onsdag 14. oktober 2020

Salme 89,19-30

v. 19: Dette verset er ein dublett. Kongen er eit skjold for folket sitt Ein konge som tilhøyrer Gud vernar folket sitt mot det vonde. 

 Å ha ein konge som høyrer Herren til er eit stort gode for eit folk, og for Israel var det slik at så lenge kongen tilhøyrde Herren, gjorde folket det også.

Som kristne tilhøyrer me Gud fordi me er i Kristus, Guds evige Son.  

Eg trur det er ei generell sanning av ein pastor står som ein mur mellom djevelen og kyrkjelyden han tener. Sviktar muren, er kyrkjelyden i fare.
Ein som skal vera leiar for Guds folk skal altså verna folket mot åtak frå synda, verda og djevelen. Det er ein krevjande posisjon. Han får mykje juling. Ingen treng Kristus som vern for sitt liv som ein kristen leiar, og han treng desperat kyrkjelyden si forbøn. Ein pastor ber jamnleg for  kvar enkelt i kyrkjelyden, og den enkelte i kyrkjelyden må dagleg be for pastoren sin. Slik må det vera om alt skal gå bra for alle. 

Vers 20-30 handlar om David, Guds Messias.
Innhaldet her er av ein slik art at det ikkje passar så godt på David. Dette er profetiske ord som peikar framover mot Jesus Kristus.
David var ein helt. Kristus var ein helt. Han er vår sanne helt som gjekk i døden for å frelsa oss frå evig fortaping, han er den som var utvald til dette frå æva av, og han vart salva med Anden til å forkynna fridom for alle oss som ved synda var bundne av djevelen, og for å gje oss synet og høyrsla attende slik at me kan sjå og høyra Gud, og lat oss elska av han. 
Herrens hand var hos Jesus slik at han kunne lækja dei sjuke, og Guds arm gav han styrke til å stå i stormane som kom over livet hans. No er han herleggjord, og ingen fiende kan plaga eller kua han lenger. Det kunne dei ikkje under hans jordeliv heller, ikkje meir enn han gav dei løyve til. 

Alle som går imot Jesus i dag gjer lurt i å ta dette inn over seg.  Den som hatar Frelsaren, har inga framtid.  

Men Guds truskap, miskunn og kraft er hos han, og dei som vil ha tak i dette, må overgje seg totalt til Han som faktisk har fått desse gåvene, ikkje berre for å nyta dei, men for å formidla dei til alle som kjem til han for å få frelse og evig liv. 

Vers 26-27 Jesus er ein mektig konge. Han råder over havet og elvane, som her helst representerer heile skaparverket. Ja, som han sjølv seier det: "Eg har fått all makt i himmel og på jord...". All makt! Hans rike er globalt, og han gjer krav på kvart einaste menneske som lever. Å stå imot han er å ekskludera seg sjølv for all framtid. 

v.28. Jesus er Guds førstefødde, han er Guds Son og Israels konge, ja alle kongars konge, vår himmelske Fars evige arving. Alle kongar og autoritetspersonar er hans vasallar, og dei må ein dag stå ansvarleg innfor Han med tanke på korleis dei har utøvd embeta sine, og korleis dei har levd liva sine elles. Jesus som frelste oss frå våre synder, er også den som skal dømma kvar sjel, og særleg dei med stort ansvar for andre. Arme den som då gjennom livet har forkasta hans kjærleik, nåde og herredøme. 

I vers 29 er det Far som snakkar, og han lovar alltid å gjera godt mot Sonen sin, og at pakta med den førstefødde står fast. Kva pakt? Den nye pakta, den som seier at alle som trur på Sonen skal få evig liv og vera Guds søner og døtre og Kristi medarvingar. 
          
v.30. Desse er hans ætt som skal haldast oppe til evig tid, og dei skal samlast om hans trone i ein evig lovsong som skal vara så lenge himmelen er til, dvs inn i æva.