4 ז Lys bryt fram i mørkret for dei rettvise,
ח for den som er nådig, mild og rettferdig.5 ט Det går vel med den som villig gjev lån,
י den som steller sine saker rett.
6 כ Han skal aldri i æve vakla,
ל den rettferdige blir alltid hugsa.
7 מ Han er ikkje redd for vonde rykte,
נ hans hjarte er roleg og trygt i Herren.
8 ס Hans hjarte er grunnfest, utan frykt.
ע Til slutt får han sjå at fienden fell.
9 פ Han strør ut, han gjev til dei fattige,
צ hans rettferd skal alltid vara,
ק stor og herleg blir hans makt.
10 ר Den urettferdige ser det og blir sint,
ש skjer tenner og veiknar bort.
ת Det dei urettferdige trår etter, blir til inkjes.
Dette avsnittet skildrar ein livsstil som Gud
likar og velsignar. Enkelt kan me seia: Det handlar om å vera ærleg i
pengesaker, handsama folk mildt, nådig og rettferdig, og leva som eit raust og
gavmildt menneske. Den som lever slik vil ha Guds lys. Dei lever og frydar seg
i Guds ufattelege kjærleik og nåde, og erfarer at Gud gjev visdom, kunnskap og
innsikt i dei vanskelegaste og mest krevjande saker som menneskelivet byr på.
Det gjev dei stor makt og innflyting i samfunnet (v.9).
Sanne kristne menneske er gjevarar (v.5 og 9).
Dei er inspirerte av Gud som strør ut og gjev til dei fattige, og av Jesus, han
som vart fattig då han var rik for at me ved hans fattigdom skulle bli rike, og
som dessutan alltid var oppteken av å formidla tilgjeving og lækjedom til
folket.
Dei som lever slik er urokkelege. Dei står fast
i Gud, og er grunnfesta og trygge menneske som aldri vaklar, og dei vil bli
hugsa for sin godleik lenge etter sin død. Dei er ikkje redde for vonde rykter.
Det er to grunnar til det. Guds lover er gode, og vernar oss effektivt mot alle
klagemål når me lever etter dei. Kva skulle folk ha å seia på dei som gjer det
gode? Det er vanskeleg å finna gode argument mot godleik. For det andre lever
dei transparent, og sannar syndene sine når dei forgår seg. Difor er dei rolege
og trygge i Herren, stolar på Jesu frelse og lever ved hans kross. Det gjev dei
ein stor stabilitet dei får hos Gud. Den som er grunnfesta i Guds nåde, i Guds
ord og i Guds kyrkje er godt grunnfesta og kan ri av kvar einaste storm som
måtte koma.
Sanne kristne trår ikkje etter goder, men etter
rettferd, som i bibelsk samanheng betyr at dei lengtar etter å møta folk på
deira djupaste åndelege og menneskelege behov.
Jakta på goder er egoistisk syndig. Og dessutan er alle godene
forgjengelege. Rettferda uforgjengeleg. Alle som trår etter goder vil gå til
grunne saman med godene. Men den som trår etter rettferda, vil vara evig, slik
som Gud og rettferda er evig.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar