mandag 24. oktober 2022

Salme 115,2-8

   2 Kvifor skal folka seia:

          «Kvar er deira Gud?»
          
   
  3 Vår Gud er i himmelen,
          alt han vil, det gjer han.
          
   
  4 Gudebileta deira er av sølv og gull,
          menneskehender har laga dei.
          
   
  5 Dei har munn, men kan ikkje tala,
          dei har auge, men kan ikkje sjå.
          
   
  6 Dei har øyre, men kan ikkje høyra,
          dei har nase, men kan ikkje lukta.
          
   
  7 Dei har hender, men kan ikkje føla,
          dei har føter, men kan ikkje gå,
          dei har ikkje lyd i strupen.
          
   
  8 Slik blir òg dei som lagar dei,
          og alle som set si lit til dei.

Tanken er slik i dette avsnittet: Det som skil Israels Gud frå andre gudar, er at han er transendent og usynleg. Avgudane derimot er laga av stokk og stein og godt synlege. Men problemet med dei er at dei er livlause, dei er kraftlause løgngudar, ikkje høyrer dei, ikkje ser dei og dei kan korkje snakka eller agera, og alle som lagar og dyrkar dei, blir som dei, kraftlause og livlause. 
Israels Gud derimot er ein levande Gud. Han kan ikkje målast og vegast og studerast utover det han sjølv openberrar av seg sjølv. Han er i himmelen, og han gjer det han vil. Ingen kan styra over han eller kontrollera han på nokon måte.  Men han kan påverkast, og han ønskjer å bli påverka. Difor har han gjeve oss retten til å be, og vil at me skal nytta denne retten flittig, ja, til ei kvar tid. For det er ein ting her som kanskje ikkje er så lett å forstå, men som likevel er slik: Når Guds barn ber, opnar dei for at Gud skal kunna gjera sine gjerningar. Det har samanheng med noko som står seinare i denne salma: "Himmelen er Herrens himmel, men jorda gav han til menneska." Kva vil så Herren? Han vil svara positivt på sine barns bøner. Han elskar det. Gud er ein god Gud som høyrer, ser, talar og handlar. Kvifor må folkeslaga spørja kor Gud er? Det skulle ikkje vera naudsynt. For dersom me som hans barn lærer oss å leva i bøn, vil folk lett erfara Gud i møte med oss, me som har han i oss og som faktisk er Kristi kropp i verda. 

Ingen kommentarer: