tirsdag 1. november 2022

Salme 115,9-18

 9 Stol på Herren, Israel!

          Han er deira hjelp og skjold.
          
   
 10 Stol på Herren, Arons hus!
          Han er deira hjelp og skjold.
          
   
 11 Stol på Herren, de som fryktar han!
          Han er deira hjelp og skjold.
          
   
 12 Herren hugsar på oss, han velsignar.
          Han velsignar Israels hus,
          han velsignar Arons hus.
          
   
 13 Han velsignar dei som fryktar Herren,
          dei små og dei store.
          
   
 14 Måtte Herren la dykk auka i tal,
          både de og borna dykkar!
          
   
 15 De er velsigna av Herren,
          han som skapte himmel og jord.
          
   
 16 Himmelen er Herrens himmel,
          men jorda gav han til mennesket.
          
   
 17 Dei døde prisar ikkje Herren,
          alle dei som går ned til det stille landet.
          
   
 18 Men vi velsignar Herren
          frå no og til evig tid.
          Halleluja!
Desse versa deler Israel inn i tre ulike grupper: "Israel", "Arons søner" og "dei som fryktar Herren". Israel er etterkomarane etter dei 12 patriarkane, det som me i dag vil kalla etniske jødar, Arons sønner er prestane og dei som fryktar Herren er proselyttar, heidningar som hadde gått over å tru på Israels Gud og leva etter Skriftene. 
Alle grupper blir oppfordra til å stola på Herren, og det med god grunn. Han er deira hjelp og deira skjold. 
For Herren er ein Gud som velsignar alle som stolar på han og søker hjelp og tilflukt hos han. Han let dei auka i tal. Det er ein effekt av Herrens velsigning.
Difor ber me Herren om å velsigna oss også, slik at me aukar i tal. At me ikkje stagnerer korkje som familiar eller kyrkjelydar, men erfarer vekst og den gleda som følgjer med veksten. 
Vers 18 er eit viktig innskot her. Himmelen er Herrens himmel. Der regjerer Gud uinnskrenka. Der er det ingenting som er smitta av vondskap. Jorda derimot gav han til oss menneske. Ho er vårt domene. Her er det me som regjerer. Det les me også i 1.Mos. 1,26-28. "Han sette dei til å råda," les me om dei første menneska. Og Gud kunne ikkje sånn utan vidare overta jorda då menneska synda og la seg inn under djevelen. Skulle Gud med rette overta makta på jorda, måtte han gjera det som eit menneske. Og då forstår me meir det Jesus seier før han fòr opp til himmelen: "Eg har fått all makt i himmel og på jord...." Gudmennesket Jesus er no den som rår både i himmelen og på jorda, og han styrer historia mot den dagen då hans makt er proklamert for alle folk og nasjonar, og då kjem han att for å dømma levande og døde. 
v.17-18. "Dei døde" er dei fortapte. Dei har det kjenneteiknet at dei ikkje prisar Herren. 
v.19. Men me som er frelste, me ber det kjenneteiknet at me ikkje kan anna enn å prisa han, ja, dag og natt, og det skal me halda på med i all æva.

Ingen kommentarer: