutta med ei god vedkjenning til Herren. Han er fast som fjell og heilt gjennom rettferdig. Det er ingen urett hos han. Når dette ofte blir presisert slik i Salmane, er det fordi folk utrøytteleg jaktar på urett hos Gud, det ligg i vår gamle natur å gjera det, ja, det er ursynda i vår karakter, og den som ikkje er fødd på nytt av Guds Ande, har ingen motvekt mot dette i seg, og det evige klagemålet mot Gud tyt ut over alt, og dette er det me kan kalla menneske sin urett. 


tirsdag 13. juli 2021

Salme 92,1-7

v.1 Dette er ei salme for "sabbatsdagen", og det næraste me for vår del kjem i så måte er søndagen, dagen då me feirar Jesu oppstode samstundes som me kviler frå vårt arbeid. 

v.2 -4 Det er godt å takka og lovsyngja Herren. At det er godt, tyder at er ei god gjerning mot Gud. Andre plassar står det at det er rett å lovsynga Herren, og det som er rett, er godt. Når me lovar og takkar Herren, forkynner me hans miskunn og truskap. Me forkynner for oss sjølve, for kvarandre og for fiendemaktene. Lovsongen gleder Gud, byggjer opp trua hos oss sjølve, byggjer oss saman som kristne og held djevelen og hans åndehær i sjakk. Lovsongen skal lyda for Gud døgnet rundt, og gjerne til akkompagnement av eit strengeinstrument. 

v.5 Salmisten gleder eg over Guds verk. Det kan me gjera også, gleda oss over skaparverket med alt som naturen kan by på av ubegripeleg venleik og intelligent design, over Jesu frelsesverk, hans død og oppstode, over svar på bøn, over alt Gud har gjort i historia for at me også skulle få høyra evangeliet og blir frelst, og  me kan gleda oss over at evangeliet i dag går fram som aldri før mellom folkeslaga. Det som skjer er enormt stort. Men skal me gleda oss må me har erfaring og kunnskap. Erfaring får me når me ber, og når me gjer det som Herren byr oss om å gjera, og kunnskap om kva Gud gjer på misjonsfronten finn me lett som aldri før på nett. 

v.6 er ei undring. Salmisten får eit umiddelbart inntrykk av stordomen i Guds gjerningar, og djupna i tankane hans. Ingen kan måla Guds verk. Jesaja 40,12-17 seier at alt det som me reknar for stort, er smått for han, og ingen kan lodda djupna i hans tankar, skriv Paulus i Romarbrevet 11, 33-36. Men stundom får me eit inntrykk frå Den Heilage Ande, og me undrar oss og tilber pappaen vår som er den største og klokaste pappaen i heile universet. 

v. 7. Men den uforstandige forstår seg ikkje på dette. Den uforstandige, eller dåren, er ikkje eit mennesker med små intellektuelle evner, men ein person som ikkje er open for Gud. Han kan ikkje gleda seg over Guds verk og interesserer seg ikkje for Gud i det heile tatt. Hans ånd er død, og må vekkast til liv av Guds ord, og dette ordet kan han berre møta gjennom oss som har fått evig liv som ei gåve frå Gud.  




onsdag 7. juli 2021

Salme 91,9-16

v.9 repeterer for så vidt vers 1.

v. 10 er ein kraftig lovnad om Herrens vern som alle kristne kan halda fram for han i tider då det er skummelt. 

             
v.11-12 lærer oss om kva funksjon englane har i liva våre. Dei er under Guds kommando, og har som oppgåve å verna oss på alle våre vegar. Uansett kor me er, er Guds englar med oss. Dei ber oss på hendene slik at me ikkje snublar i hindringane som djevelen og hans englar kvar dag er travelt oppteken med å setja opp for oss.  

v. 13 lærer oss at Gud har plassert oss over dei vonde maktene slik at me kan trakka på dei overvinna dei når dei set inn på oss, eller når me set inn på dei. Minnar oss om Jesu ord i Lukas 10,18-19: "Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. 19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trakka på ormar og skorpionar og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk."

v.14 set opp eit vilkår for berging: me må halda oss til Gud, han som vernar dei som kjenner hans namn. Å kjenna Gud og Guds Son er det evige livet, seier Jesus i Johannes 17,3. Og det greske ordet for å kjenna, ginosko, betyr å kjenna slik som ektefeller kjenner kvarandre. Det er svært personleg.         

v.15-16  Det me har lese så langt i denne salma tyder ikkje at kristne blir skjerma for vanskar. Nei, les me her i vers 15, vanskar kjem på, men Herren er for det første med oss, han svarar oss når me ber, og til slutt frir han oss ut frå alt dette som skremmer oss. Og han går lenger enn å fria oss ut: Han gjev oss ære. Det er meir enn me kan fatta. Men det synest å vera ei lov: Gud ærar dei som ærar han.  
Korleis gjev han sine folk ære: Ved å metta dei med eit langt liv. Og det er ein lovnad me kan halda opp for Gud om me kjem i ein livstrugande situasjon. Men eit langt liv kan også tyda eit evig liv, eit evig liv i himmelen der me ser Jesus, han som er vår frelse.  
Men å sjå Guds frelse kan også å skjøna i djupet av sitt hjarta at det som Jesus gjorde for oss på krossen var nok til å frelsa meg og alle menneske, at han ved å døy for syndene mine, stå opp til mi rettferd og ved tru og dåp flytta inn i mitt liv, har gjort meg rein og rettferdig, himmelen verdig.  

          
   

tirsdag 6. juli 2021

Salme 91,1-8

 Vers 1-2. Kven er det som finn skjul hos Den Høgste, og ly i skuggen frå Den Veldige? Det er den som har trur på Herren Jesus, enkelt og greitt. Han er vår faste borg som med sin eigen kropp dekker oss mot Guds vreide, og mot alt og alle som vil gå laus på oss. 

v.3. Fuglefangaren er djevelen. Han legg ut sine snarer for å fanga oss. Men Herren veit kor dei er, og fører oss utanom dei. Men har me trossa hans ord, og likevel hamna i ei av djevelens snarer, set han i gong ein mektig redningsaksjon og frir oss frå dei. Ære til Jesus!

v.4. For nokre år sidan stod det ei vipe på plenen vår og passa på to av ungane sine som gjekk og leita etter makk. Då kom det eit ufyseleg regnvær, og vipemor løfta vengjene sine, og dei to små kom bort og pressa seg godt inn under mora sine vengjer der det var varmt og tørt. Mora tok av for været. Det er mykje lærdom i dette. Me er Guds barn, og han gjev oss fridom til å bevega oss rundt omkring. Men ikkje ver for sein med å søkja vern hos Gud i bøn når uværet bryt laust. Det er alltid plass for deg under vengjene hans, og han er van med å ta støyten for dei han elskar. 

v.5-7.  Når me er hos Gud med liva våre, tek han bort frykten vår slik at me kan kjenna oss trygge både natt og dag. For eit privilegium. Jo visst er det ting å vera redd for, jo visst flyg vantrua sine piler gjennom lufta, jo visst spreier djevelens løgner seg som ein pest i samfunnet og mørklegg menneskehjarto, jo visst er det plagsamt å vera vitne til alt dette,  men det skremmer oss ikkje fordi me lener oss mot Gud og høyrer hjarteslaga hans, og ingenting kan få oss til å forlata han. Hans kjærleik og hans gode ord er vår største rikdom, og djevelen vil aldri få makt over oss så lenge me held oss til Han. 

v.8 Djevelen kan forresten ikkje på eiga hand gjennomføra åtaka sine. Han må alliera seg med mennesker som har lytta til hans bedrageriske ord. Difor verkar det på oss som om åtaka kjem frå mennesker, men i røynda er det ikkje ein kamp mot kjøt og blod, skriv Paulus i Efesarbrevet 6, men mot makter og autoritetar, mot vondskapens åndehær i himmelrommet. Men sjølv om eit menneske let seg bruka av djevelen i å føra klagemål mot Guds barn, eller på anna vis påføra dei smerter og problem, vil det alltid stå ansvarleg for sine gjerningar, og til slutt får dei sin dom. 


søndag 4. juli 2021

Salme 90,13-17

 I vert 13 ber Moses Herren om å koma tilbake. Han lengta alltid etter Guds nærvær. Difor oppheldt han seg nesten alltid i tabernaklet, der Gud hadde sagt at han ville møte han. Alle me som er kristne lengtar etter Guds nærvær, og me lengtar etter at Jesus skal koma attende, og me ber: "Kom, Herre Jesus, kom!" Kor lenge? Ja, det veit me litt om no. "Og dette  evangeliet om riket skal forkynnast som eit vitnemål for alle folkeslag, så skal enden koma," seier Jesus i Matteus 24,14. Likevel ber me som me ber. Og korleis svarar han: Ved å koma nær oss ved sin Ande og fylla oss, inspirera oss, tenna oss, utrusta oss og senda oss ut i misjon til dei unådde folkeslaga, slik at han, når alt er fullført, kan koma att for å døma levande og døde og frelsa alle dei som trur. For ME skal ikkje koma for domen, me som trur på Jesus. Me møter berre medynk denne dagen, og for vår del skal det, når me kjem fram for Kristi domstol, berre fastsetjast løn. 

v.14. Guds barn mettast berre av Guds miskunn. Og Moses bed om at me kvar morgon må få ta til oss av Guds miskunn og bli fylt av hans kjærleik. Då blir me fylt av ein jubel og glede som pregar oss heile dagen. Dette er jo ei bøn som Herren gjerne oppfyller. Kvar morgon står han klar for å møta oss me si miskunn, med sin nåde i Jesus Kristus som han auser over oss når me søkjer han i Ordet, kallar på han og ber. Guds miskunn skaper glede og jubel i alle truande, og difor er gleda alltid grunnstemninga i Guds kyrkje, og dersom gleda manglar, er det fordi folk ikkje har metta seg med Guds miskunn.

V.15. Israel hadde vore kua i 400 år i Egypt. Var det Gud som hadde kua dei? Var det ikkje farao? Vel, alt som skjer i liva våre har noko med Gud å gjera. Ingen kan kua ein truande lenger enn Gud gjev løyve til. Her ber Moses altså om at Gud må gleda Israel like lenge som han hadde kua dei, altså i 400 år. Kva svarte Gud? Med å senda Sonen sin og etablera ei glede som aldri tek slutt, ei glede for heile folket, som det heiter i juleevangeliet.

v.16 -17 er ei bøn om at me må lukkast når me går ut i misjon, om at Gud må gjera si gjerning gjennom oss, at me ikkje må belaga oss på våre eigne føresetnader, men på Guds, at me ikkje må stola på vår eiga kraft, vår eigen kreativitet, vår eigen fantasi, pengane våre eller kva det skal vera, men på Guds kraftfulle nærvær og omsorg. Guds gjerning vart til dei grader synleg gjennom Jesus og apostlane sine liv, og effekten av deira teneste var enorm. Johannes skriv så levande om Jesus at "me såg hans herlegdom, den herlegdomen som ein Son har frå Far sin, full av nåde og sanning". Lat oss kvar einaste dag be denne Mosesbøna: "Lat DI gjerning bli synleg for oss når me tener deg, og din herlegdom for barna våre. Må du vera venleg mot oss, og lat det lukkast for oss. Amen!" 
          
   
 

lørdag 3. juli 2021

Salme 90,1-12

Denne salme er skriven av gudsmannen Moses, mest truleg han me kjenner frå før. Det var jo ikkje mange andre som bar dette namnet i Den gamle pakts tid. 

Vers 1-2 lærer oss to ting: 1) at Gud er evig, og 2) at han er ein bustad (a dwelling place) for sine truande barn. Me tenkjer på universet, og nokre meiner at det er 13 milliardar år gamalt. Det kan ikkje vera så lett å vurdera slikt, tenkjer no eg, men i alle fall: Gud er eldre enn det, og han er opphavet til det heile. Det er vår kristne tru. ALT har sitt opphav i Gud. Då kan alt endra seg i oss og rundt oss, men Gud endrar seg aldri. Han er den same. Det kan me stola på. 

Gud er GUD for alt han har skapt, den høgste autoritet, verdas frelsar og domar, og det er han "frå æve og til æve!" 

Men Gud er ein kvilestad for oss som trur. Jesus sa: "Kom til meg alle de som strevar og ber tung bører, hos meg skal de få kvila dykk ut." Og med det har han sagt kven han er: Den evige Gud. For det er HAN som er vår kvilestad. 

Bibelen har eit linjert historiesyn. Tida går frå noko og til noko. I æva før skapinga var berre Gud. I æva etter domen, er Gud saman med englane, alle frelste menneske i eit fantastisk nyskapt univers. Då er det tid for "ein nye himmel og ei ny jord," og det blir moro. Det vil eg gjerne vera med på. 

v.3-6. Det er Gud som er Herre over liv og død. Å bebreida han for at han let menneska døy, unge eller gamle, er heilt meiningslaust. Dette er hans domene, ikkje vårt. Men når me trenger inn på dette hans område og tek saka i eigne hender og drep eit medmenneske, blir me ikkje berre mordarar, men himmelstormarar, me prøver å tilrana oss Guds plass i tilværet. Det er eit opprør. 

Men liva våre er i Guds hand, og me vender ikkje attende til mold før han bestemmer, så sant me då ikkje blir utsette for drap. 

Men livet er kort og skjørt, det vil Moses ha sagt. Det kan best samanliknast med ei nattevakt, ein ekstra blund om morgonen, eit grasstrå som blomstrar den eine dagen og visnar den neste. Og dette er erfaringa vår også. Livet er ubehageleg kort. Og har me ikkje linka oss opp til den evige Gud, er me totalt fortapte den dagen han klipper over "sølvtråden". 

Tida renn som ei elv som ubønhøyrleg tek oss med til nye destinasjonar, og til slutt ventar døden. Etter det er me anten hos Gud eller i dødsriket for å venta på den endelege domen. Vers 7 syner at Guds vreide er frykteleg for dei som kjem til å erfara denne.

v.7-8.  På ein måte er døden i seg sjølv eit uttrykk for Guds vreides dom over vår syndige karakter og natur. Men det er ingenting sett opp mot den andre døden som råkar alle vantruande, alle som ikkje har elska Guds openberring. For ingenting som me har gjort, tenkt, sagt, meint og vore med på er skjult for Gud. Alle våre synder og misgjerningar er synlege for han så lenge me prøver å skjula dei for han og nektar å venda om frå dei. Men den dagen me sannar dei, slettar han dei ut (Salme 32). 

v.9-12 Repeterer kor kort dette livet er, at aldring og død er ein dom over synda, ei tankerekkje som kulminerer i ei bøn om visdom slik at me kan læra å telja dagane våre. Og det er lett, det er å telja til 1. Herren Jesus seier at me har berre denne eine dagen til rådvelde. Morgondagen kjenner ingen utan Gud. Visdomen er å ha alt rett med Gud i dag, og leva som om kvar dag er den siste, alltid reiseklar. Og til slutt kjem den dagen som faktisk blir den siste i liva våre, og har me levd slik, flyttar me den dagen heim til Gud.