Dette avsnittet gjev oss eit oversyn over Jesu slektstavle, og lenkjer Det nye testamentet solid til Det gamle testamentet.
Vers 1 markerer at Jesus er etterkomar av David og Abraham, dei to mest sentrale personane i jødefolket sin historie. Abraham er stamfar nr.1, og kong David var den rettferdige kongen som regjerte over eit rike som er langt større enn dagens Israel. Jesus var etterkomarar etter dei begge, og kom for å verkeleggjera det desse to hadde stått for og fått openberringar om.
Vers 2-17 utgjer sjølve slektstavla bak til Abraham. Matteus markerer at det er 14 ledd mellom Abraham og David, 14 mellom David og eksilet i Babylon og 14 ledd mellom bortføinga skjedde til Jesus Meesias vart fødd.
Kanskje vil han med dette antyda at det er ein viss matematisk rytme i det Gud gjer. Mange har vore inne på det. Det er i alle fall ein eigen talsymbolikk i Bibelen der 7-talet er eit fullkome tal, og 14 er jo det doble av 7, kva no enn det måtte bety.
Det er tre kvinner som er nemnde i Jesu ættetavle: Rahab, kanaanearkvinna som levde som prostituert før ho vart innlemma i Israel , Rut som var ei moabittiske heidningekvinne og "kona til Uria", Batseba, som David hadde eit illegitimt forhold til, ei historie som gjorde han ansvarleg for Urias død.
Jesu slekt var som andre slekter, full av litt av kvart. Men Gud vaka både over aktørane, og over det som hende, og let seg ikkje hindra av synd og uforstand. Går me gjennom kongerekka her finn me folk som gjorde forferdelege ting, som svikta Gud, landet og folket sitt. Det var regelen meir enn unnataket. Men i denne falne og frynsete slekta vart Jesus fødd inn for å frelsa alle falne syndarar, og det gjorde han ved å identifisera seg med dei. Men det skal me koma rikeleg attende til seinare.