tirsdag 6. september 2022

Salme 111,4-6

 4 ז Han har skapt seg eit namn ved sine under,

          ח Herren er nådig og mild.
          
   
  5 ט Han gjev mat til dei som fryktar han,
          י han minnest si pakt til evig tid.
          
   
  6 כ Han viste sitt folk kor mektig han var
          ל då han gav dei det andre folk eigde.

v. 4. Bibelen er  ikkje berre ei underfull bok, ho er ei bok full av under. Fjerna du underet frå Bibelen, sit du att med permane, sa Åge Åleskjær i si tid. Skapinga, fedrehistoria med Abraham, Isak, Jakob, vidare forteljingane om Josef, Moses, Josva, dommarane, kong David, profetane, Jesus sjølv og apostlane. Det hagla med under, og gjennom undergjerningane sine skapte Herren seg eit stort namn i generasjon etter generasjon. Når det står her at Herren skaper seg eit namn, så meinest det sjølvsagt at han skaper seg berømmelse. Me såg jo dette på Jesu tid. Hans undergjerningar gjorde han kjent, og snart hadde alle hans namn på tunga.  
Dette lærer oss at skal Herrens namn bli stort i vår tid, så skjer det ved at menneska erfarer hans undergjerande kraft. 70% av alle som kjem til tru på Jesus gjer det etter å ha erfart eit mirakel i liva sine. Underet får dei til å føla seg elska av Gud, og alle som føler seg elska av Gud, overgjev seg til han. Intellektuelle forklaringar er ikkje nok for folk. Dei må få erfara Gud, erfara at han er mild og nådig.
v.5. Me er på veg inn i ei dyrtid. Matprisane skyt i været månad for månad. Mange i Europa er redde for ikkje å ha nok pengar til det livsnaudsynlege. Til dette må me som truande menneske seia: No er tida inne for alle å venda om til Gud og hans bod, for han aktar å sørga for dei som fryktar han. Den lovnaden vil han å halda nøye. Det er ein del av den pakta han inngått med oss gjennom Jesus. Denne pakta omfattar nemleg tilgjeving, fred, barnekår, kraft til teneste og dagleg omsorg. 
v.6. handlar om krigsbyte. Israels krigar kan me lesa om i Det gamle testamentet. Så lenge israelittane heldt seg til Gud og hans bod, sigra dei i slaga som dei kjempa. Då kunne dei ta ut krigsbyte som dei fordelte seg i mellom. Denne tida er over. Det høyrde med til den gamle pakts tid. I den nye pakt skjer fordeling av rikdom ved at dei som har mykje deler med dei som har lite. Det er nok ein langt betre versjon. Desse økonomiske prinsippa kan me lesa om mange plassar i Det nye testamentet, m.a. i 2.Korintarbrev 8 og 9. Men også i Det gamle testamentet vert både rike og fattige oppmuntra til å vera gavmilde, og Gud presiserer gong på gong at han vil velsigna dei gavmilde slik at dei alltid har nok til å gje enno meir. Herleg. Dette har eg erfart. 


Ingen kommentarer: