lørdag 3. juli 2021

Salme 90,1-12

Denne salme er skriven av gudsmannen Moses, mest truleg han me kjenner frå før. Det var jo ikkje mange andre som bar dette namnet i Den gamle pakts tid. 

Vers 1-2 lærer oss to ting: 1) at Gud er evig, og 2) at han er ein bustad (a dwelling place) for sine truande barn. Me tenkjer på universet, og nokre meiner at det er 13 milliardar år gamalt. Det kan ikkje vera så lett å vurdera slikt, tenkjer no eg, men i alle fall: Gud er eldre enn det, og han er opphavet til det heile. Det er vår kristne tru. ALT har sitt opphav i Gud. Då kan alt endra seg i oss og rundt oss, men Gud endrar seg aldri. Han er den same. Det kan me stola på. 

Gud er GUD for alt han har skapt, den høgste autoritet, verdas frelsar og domar, og det er han "frå æve og til æve!" 

Men Gud er ein kvilestad for oss som trur. Jesus sa: "Kom til meg alle de som strevar og ber tung bører, hos meg skal de få kvila dykk ut." Og med det har han sagt kven han er: Den evige Gud. For det er HAN som er vår kvilestad. 

Bibelen har eit linjert historiesyn. Tida går frå noko og til noko. I æva før skapinga var berre Gud. I æva etter domen, er Gud saman med englane, alle frelste menneske i eit fantastisk nyskapt univers. Då er det tid for "ein nye himmel og ei ny jord," og det blir moro. Det vil eg gjerne vera med på. 

v.3-6. Det er Gud som er Herre over liv og død. Å bebreida han for at han let menneska døy, unge eller gamle, er heilt meiningslaust. Dette er hans domene, ikkje vårt. Men når me trenger inn på dette hans område og tek saka i eigne hender og drep eit medmenneske, blir me ikkje berre mordarar, men himmelstormarar, me prøver å tilrana oss Guds plass i tilværet. Det er eit opprør. 

Men liva våre er i Guds hand, og me vender ikkje attende til mold før han bestemmer, så sant me då ikkje blir utsette for drap. 

Men livet er kort og skjørt, det vil Moses ha sagt. Det kan best samanliknast med ei nattevakt, ein ekstra blund om morgonen, eit grasstrå som blomstrar den eine dagen og visnar den neste. Og dette er erfaringa vår også. Livet er ubehageleg kort. Og har me ikkje linka oss opp til den evige Gud, er me totalt fortapte den dagen han klipper over "sølvtråden". 

Tida renn som ei elv som ubønhøyrleg tek oss med til nye destinasjonar, og til slutt ventar døden. Etter det er me anten hos Gud eller i dødsriket for å venta på den endelege domen. Vers 7 syner at Guds vreide er frykteleg for dei som kjem til å erfara denne.

v.7-8.  På ein måte er døden i seg sjølv eit uttrykk for Guds vreides dom over vår syndige karakter og natur. Men det er ingenting sett opp mot den andre døden som råkar alle vantruande, alle som ikkje har elska Guds openberring. For ingenting som me har gjort, tenkt, sagt, meint og vore med på er skjult for Gud. Alle våre synder og misgjerningar er synlege for han så lenge me prøver å skjula dei for han og nektar å venda om frå dei. Men den dagen me sannar dei, slettar han dei ut (Salme 32). 

v.9-12 Repeterer kor kort dette livet er, at aldring og død er ein dom over synda, ei tankerekkje som kulminerer i ei bøn om visdom slik at me kan læra å telja dagane våre. Og det er lett, det er å telja til 1. Herren Jesus seier at me har berre denne eine dagen til rådvelde. Morgondagen kjenner ingen utan Gud. Visdomen er å ha alt rett med Gud i dag, og leva som om kvar dag er den siste, alltid reiseklar. Og til slutt kjem den dagen som faktisk blir den siste i liva våre, og har me levd slik, flyttar me den dagen heim til Gud. 


 


Ingen kommentarer: