onsdag 27. april 2016

Salme 51,3-6

Bakgrunnen for denne salma kjenner dei fleste av oss godt. David hadde drive hor. Han hadde hatt seksuell omgang med Batseba, kona til Uria, og då Batseba vart gravid, sørga David for å få Uria drepen. Ei skikkeleg stygg sak. Han tenkte at han skulle koma unna med ugjerninga si, men lukkelegvis sende Gud profeten Natan til han, og avslørte han. Dette vart ein alvorleg vekkar for David, og Salme 51 er hans respons på denne.

Vers 3-4: Han ber Gud om nåde. Han er desperat. Skjønar at han har sett heile framtida si på spel, at han står i fare for å bli forkasta av Gud, at Gud lett kan ta Anden frå han. Anden mistrivst sterkt der synda vert akseptert. Du kan ikkje over tid leva på kant med Gud og tru at han blir verande hos deg. Slik fungerer dette ikkje.
Guds ord har bora seg djupt inn i kropp og sjel hos David, som eit tveeggja sverd har det kløyvd seg veg i sinnet hans og skilt mørkre frå lys, lygn frå sanning, og han er rysta inntil margen. Ordet har skapt eit jordskjelv i livet hans og brote ned alle forsvarsverk. Han bryt saman og ropar om benådning frå Den heilage Gud, og ber om at syndene hans skal takast bort frå han, og at han skal få leva med eit reint samvit og eit glad sinn.

v.5. Han prøver ikkje lenger å unnskylda, dekka over syndene sine eller bortforklara dei. Han erkjenner dei og sannar dei for himmelens Gud, gjev Gud rett i hans dom og vurderingar. Dette er vegen til ny fridom for alle falne Guds barn, og for alle menneske som kjem til Gud for første gong. Johannes skriv: "Dersom me sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urett." Kva er det å bli reinsa frå all urett? Det handlar om å få ein forvandla karakter, bli lik Jesus, bli eit menneske full av nåde og sanning, slik som han er det.

Den største åndelege pesten i våre dagar er menneska sin tendens til å døma Gud, vilja stilla han til rekneskap for det han gjer og for alt som skjer av vondt i verda. Det at folk held på med dette er eit symptom på at me har fjerna oss unendeleg langt bort frå Han, den einaste som elskar oss inntil døden og som kan gje oss det evige livet. Når Gud så kjem nær til oss menneske med sitt ord og sin Ande, blir alt klårt som krystall, nemleg at Gud er sanndru og alle menneske  løgnarar. Då tagnar alle klagemål mot Gud, kvar munn blir lukka og heile verda står skuldige innfor Gud. Me har synda i tankar, og og gjerningar, og så har me auka synda vår ved å skulda på Gud.

Men det er ME som har synda, det er ME som skaper problemer, og all synd er synd mot Gud åleine, for det er HANS lover me bryt, og synd er lovbrot, skriv Johannes.

David hadde brote det 6. og det 5. bodet. Han hadde brote ekteskapet, og han hadde myrda. Desse boda vert brotne i rikt mål kvar dag i vår tid. Folk som ikkje er gift lever som om dei var det, tilfeldig sex er uvanleg vanleg i Noreg, utruskap er heller ikkje noko sensasjon og folk går frå ektefellane og familiane i ein urovekkande høg skala. Og vedrørande det 5. bodet, du skal ikkje drepa, blir over 40 små barn vert drepne i mors liv kvar dag. Her er det mange som treng å kasta seg ned for Guds ansikt og naudbe han om nåde, og me ber enno ein gong: "Å Gud, må ditt lys fløyma over landet vårt, enno ein gong, please!"