mandag 17. oktober 2022

Salme 113

 Halleluja!

          Syng lovsong, Herrens tenarar,
          pris Herrens namn!
          
   
  2 Velsigna vere Herrens namn
          frå no og til evig tid!
          
   
  3 Der sol går opp og sol går ned,
          skal Herrens namn vera lova.
          
   
  4 Herren er opphøgd over alle folkeslag,
          hans herlegdom er høgare enn himmelen.
          
   
  5 Kven er som Herren vår Gud,
          han som tronar i det høge
          
   
  6 og ser i det djupe
          – kven i himmelen, kven på jorda?
          
   
  7 Han reiser den veike opp av støvet
          og lyfter den fattige frå dungen.
          
   
  8 Han gjev dei plass blant stormenn,
          dei store i sitt folk.
          
   
  9 Den barnlause lèt han bu i huset
          som lukkeleg mor til ein barneflokk.
          Halleluja!

Salme 113 er den første salma i "det vesle hallel" (Salme 113-118) som jødane song kvar påske då dei åt påskemåltidet sitt. 
"Hallel" er forkorting av "halleluja" som denne salma startar ut med. Det er ein god plass å begynna for oss alle. Me prisar Herren var morgongry, utover dagen og i kveldinga, som me kan lesa ut av vers 3. Herrens namn er eit frelsarnamn, og som eg har skrive før, har du hans signatur på livet ditt, er du frelst. Og kven har Herrens signatur? Alle som kallar Herrens namn. Så enkelt. Påkallar du Jesus? Då er du frelst, totalt inndekka av Jesus sjølv. For hans namn innbefattar heile hans person og hans frelsesverk. 
v.4. At Herren er opphøgd over alle folkeslag betyr at han er alles Gud. Igjen må me sitera starten av Misjonsbefalinga: "Eg har fått all makt i himmel og på jord.." Makt til å tilgje, makt til å kalla, makt til å gje lover, makt til å lækja, makt til å setja fri, makt til å dømma. Og dette må kunngjerast for folkeslaga slik at dei kan venda om til han og sverga han truskap. 
v.6-7. Og for ein konge han er. Ikkje ein distansert despot, men ein medfølande og nærverande Far som ser i det djupe, ja, til dei som er djupast nede på samfunnsstigen, og ikkje berre det, han ser ned i einkvar avgrunn som opnar seg i den enkeltes liv. Korleis kan han det? For han har vore i det djupaste djup og proklamert sitt rike også der. Og er du der, i avgrunnen, så er ikkje Jesus berre saman med deg, han er der for å frelsa deg ut av fortvilinga, løfta deg opp frå dungen og setja føtene dine på fast grunn. 
v.8. Ja, han går enno lenger her. Han plasserer deg saman med stormenn i ditt folk, og i Guds rike er det dei audmjuke som har størst innflytelse. 
v.9. er eit vidunderleg vers for alle små kyrkjer som ikkje har erfart vekking på årevis, kanskje aldri, men som lengtar og ber etter at det skal skje, at dei skal bli fruktbare i den forstand at dei blir kapable til å vinna menneske for Kristus og leggja dei til kyrkjelyden. Det skal skje. Ein dag losnar det. Ein dag kjem den krafta og det livet frå Gud over kyrkja som skal til for at ho skal bli mor til nye barn og føda nye liv. Denne sanninga held me fast med og prisar Herren for. Halleluja. 

Ingen kommentarer: