torsdag 15. juli 2021

Salme 92,8-16

Første del av vers 8 skildrar eit vanleg fenomen, nemleg at urettferdige menneske har suksess i livet. Ja, dei fleste med suksess finn me i denne kategorien. Men det varer ikkje evig. Til slutt vert dei utrydda, dei møter sin dom og blir fråteke alt. Alle menneske har difor grunn til å vera audmjuke og knytta seg opp til han som er opphøgt til evig tid, han som ikkje kan utryddast (vers 9). Dei som gjer det, vil vara, slik som Herren varer. 

v.10. Herrens fiendar skal gå til grunne, og dei som gjer urett skal spreiast. Å gå til grunne er å gå evig fortapt. "Dei som gjer urett" er dei som brukar synda som ein reidskap til å skaffa seg makt og kapital. Desse skal sveikkast og tapa innflytelse. Det skjer når Guds Heilage Ande vert utrent over ein ein folkesetnad. Då vender ein stor prosent av menneska bort frå syndene sine og begynner å tru på Jesus, og Gud får makt. 

v.11. Men salmisten, som her representerer dei gudfryktige, får kraft som ein villokse. Det er litt av eit artig bilete. Ein villokse er ikkje til å spøka med, og det er heller ikkje ein kristen som er fylt av Den heilage ande, salva med den friskaste olje (bilete på Den Heilage Ande) som har er. Det skjer gode og mektige ting rundt eit slikt menneske.

Vers 12 skildrar salmisten i ein trugande situasjon. Han er blitt eit mål for fienden som har reist seg mot han. Dette er ei erfaring som kristne gjer seg når dei hevdar Guds ords sanning i samfunnet, og nokre gongar også i kyrkja. Dei får mektige fiendar som reiser seg mot dei og vil kvela stemma deira. 

v.13-16 er i same gate som vers 11. Dei rettferdige er dei som har eit rett høve til Gud og sin neste. Dei skal bli ein skog av mektige tre, som sedrar på Libanon, tre som er planta, trivest, veks og gror i Herrens føregardar, eit utruleg vakkert bilete på kyrkjelyden. Skogar er viktige. Dei produserer oksygen og fuktigheit, dei kjøler ned lufta slik at det kjem regn og dei sug opp regnvatn og forhindrar erosjon og øydelegging. Det er så mykje velsigning i ein skog. Dette er Guds idealbilete av si kyrkje. Der skogen vert borte, spreier ørkenen seg.  

Og for oss som er komne opp i åra, og som kanskje reddast for all  den veikskap som kan melda seg, er vers 15 som eit glas med kaldt vatn til ein tørst. Me skal bera frukt for Gud inn i vår alderdom. Det som er av Gud i oss skal halda seg friskt og produsera mykje nytt liv til Herren hentar oss heim. Her snakkar Herren om at me skal vera frodige, og det indikerer at me skal bera mykje frukt. 

Slik forkynner gamle truande at Herren er rettvis. Han held det han har lova i Salme 1. 

Og dessutan: Fruktberande kristne løftar alltid opp Jesus, og ikkje seg sjølve. Det er HAN dei forkynner, både gjennom liva sine og gjennom det dei seier med munnen. Ja, vitnemålet om Jesus er i seg sjølv den fremste av dei gode fruktene som dei byr fram for folk. 

Salmen blir avslutta med ei god vedkjenning til Herren. Han er fast som fjell og heilt gjennom rettferdig. Det er ingen urett hos han. Når dette ofte blir presisert slik i Salmane, er det fordi folk utrøytteleg jaktar på urett hos Gud, det ligg i vår gamle natur å gjera det, ja, det er ursynda i vår karakter, og den som ikkje er fødd på nytt av Guds Ande, har ingen motvekt mot dette i seg, og det evige klagemålet mot Gud tyt ut over alt, og dette er det me kan kalla menneske sin urett. 


Ingen kommentarer: