søndag 4. juli 2021

Salme 90,13-17

 I vert 13 ber Moses Herren om å koma tilbake. Han lengta alltid etter Guds nærvær. Difor oppheldt han seg nesten alltid i tabernaklet, der Gud hadde sagt at han ville møte han. Alle me som er kristne lengtar etter Guds nærvær, og me lengtar etter at Jesus skal koma attende, og me ber: "Kom, Herre Jesus, kom!" Kor lenge? Ja, det veit me litt om no. "Og dette  evangeliet om riket skal forkynnast som eit vitnemål for alle folkeslag, så skal enden koma," seier Jesus i Matteus 24,14. Likevel ber me som me ber. Og korleis svarar han: Ved å koma nær oss ved sin Ande og fylla oss, inspirera oss, tenna oss, utrusta oss og senda oss ut i misjon til dei unådde folkeslaga, slik at han, når alt er fullført, kan koma att for å døma levande og døde og frelsa alle dei som trur. For ME skal ikkje koma for domen, me som trur på Jesus. Me møter berre medynk denne dagen, og for vår del skal det, når me kjem fram for Kristi domstol, berre fastsetjast løn. 

v.14. Guds barn mettast berre av Guds miskunn. Og Moses bed om at me kvar morgon må få ta til oss av Guds miskunn og bli fylt av hans kjærleik. Då blir me fylt av ein jubel og glede som pregar oss heile dagen. Dette er jo ei bøn som Herren gjerne oppfyller. Kvar morgon står han klar for å møta oss me si miskunn, med sin nåde i Jesus Kristus som han auser over oss når me søkjer han i Ordet, kallar på han og ber. Guds miskunn skaper glede og jubel i alle truande, og difor er gleda alltid grunnstemninga i Guds kyrkje, og dersom gleda manglar, er det fordi folk ikkje har metta seg med Guds miskunn.

V.15. Israel hadde vore kua i 400 år i Egypt. Var det Gud som hadde kua dei? Var det ikkje farao? Vel, alt som skjer i liva våre har noko med Gud å gjera. Ingen kan kua ein truande lenger enn Gud gjev løyve til. Her ber Moses altså om at Gud må gleda Israel like lenge som han hadde kua dei, altså i 400 år. Kva svarte Gud? Med å senda Sonen sin og etablera ei glede som aldri tek slutt, ei glede for heile folket, som det heiter i juleevangeliet.

v.16 -17 er ei bøn om at me må lukkast når me går ut i misjon, om at Gud må gjera si gjerning gjennom oss, at me ikkje må belaga oss på våre eigne føresetnader, men på Guds, at me ikkje må stola på vår eiga kraft, vår eigen kreativitet, vår eigen fantasi, pengane våre eller kva det skal vera, men på Guds kraftfulle nærvær og omsorg. Guds gjerning vart til dei grader synleg gjennom Jesus og apostlane sine liv, og effekten av deira teneste var enorm. Johannes skriv så levande om Jesus at "me såg hans herlegdom, den herlegdomen som ein Son har frå Far sin, full av nåde og sanning". Lat oss kvar einaste dag be denne Mosesbøna: "Lat DI gjerning bli synleg for oss når me tener deg, og din herlegdom for barna våre. Må du vera venleg mot oss, og lat det lukkast for oss. Amen!" 
          
   
 

Ingen kommentarer: