tirsdag 20. juli 2021

Salme 94,12-15

 v.12. Den som blir tukta av Gud, er eit lukkeleg menneske, for det er, i følgje Hebrearbrevet, 12 eit teikn på at han er Guds barn. Kva er det å bli tukta av Gud? Det er å bli opplært i hans lov, svarar salmisten. Som kristne elskar me Guds lov. Likevel treng me opplæring i korleis me skal leva etter henne, få åndeleg innsikt i kor rett og god og viktig denne lova er og kor skadeleg det er både for oss sjølve og andre når me bryt henne. Det er Den heilage ande som kan gje oss denne kunnskapen. Guds lov har sitt opphav i Guds kjærleik, og ingen kan seia at dei er leia av kjærleiken når dei lever i konflikt med Guds lover. Det er sjølvmotseiande. 

v.13 er ein herleg lovnad om at den som lever i Guds kjærleik og lyder Guds lover vil ha fred og gode dagar. I Jesaja 58 les me det same. Den som anerkjenner Guds lover vil ha ein fred djup som ein flod. Det må då vera freistande for einkvar å starta på ein slik livsstil. Den lovlause, den som ikkje anerkjenner Guds lover, går mot den evige døden, medan den rettferdige går mot det evige livet. 

v14. For Herren støyter ikkje frå seg folket sitt, og forlet ikkje sin eigedom. Ikkje ein gong i døden gjer han det. Å tilhøyra Jesus gjev oss difor fullkomen tryggleik for framtida og æva. 

v.15 er ein herleg lovnad: Det Gud seier er rett skal ein gong bli anerkjent av den enkelte og av samfunnsinsitusjonane. Difor skal Guds ord forkynnast frimodig. Sjølv om det møter motstand, har det sigeren i seg. Når alle ærlege av hjarta, dei som sannar syndene sine og elskar Jesus, lever etter Guds lover, vil Gud sigra i manges liv. 


Ingen kommentarer: